Hopp til innhold

Varslar om alvorlege funn på mottak for mindreårige asylsøkarar

Truande oppførsel frå tilsette, dytting og redde ungar. Eit varsel frå Statsforvaltaren førte til melding til politiet før tilsynsrapporten er ferdigskriven.

Utsikt fra vinduet på et asylmottak. Utenfor er det snø og trær i skodden.

PÅ ASYLMOTTAK: Mottaket var omgitt av snø og tåke den dagen NRK var der. I avdelinga for einslege mindreårige asylsøkarar gjennomførte Statsforvaltaren eit tilsyn i desember 2022. UDI var på kontroll i oktober same år. Like før Statsforvaltaren kom, blei mottaket utvida med ti plassar.

Foto: Astrid Gerdts / NRK

Tilsynet på eit mottak for einslege mindreårige asylsøkarar i desember gav så alvorlege funn at Statsforvaltaren i Oslo og Viken har slått alarm.

Før tilsynsrapporten er ferdig har Statsforvaltaren varsla Utlendingsdirektoratet (UDI). Dei har omsorgsansvaret for barna. Dei har også varsla Link AS som driv mottaket.

– Noko av det barna på mottaket har fortalt under tilsynet vurderer vi som alvorleg, skriv Mari Hagve i ein e-post til NRK.

Ho er avdelingsdirektør for sosial- og barneavdelinga ved Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Barna skal ha gitt uttrykk for at dei ikkje opplevde seg trygge på mottaket. Det kjem fram i eit brev frå Statsforvaltaren.

– Uavhengig av dei endelege konklusjonane etter tilsynet, føreset Statsforvaltaren at driftsoperatørane og UDI gjer eigne vurderingar og følgjer opp forholda, skriv Hagve.

Mari Hagve er avdelingsdirektør for sosial- og barneavdelingen ved Statsforvalteren i Oslo og Viken.

STATSFORVALTAREN SLÅR ALARM: Fordi tilsynet ikkje er ferdig, vil ikkje Mari Hagve kommentere saka vidare. Den endelege rapporten er venta i løpet av januar månad.

Foto: PRESSEFOTO / Statsforvalteren i Oslo og Viken

«Nektar på det sterkaste»

I eit brev frå Statsforvaltaren til Link AS skriv avsendar at under tilsynet skal Statsforvaltaren ha snakka med 24 barn, både i grupper og individuelt. Bebuarane er frå 15 år til 17 år gamle.

Fleire av barna fortalde om truande oppførsel frå tilsette ved mottaket. Ved nokre høve skal tilsette ha dytta og fysisk tatt tak i barn, kjem det fram i brevet.

Nærmare halvparten av barna gav uttrykk for at dei var redde for leiaren på mottaket. Dei skildra han som aggressiv i veremåten.

Fleire av barna fortalde og om ein episode der dei var vitne til at mottaksleiaren tok tak i eitt barn. Han skal ha halde fast og rista barnet medan han snakka med sint og høg stemme.

Mange av gutane som stod rundt kunne nok oppleve dette som veldig konfronterande, og eg ser i etterkant at det burde vore handtert annleis. Eg nektar på det sterkaste at guten blei halden og rista.

Utdrag frå e-post med mottaksleiaren si forklaring

I brevet står det at mottaksleiaren stadfesta episoden i ein videosamtale med Statsforvaltaren.

I ein e-post til NRK skriv mottaksleiaren at han tar sterk avstand frå at Statsforvaltaren brukar uttrykket «rista»:

– Det er eg sikker på at ikkje har skjedd. Men eg veit at mi «utestemme» kan virke skremmande.

Fleire av barna skal ha fortalt Statsforvaltaren at dei ikkje har vaksne å snakke med når dei føler seg redde, triste og lei seg.

Skog og tåke utenfor mottaket.

UVISSE: Dei unge på mottaket lev ifølge brevet til Statsforvaltaren i uvisse. NRK er kjent med at ein har budd på mottaket i eitt år, medan andre har nettopp flytta ut etter berre nokre veker. For nokre av barna ventar også utreise frå Noreg i framtida. Bilete er tatt utanfor mottaket.

Foto: Astrid Gerdts / NRK

Meiner dei ikkje lever i frykt

Dagleg leiar i Link AS, Morten Jørgensen, meiner mottaket gir god omsorg for bebuarane.

– Statsforvaltaren peikar på to enkelttilfelle som openbert er kritikkverdige, seier Jørgensen i Link AS.

Men han meiner det ikkje er grunnlag for å generalisere og avviser at det er ein «fryktkultur» i mottaket.

Morten Jørgensen Link AS

HAR BEKLAGA: Ifølgje Jørgensen har Link AS gått inn i saka og sett på kva som kan gjerast av forbetringar. Dei har beklaga dei to enkelttilfella. Mottaket på bilete er ikkje det som er omtalt i saka.

Foto: Anne Wirsching / NRK

Jørgensen stiller også spørsmål ved metoden Statsforvaltaren har brukt under tilsynet. Han har difor skrive til UDI blant anna om forma for tilsyn og gruppeintervju som metode.

Vi meiner å påvise fleire svakheiter ved det som blir framstilt som funn.

Morten Jørgensen, dagleg leiar Link AS

Har meldt episoden til politiet

UDI tar saka på største alvor, seier Gro Anna Persheim, fagsjef for mottak og retur i UDI. Dei har meldt episoden der det blei fysisk tatt tak i eitt barn til politiet.

– Mottakstilsette har ikkje mandat til å gjere noko som helst fysisk mot bebuarar på mottak, seier Persheim.

