Hopp til innhold

Staten tar rekninga for kommune- og fylkesoppløysing

Staten tar rekninga for kommunane og fylka som vil bli oppløyst, lovar finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Trygve Slagsvold Vedum stadfestar no at staten tar rekninga for å reversere samanslåinga mellom kommunane og fylka som vil det.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Regjeringa og staten skal sjølvsagt ta den kostnaden for oppløysinga.

Det seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NRK tysdag kveld.

– Held ein fram med å slå dei saman, blir det endå dyrare og endå dårlegare, og det fører til sentralisering, seier han vidare.

Vedum har tidlegare sagt at staten skal bidra om fylke og kommunar vil skiljast igjen. Men kor mykje av rekninga dei vil ta har ikkje vore klart.

Fylkesrådleiaren i Viken har vore veldig klar på at at dei forventar at staten tar heile rekninga.

No seier Vedum at staten i samband med fylka skal bli einige om kva den endelege kostnaden skal vere.

– Det er sjølvsagt om å gjere å gjere det billigast mogleg.

Trygve Slagsvold Vedum i Søgne

Trygve Slagsvold Vedum har aldri likt kommune- og fylkessamanslåinga, som vart gjennomført i 2019 og 2020. Under valkampen lova han at Søgne skulle bli fri frå Kristiansand om han kom til makta.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Å løyse opp dei fire fylka som blei sett saman for berre nokre år sidan, som no vil splittast, vil kunne koste opp mot 690 millionar kroner.

– Folk kan vere heilt trygge på at vi skal setje oss ned saman med fylka og sørge for at det ikkje går utover dei lokale tenestene. Staten tar det løftet saman med fylka, seier finansministeren.

Kostbart prosjekt

Å splitte opp igjen fylka som blei samanslått under Solberg-regjeringa har vist seg å vere kostbart.

Ei oppløysing av fylka Troms og Finnmark, Innlandet, Vestfold og Telemark og Viken, vil kunne koste oppimot 690 millionar kroner. Det viser berekningar fylka sjølv har gjort.

Ein ny rapport viser at det vil koste mellom 80 og 100 millionar kroner å splitte Vestfold og Telemark. Det er omtrent det same som det kosta å slå dei saman for berre to år sidan.

– No er det opp til fylka

Det er berre Troms og Finnmark som har vedtatt av dei vil splittast. I dei tre andre fylka går det føre seg ulike prosessar. Fylkestinga må sende søknad om oppløysing innan 1. juli i år.

For mange har økonomi vore ein viktig grunn til å ikkje splitte opp fylka igjen.

Men Vedum håpar hans bidrag gjer at det ligg minst fire søknadar på regjeringa sitt bord før sommaren.

– No er det opp til fylka, og vi skal stille opp og hjelpe til, og eg håpar sjølvsagt at det blir meir nære løysingar enn det førre regjering la opp til.

AKTUELT NÅ