Hopp til innhold

Stansa kreftforsking etter at pasientane vart sjukare

Etter at uventa mange av pasientane fekk spreiing medan dei deltok i eit forskingsprosjekt om tarmkreft, vart heile studien stansa.

Haukeland universitetssykehus.

På Haukeland universitetssjukehus utvikla fleire pasientar enn venta spreiinga av kreftsjukdom mens dei tok del i ein studie om tarmkreft. No skal saka granskast.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Den norske Norwait-studien ved dei sju universitetssjukehusa i landet skulle undersøkje om pasientar med endetarmskreft kunne sleppe operasjon etter fullført strålebehandling.

Formålet med studien var å sjå om strålinga pasientane hadde fått på førehand, faktisk hadde stoppa kreften. Det kunne føre til færre unødige operasjonar for dei med dei minst alvorlege svulstane.

Tok ikkje bilete

Ved Haukeland sjukehus hadde dei tatt med fleire pasientar enn dei andre sjukehusa i studien, skriv Aftenposten.

Haukeland hadde heller ikkje tilfredsstillande utstyr til å ta bilete av pasientane med endoskopi. Det førte til at det ikkje vart teke bilete i det heile av mange av pasientane, noko som var ein del av studieoppsettet.

I november i fjor vart det klart at fleire pasientar enn venta utvikla spreiing av kreften, hos nokre til andre organ.

Av 31 pasientar frå Haukeland som var med i studien, var det ikkje teke bilete av 14. Ti av pasientane fekk spreiing til andre organ.

– Dette er sjølvsagt ikkje godt nok. Det var brot på protokollen. Men det var det som skjedde, seier avdelingssjef for Gastrokirurgisk avdeling på Haukeland, Bjørn Nedrebø til avisa.

«Vente-og-sjå-undersøking»

– Nokre av desse pasientane kunne ha vore operert i staden å delta i vente-og-sjå-undersøkinga. Og då ville dei kanskje ikkje ha fått spreiing, seier Nedrebø.

Gastrokirurg Hans Wasmuth var initiativtakar til Norwait-studien. I eit innlegg i fagtidsskriftet Kirurgen er han kritisk til måten studien vart leidd på.

Kreftregisteret som har vore med på Norwait-studien, seier i eit tilsvar at forskingsprosjektet er stansa. Ei granskingsgruppe skal i haust publisere ein rapport om korleis pasientar vart med i forskingsprosjektet.

Les og: Stansa tarmkreftbehandling på Helgelandsjukehuset: Klare lovbrot