Hopp til innhold

Ras stenger Røyr-Hellesylt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Folk er forvirra, og veit ikkje kva som skjer, seier Dag Braseth i Stranda.

Han er dagleg leiar på Statoilstasjonen i Stranda, og har fått fleire forvirra bilistar innom måndag morgon.

- Når veret er som no kan det gå ras når som helst, seier han.

- Veit ikkje om det kjem ferje

Og nettopp det ser det ut til å ha gjort. For vegen mellom Stranda og Hellesylt er stengt av eit ras i morgontimane.

- Me veit ikkje om det kjem ei rasferje, eller ikkje, seier Braseth.

- Stengt til det lysnar

- Vegen er stengt i alle fall fram til det er lyst, seier Ivar Hol i Statens Vegvesen.

Deretter blir det bestemt om vegen skal stengjast endå lenger, og fyrst då vil det kome på plass ferje forbi staden, fortel han.

- Det er gått to små ras ved Hamregjølet, og det er ofte eit teikn på at større ras er på veg, seier Hol. No ventar dei på dagslyset for å få undersøke om det er fare for fleire ras.

Endring i bussrutene

Bussen frå Ålesund til Stryn møter problem på grunn av den stengte vegen.

I tida medan vegen er stengt vil alle bussane køyre som normalt frå Ålesund til Stranda, og frå Stryn til Hellesylt, melder Fjord1.

Med ein gong fylkesvegen opnar, vil bussane gå etter normale ruter.