Hopp til innhold

Stålsetts reinhaldar har fått opphaldsløyve

Den papirlause asylsøkjaren som biskop Gunnar Stålsett ville gå i fengsel for, har fått opphaldsløyve i Noreg.

Tidligere biskop Gunnar Stålsett og Lula Tekle i Oslo tingrett i 2019. Stålsett ble dømt til betinget fengsel og bot en tilståelsessak for å ha brukt den ureturnerbare asylsøkeren Lula Tecle til å arbeide for seg.

Tidlegare biskop Gunnar Stålsett og Lula Tekle i Oslo tingrett i 2019 då Stålsett vart dømd for å ha gitt den ureturnerbare asylsøkjaren jobb.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Lula Tekle hamna i søkjelyset til media då tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett i 2019 stod fram i Vårt Land og fortalde at han i 14 år hadde gitt jobb til ein ureturnerbar asylsøkjar utan opphaldsløyve. Kvinna hadde fått endeleg avslag på asylsøknaden sin.

Seinare same år vart Stålsett dømt til fengsel på vilkår i 45 dagar og ei bot på 10.000 kroner for brot på utlendingslova.

No har Lula Tekle fått opphaldsløyve i Noreg, med visse avgrensingar. Det stadfestar ho sjølv og fleire støttespelarar overfor Vårt Land.

Ho er dermed ein av dei første som har fått innvilga opphaldsløyve gjennom Solberg-regjeringa si «eingongsløysing for eldre, ureturnerbare asylsøkjarar som har budd lenger enn 16 år i Noreg».

Opphaldsløyvet er mellombels og varer i eitt år.

Grunngivinga er «tvil om identiteten til klagaren». Skal ho få fast opphald, må ho skaffe pass frå heimlandet sitt. Det meiner Utlendingsnemnda (Une) er Etiopia. Sjølv seier Tekle det er Eritrea.

Gunnar Stålsett står for valget han tok. Han sier han lot seg styre av sine grunnleggende verdier og sin samvittighet.

Gunnar Stålsett står for valget han tok. Han sier han lot seg styre av sine grunnleggende verdier og sin samvittighet.

AKTUELT NÅ