Hopp til innhold

Stadig oftare glatte vegar – og verre skal det bli

I helga kan det bli is og underkjølt regn igjen. Det må me bli vande med, ifølgje forskarane.

En bil har kjørt av veien på grunn av glatt vei.

SÅPEGLATT: Ein bil har køyrt av vegen på grunn av glatt føre.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Med spegelblank is dekka med eit lett lag snø, har det vore ekstra glatt fleire stader i Sør-Noreg i vinter.

– Det glatte føret kjem særleg av at det er raske temperatursvingingar rundt null gradar, seier statsmeteorolog Pernille Borander ved Meteorologisk institutt.

Isete vei gjennom Numedal i Viken natt til 31.12.22.

Det var spegelblank is på vegen gjennom Numedal i Viken i nyttårshelga.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Og utsiktene framover er dystre. Forskarane spår at det blir fleire dagar i året med hålkeføre dei neste åra.

– Vintrane blir kortare, våtare og mildare og kvit jul blir sjeldnare. Desto lenger nord i landet, desto meir aukar temperaturen, seier klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt.

KlimaforskarHelga Therese Tilley Tajet

Klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Vintertemperaturane i Noreg har i snitt auka med rundt to gradar sidan 1960.

«Nullgradspasseringar»

Tajet fortel at dagane som kanskje gir dei mest utfordrande køyreforholda, er dagar der temperaturen går frå plussgradar til minusgradar, eller omvendt.

Desse dagane kallar forskarane for dagar med «nullgradspasseringar».

I ein studie har forskarane analysert utviklinga av dagane med nullgradspasseringar over tid.

– Det vi ser er at det har vorte fleire dagar med nullgradspasseringar, seier Tajet, og held fram:

– Det er store variasjonar, talet på slike dagar har auka med opp mot ti dagar per år sidan 1960.

Glatte veier og fortau i Oslo i februar 2022.

Glatte veg og fortau i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

I Oslo-området var det nærare 100 dagar i året med nullgradspasseringar på 60-, 70- og 80-talet. No har dette auka med 10–20 dagar per år.

Det blir meir hålkeføre

Ifølgje Meteorologisk institutt målte dei rekordmange dagar med nullgradspasseringar i Oslo-området i januar og februar i fjor.

Forskar og hydrolog Irene Brox Nilsen, har saman med kollegaer i Norsk Klimaservicesenter gjennomført ein studie av nettopp nullgradspasseringar.

Dei har teke utgangspunkt i perioden 1971–2000 – og samanlikna desse målingane med andre periodar.

Irene Brox Nilsen, forsker og hydrolog, NVE og Norsk klimaservicesenter.

Irene Brox Nilsen, forskar og hydrolog, NVE og Norsk Klimaservicesenter.

Foto: NVE

Ho fortel at målingane viser at det har vorte fleire tilfelle av hålkeføre, særleg i eit belte mellom kysten og høgfjellet.

Vi ventar store endringar framover, seier ho.

Dette kartet viser endringar i talet på dagar med nullgradspasseringar om vinteren dersom klimautsleppa blir som eit middels utslippscenario (RCP4.5) mot slutten av dette hundreåret samanlikna med dagens situasjon.

Kart 2

Kartet viser endringar i talet på dagar med 0 °C-passeringer frå perioden 1971-2000 til 2071-2100 - i eit middels utslippscenario.

Foto: Norsk klimaservicesenter

Dei fleste nullgradspasseringane finst der temperaturen ligg nær 0 °C. I dag er dette i eit belte mellom kysten og fjellet som er markert med gult på kartet nedanfor:

Kart med 0 ℃-passeringer

Kart med 0 ℃-passeringar om vinteren frå 1971–2000.

Grafikk: Norsk klimaservicesenter

Analysane er gjort av Norsk Klimaservicesenter, eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE, NORCE og Bjerknessenteret.

Det glatte føret dreg nordover

Forskarane har talt opp forventa mengd dagar med nullgradspasseringar mot år 2100 – samanlikna med perioden 1971–2000.

Resultata byggjer på at det framleis er høge klimautslepp i åra som kjem.

Dette fann dei:

Geografiske forskjellar

Områda med mange nullgradspasseringar kjem til å flytte seg.

Der det er kaldt og få slike dagar i dag, Finnmarksvidda og indre strøk om vinteren og høgfjellet om sommaren, blir det fleire dagar med nullgradspasseringar i framtida.

Når temperaturen aukar, vil beltet med flest nullgradspasseringar nemleg krype oppover i høgda og nordover.

Det er venta at områda langs kysten i Sør-Noreg blir varmare, ofte med varmegradar heile året. Då blir det også færre nullgradspasseringar.

Behovsendring

Med auka temperaturar blir behovet for beredskap og vinterdrift på vegane annleis. Der det er glatt i dag, er det kanskje ikkje glatt om nokon år.

Det har vorte verre

Tal som førebels ikkje er ferdig kvalitetssikra, tyder på at det har vorte meir hålkeføre dei siste 30 åra enn det var på 60-, 70- og 80-talet.

Like etter klokka 07.00 havnet en brøytebil i grøfta på fylkesvei 356 i Straume i Drangedal.

En brøytebil havnet onsdag i grøfta langs fylkesvei 356 i Straume i Drangedal grunnet glatt føre.

Foto: Anita Moland / NRK

En brøytebil havnet onsdag i grøfta langs fylkesvei 356 i Straume i Drangedal grunnet glatt føre.

Foto: Anita Moland / NRK

Fleire små ulukker

Så om du føler at det har vore ekstra utfordrande køyreforhold i vinter, så tek du ikkje feil. Også forsikringsselskapa har merka det vanskelege føret den siste tida.

– Det har vore glatt føre fleire stader i jule- og nyttårshelga. Vi har merka eit særleg stort behov for veghjelp, seier Sigurd Clementz, kommunikasjonssjef i If til NRK.

– Vi har også hatt fleire som har sklidd inn i eigen portstolpe fordi det har vore så glatt i eigen innkøyrsel. Mindre ulukker i låg fart på parkeringsplassar har vi også sett fleire av.

En grå personbil har kjørt i grøfta på på fylkesvei 156 på Nesodden natt til 2. juledag.

Ein personbil har køyrt i grøfta på Nesodden i Viken.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

Kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad frå Gjensidige fortel om det same:

– Det er ingen tvil om at det har vore krevjande forhold fram mot jula. Det har vore eit høgt press på veghjelpstenestane også hos oss, seier Rysstad.

Forsikringsselskapet fekk rundt 3900 skademeldingar i perioden 17. desember og ut året 2022. Det resulterte i reparasjonar for nærare 100 millionar kroner.

– Det er ein stor auke frå jula i fjor, seier Rysstad.

Storebrand har også sett tydeleg endring frå 2021:

– Vi såg ein stor auke i talet på ulukker som kjem av regn, is og snø i desember 2022 – omtrent 50 prosent. Oktober og november var på nivå med fjoråret, fortel Synnøve Halkjelsvik, pressesjef i Storebrand.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger