NRK Meny
Normal

Stengde vegar over heile landet

Framleis er fleire fjellovergangar stengde på grunn av uvêr, men nord i landet er situasjonen i ferd med å bli betre.

E134 Haukeli

Slik såg det ut på på E134 over Haukeli klokka 12.

Foto: Statens Vegvesen

Fleire andre stader står trafikken etter snøras og ulykker.

E6 i Oppland er stengd ved Øyer på grunn av berging av eit vogntog. Det er omkøyring på staden.

Rv 5 i Sogn og Fjordane er opna att, etter at den tidlegare var stengd ved Lund i Jølster på grunn av bilberging.

Ras og rasfare

Eit snøras har stengd Fv 60 mellom Stranda og Hellesylt i Møre og Romsdal. Det er sett opp ferjeruter på strekninga.

Fylkesvei 191 i Møre og Romsdal var tidlegare stengd mellom Øverås og Eikesdalen på grunn av rasfare, men er no opna for fri ferdsel.

Det same er Rv 13 i Brattlandsdalen i Rogaland.

I Møre og Romsdal er Fv 191 opna igjen mellom Øverås og Eikesdalen. Strekninga var tidlegare stengd på grunn av rasfare.

Arbeidet med å rydda vegen etter eit lite ras på E39 ved Vasslivatnet i Sør-Trøndelag er no unnagjort. Vegen vart opna igjen rundt klokka 16.30.

Det er meldt om lokalt stor snøskredfare i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Ulykker og glatte vegar

På Fv 65 er vegen sperra ved Skei i Surnadal fordi føraren av eit vogntog legg på kjetting, ifølgje ein lyttar. Tidlegare i dag var E39 opp Ørskogfjellet sperra fordi tre vogntog stod faste.

Fv 700 i Sør-Trøndelag er stengd fram til tysdag ved Berkåk på grunn av eksplosjonsfare. Det er omkøyring på staden via Fv 502 om Kløftet (peronbilar) og Klett (vogntog). Ny vurdering om opning tysdag morgon.

E6 i Troms er open igjen etter bilberging ved Øvergård i Balsfjord.

Uvér i fjellet

Fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde på grunn av uvér. Det gjeld for:

  • Rv 15 over Strynefjellet
  • Fv 51 over Valdresflya (vinterstengt)
  • Fv 50 mellom Hol og Aurland
  • E134 over Haukelifjell (ny vurdering kl. 19)
  • Fv 53 over Tyin og Årdal
  • Rv 13 over Vikafjellet (blir ikkje opna i dag)

På Rv 52 over Hemsedalfjell er det kolonnekøyring etter at vegen var stengd tidlegare i dag.

Det er også kolonnekøyring på Rv 7 over Hardangervidda.

Rv 9 mellom Hovden og Haukeli og E16 over Filefjell er opna for trafikk etter kolonnekøyring tidlegare.

Sjekk oppdaterte vegmeldingar på Vegvesenet sine heimesider.

Det er ikkje meldt om større forseinkingar i fly- og togtrafikken.

Tips NRK Trafikk på 800 99999 eller send tekstmelding med kodeord TRAFIKK til 1987.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger