Hopp til innhold

Sat fastklemt to timar i velta vogntog

Eit vogntog køyrde av vegen og vart liggjande på sida ved Tingberg i Øyer sundag kveld. Fyrst etter ein to timar lang redningsaksjon kunne den danske sjåføren bergast ut og sendast til sjukehus.

Det var klokka 23 at eit vogntog køyrde av vegen, og vart liggjande på sida nede ved Gudbrandsdalslågen i Øyer i Oppland.

– Den fyrste meldinga var svært dramatisk. Det vart sagt at vogntoget låg på isen og kanskje var i ferd med å synke. Det viste seg at det låg på land, men hadde velta slik at sjåføren sat fast i hytta, fortel operasjonsleiar Knut Westby i Gudbrandsdal politidistrikt.

Stor redningsaksjon

Ein større redningsaksjon vart sett i gang, der både politi, brannvesen, bilreddarar og ambulansar var involvert.

– Vi måtte få trekkvogna på hjula før vi kunne byrje å frigjere sjåføren. Etterkvart fekk dei den opp på hjula, og skore laus sjåføren frå interiøret i hytta, seier Westby.

Etter nærare to timar vart sjåføren berga ut, og sendt til Lillehammer sjukehus for behandling. Det var ikkje meir enn nokre kuldegrader, men nedkjøling er ei stor utfordring når folk blir sitjande fast så lenge.

Sjåføren skal ikkje ha livstrugande skader.

Mykje vegarbeid

Ulykka skjedde i eit område der det er mykje vegarbeid i samband med utvidinga av E6 mellom Øyer og Tretten.

– Årsaka til ulykka er foreløpig ikkje klar, men det var slik at vêret slo seg i går kveld, og det var ganske glatt på staden, fortel Westby.

Måndag formiddag vart vegen opna att.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere saker fra Innlandet