Hopp til innhold

Ny rapport: Store forskjellar i rehabiliteringstilbodet i Noreg

Ein ny rapport viser at det kan vere postnummeret ditt som seier kva tilbod du får om rehabilitering. No ynskjer 20 pasient- og brukarorganisasjonar at styresmaktene tar tak.

Carine Ødegaard og Sigurd Øien
Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Ein ny rapport viser at stadig fleire vert redda frå alvorlege skader og sjukdom. Samtidig vil det bli eit aukande behov for rehabilitering i helsetenesta.

– Eit redda liv skal også levast, men slik er det ikkje for alle, seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

Ei som opplevde å få livet snudd på hovudet etter ei alvorleg ulukke er Carine Øien-Ødegaard (34). For åtte år sidan hadde ho eit stygt fall ut eit vindauga og vart lam ifrå livet og ned.

Etter ulukka fekk ho rehabilitering på Sunaas sjukehus.

Der fekk ho oppfølging av fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog og Nav.

– God rehabilitering betydde alt for meg. Ein må starte livet heilt på nytt og då var det godt å ha nokon som visste kva eg trong, seier ho.

Øien-Ødegaard seier ho hadde spesielt god nytte av Nav arbeid som hjelpte å skrive søknadar, be om tilrettelegging og komme seg inn i arbeidslivet.

– Å komme seg inn på arbeidsmarknaden er utfordrande for alle som er nyutdanna, men spesielt i ein slik situasjon som eg var i, seier ho.

Carine Ødegaard

Øie-Ødegaard var ni månader på Sunnaas sjukehus etter ulukka.

Foto: Privat

Øie-Ødegaard opplevde å få god hjelp og støtte då ho trengde rehabilitering. Ho trur ikkje ho fekk noko særbehandling, men tvilar på at alle får den same hjelpa i dei ulike kommunane.

Ulikt tilbod i kommunane

At det er store kommunale forskjellar i rehabiliteringstilboda kjem fram i ein ny rapport frå FFO. Rapporten er laga i samarbeid med 20 ulike pasient- og brukarorganisasjonar.

Rapporten seier at ein i åra framover vil ha stadig fleire som treng rehabilitering, samtidig er fleire kommunar dårleg rusta til å gje det tilbodet dei skal til innbyggarane.

Det er stor geografisk variasjon i tilbodet, og i praksis er det kor du bur som avgjer kva slags tenester du får ifølge rapporten.

Blant anna viser rapporten at pasientane ikkje har likeverdig tilgang til spesialisert rehabilitering.

Tal pasientar som får rehabilitering i spesialisthelsetenesta varierer mellom helseregionane frå 7,6 (Helse vest) til 12,7 (Helse Midt) per 1000 innbyggarar.

I tillegg har fleire kommunar utfordringar med å skaffe den kompetansen dei treng for å gje eit godt rehabiliteringstilbod.

Eit redda liv skal også levast

– Det finst mange gode tilbod, men det er på langt nær alle som kan bruka dei, seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes fellesforbund.

Lilly Ann Elvestad

Elvestad meiner at regjeringa ikkje har gjort nok og krev at rett til rehabilitering blir lovfesta.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Ho seier rehabilitering er svært lønnsamt for samfunnet då det bidreg til å få pasientane tilbake i samfunnet.

– Om ein ikkje får tilbod om rehabilitering kan fleire kan bli avhengige av hjelp, prega av smerter og bli sittande å venta på hjelp som ikkje kjem. Det kan gå hardt utover livskvaliteten, seier Elvestad.

FFO er ein paraplyorganisasjon for fleire brukar- og pasientorganisasjonar. Dei høyrer stadig historier om pasientar som ikkje får tilbod om rehabilitering, vert ståande på lange ventelister eller som bur i kommunar som ikkje har god nok kompetanse.

– Rehabilitering blir nedprioritert av både kommunane og regjeringa. Me treng ein nasjonal plan og ei lovfesta rett til rehabilitering, seier Elvestad.

– Rehabilitering er viktig for regjeringa

Det seier statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet Erlend Svardal Bøe.

Erlend Svardal Bøe

Statssekretæren seier at god rehabilitering er viktig for regjeringa og at dei har sett i gang fleire tiltak for å sikre god rehabilitering for alle.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

Han har ikkje hatt tilgang til rapporten, men seier at dei er i gang med å evaluere regjeringa sin opptrappingsplan for rehabilitering frå 2017–2019.

Han seier evalueringa har vist at det er forskjellar i tilbodet i kommunane, men også at fleire kommunar har fått ein rehabiliteringsplan.

– Rehabilitering er viktig for at folk skal meistre sitt eige liv. Det har me bidratt til ved å sette krav til kommunane, seier Svardal Bøe.

I tillegg har dei gjort andre grep som blant anna fritt rehabiliteringsval slik at pasientar kan nytta både private og offentlege tenester.

Regjeringa har også sett krav om at alle kommunar skal ha ergoterapeut og psykolog.

Svardal Bøe lovar at dei skal ta evalueringa av opptrappingsplanen på alvor og komme med konkrete tiltak for å sikre at alle får gode rehabiliteringstilbod.

– Har det eg ynskja meg som 34-åring

Øien-Ødegaard seier at for ho var det svært viktig med all støtta ho fekk frå venner og familie etter ulukka.

I dag har ho fast jobb, ektemann og barn, og fortel ho har det livet ho ynskja å ha som 34-åring.

– Eg har eit stort nettverk som eg absolutt ikkje tek for gitt. Eg veit det er mange som ikkje har det sånn, seier ho.

Øien-Ødegaard seier at dei stadig opplever å jobba mot eit tungt system for å få den hjelpa dei treng i kvardagen.

– Å ta den kampen åleine, det orkar jo ingen. Då får ein heller ikkje den hjelpa ein treng. Og kva liv får ein då?, spør ho.

AKTUELT NÅ