UDI har no tett dialog med Link AS. I samarbeid har dei involvert ein ekstern part som skal sjå på kva som kan og bør endrast ved mottaket.

Påtaleansvarleg i det aktuelle politidistriktet stadfestar til NRK at dei har tatt imot ei melding frå UDI. Politiet kan av omsyn til etterforskinga ikkje kommentere saka ytterlegare.

Gro Anna Persheim

REAGERER: Persheim reagerer på det som har kome fram i varselet frå Statsforvaltaren. – Dei er sett til å sørge for at asylsøkarane skal ha det trygt, seier ho.

Foto: PRESSEFOTO

– Fekk skryt av UDI

UDI var også på kontroll på mottaket, i oktober 2022. Jørgensen i Link AS peikar på at dei ikkje fekk same tilbakemelding då. Det er også noko mottaksleiaren reagerer på.

– Spriket mellom UDI og Statsforvaltaren si tilbakemelding om tryggleik er svært overraskande, skriv vedkomande i ein e-post.

UDI fann sju avvik som mottaket fekk pålegg om å utbetre. Alle avvika er no lukka.

Jørgensen forklarer at det handla mest om å forbetre planar og dokumentasjon. Han seier dei fekk skryt for omsorgsarbeidet.

UDI ønsker vidare å påpeike at vi oppfattar at det er godt omsorgsarbeid på mottaket og at tilsette er tett på bebuarane. Bebuarane føler seg trygge og har nokon vaksne dei kan gå til om dei har nokon spørsmål.

Utdrag av e-post frå UDI til mottaksleiaren og dagleg leiar i Link AS, 7.11.22

Under sitt tilsyn snakka UDI med fem bebuarar. Ifølge ein e-post frå UDI til mottaket, gav barna uttrykk for at dei tilsette var «veldig snille».

Det står også i e-posten, som NRK har fått innsyn i, at «ungdommane føler seg trygge».

Plakat fra Redd barna som sier: Spør barn om hvordan de egentlig har det. Slutt aldri å spørre.

BARNET SI STEMME: Bebuarane skal bli høyrt både når UDI fører kontroll og når Statsforvaltaren kjem på tilsyn. Alle skal få tilbod om ein samtale med Statsforvaltaren ved tilsynsbesøket, også dei som ikkje er til stades under sjølve besøket.

Foto: Astrid Gerdts / NRK

Les også – Vi kommer ikke til å inngå en avtale uansett hvor mange millioner den kan være verdt

Fleire varslar

I desember i fjor sende ein bebuar i den ordinære mottaksavdelinga i asylmottaket brev til Justis- og beredskapsdepartementet.

I brevet skriv avsendaren om truande kommentarar og maktmisbruk frå mottaksleiar. Det blir hevda at bebuarane ikkje får den hjelpa dei treng.

Varselet er no oversendt til UDI for oppfølging. Persheim seier det er naturleg å sjå varselet i samanheng med rapporten frå Statsforvaltaren.

Verken Jørgensen i Link AS eller mottaksleiaren kjenner til innhaldet i brevet når NRK stiller spørsmål om dette. Men mottaksleiaren antar at det gjeld ei sak mottaket allereie har dialog med UDI om.

Jørgensen seier at kvardagen i eit asylmottak kan vere krevjande. Han forklarer på generelt grunnlag at det ofte vil vere mottaksleiarane som tar seg av dei mest utfordrande sakene i kontakten med bebuarane.

I vår rolle som omsorgspersonar må vi i enkelte situasjonar vere både strenge og tydelege. Som mottaksleiar har eg vald å ta nokre av dei «fightane», både som vaksen mann og som «sjef». At dette kan ha blitt oppfatta slik som beskrive er mogleg og sjølvsagt uheldig. Det tar eg med meg vidare.

Mottaksleiaren

Vil sjå på kontrollrutinar

Det kan vere fleire årsaker til at UDI ikkje avdekka utryggleik blant bebuarane, meiner Persheim i UDI.

– Det at vi ikkje oppdaga dette på vårt tilsyn, kan vere ein indikasjon på at vi bør sjå på eigne rutinar av tilsyn på mottak.

Persheim seier unge asylsøkarar ikkje alltid har nok tillit til UDI til å seie frå om at dei lever under vanskelege forhold. Ho seier nokon trur det kan påverke asylsaka viss dei seier ifrå.

– Difor er UDI veldig glad for at vi har ei uavhengig tilsynsordning i regi av Statsforvaltaren, seier Persheim.

Ho presiserer at det framleis er mykje som ikkje er avklart i saka, og UDI ventar på den endelege rapporten frå Statsforvaltaren.

Persheim seier UDI kjem til å reise til mottaket og snakke med ungdommane.

– Eit mottak skal fungere som ein heim der ungane føler seg trygge frå ytre truslar, ein stad dei kan fortelje om bekymringar og få hjelp til å løyse desse, seier Persheim.

Et sjakkspill som er tilgjengelig i asylmottaket.

AKTIVITETAR: I kjellaren på mottaket finst det både fotballspel og biljard, men det er sjakk som er mest populært. Dei tilsette prøver og å få ungdommane med på aktivitetar i nærområdet.

Foto: Astrid Gerdts / NRK

Les også Hundrevis av barn og unge sporløst borte: Gutt (9) er fremdeles savnet etter syv år

Asylmottak og omsorgssentre skal varsle politiet når noen forsvinner.

Les også Justisministeren om asylbarn-forsvinningar: – Veldig alvorleg

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger