Hopp til innhold

Butikkar og lager tomme for strøsand og salt

Uvanleg hyppig vêrskifte har ført til veker med glatte vegar. Butikkar over heile landet slit med å skaffe strøsand.

Snø og is på strødd fortau i Førde

STRØDD: Det har gått med mykje sand og grus i vinter på glatte fortau og vegar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Eg trudde du skulle ha sekken, så eg er glad eg fekk tak i han, ler Kari Birkeland.

Utanfor Felleskjøpet i Førde ligg det berre ein pose med strøsand. Birkeland blir letta når ho forstår at den er hennar.

Eg skal bruke den utanfor huset så eg slepp å ha broddar på når eg berre skal kjapt ut, fortel ho før turen går vidare til neste butikk for å sjå om dei har meir.

Kari Birkeland

Kari Birkeland er glad for å ha sikra seg siste sekken med strøsand.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Mange beinbrot

Isen som gjer det vanskeleg å både gå og køyre bil er kanskje ikkje det kjekkaste med vinteren. I det siste har stadige veromslag gjort det svært isete mange stader.

Over heile landet har det vore vanskeleg å fote seg i desember. Like før jul var det hundrevis av beinbrot på glatta.

Når det er glatt så trengst det noko å strø med. Plantasjen i Åsane i Bergen har opplevd ein vekst i salet av strøsingel på 30 prosent så langt denne sesongen, samanlikna med 2021.

– Fleire av butikkane i Bergen har framleis igjen noko strøsingel, men salt er dei utselde for, seier Ole Christian Nilsen som er regionsjef for Plantasjen Nord Vestlandet

Fleire butikkar merkar pågangen etter noko å strø med, og fleire stader der det skulle ha lege sekkar med strøsand, er butikkane mange stadar tomme.

Onsdag fekk Felleskjøpet i Førde ny levering. No er alt vekke.

Det har vore ekstrem pågang, og det er forferdeleg glatt. Vi har masse i bestilling, men det er berre åtte sekkar igjen på lageret eg bestiller frå, seier butikksjef Janne Strandos.

Desember har bydd på hyppige vêrskifte og mykje is – som her på Leikanger i Sogn.

– Vi må ha, vi må ha

På Coop Extra er det også tom palle. Det gjekk ei stund i vinter før det tok av, fortel butikksjef Ørjan Alme.

– Vi må ha, vi må ha, seier kundane til oss. Det er uvanleg at vi har gått tomme, men plutseleg ville alle ha det.

Coop sentralt melder om ei eventyrleg auke i salet strømiddel, berre dei tre siste månadane i 2022 auka dei salet med 77 prosent, samanlikna med året før.

På Biltema i Førde merkar dei også pågang.

Vi er tomme for tinesaltet, men får att meir. Det kjem inn fortvila kundar som må sjekke vidare i neste butikk, seier assisterande butikksjef Lillian Boge.

Tomt for strøsand hos Biltema

Hos Biltema i Førde var det ikkje mykje att å strø med.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Men medan salet av salt og strøsand har gått unna i sør, har salet vore heller sparsomt lenger nord. I Trondheim har dei stabilt kald vinter og lite regn og Plantasjen har så langt berre selt 32 posar med strøsand.

Det er faktisk berre ein tredel av det dei selde på same tid i 2021.

Seld meir enn året før

Også sentrallager har gått tomme for strømiddel.

Hos Biltema i Noreg auka omsetnaden for strømiddel med 20 % for strømiddel i desember, og nær 50 % for salt- og tineprodukt mot same månad i 2021.

Butikken i Førde har hatt ei tredobling.

På hovudlageret er det tomt for nokre produkt.

Dei som er tomme for strømiddel må vente litt på påfyll, då vi er tomme sentralt, men frå midten av januar kjem til det nye leveransar til butikkane. Andre tinemiddel har vi og desse blir levert til butikkane, seier pressekontakt Laila Solberg.

Det er same tendens hos Felleskjøpet. Dei har seld store mengder strø- og tineprodukt dei siste to vekene. Auken er 50 prosent i desember på strø- og tinemiddel mot desember året før.

– Både rett før jul og i romjula har butikkar gått tomme før vi har rukke å fylle på frå hovudlageret, seier seniorrådgivar Sigbjørn Vedeld i Felleskjøpet Agri SA.

Strøing på veg

I desember har det vore hyppig strøing langs vegane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Gnir seg i hendene

Også hos dei som produserer sand er det gode dagar. Sandtaka har stor pågang av folk som vil kjøpe strøsand.

Eide sandtak på Sandane leverer strøsand til Mesta, Vegdekke, fleire kommunar, flyplassar og til private.

Dagleg leiar Stig Seime seier dei så langt i vinter har selt meir enn dei siste tre-fire åra.

– Vi gnir oss i hendene og sel varer så lenge vi har på lager. Det er ikkje feil for oss når det når vi er i denne bransjen at det er glatt, ler han.

Frys i fleire lag

Leif Halvor Kårstad

Normalt ligg det sand til langt utpå golvet i sandlageret til Sunnfjord kommune. No er dette berre ein liten haug att, fortel Leif Halvor Kårstad.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For dei som har ansvar for at vegane er framkomelege, fører isen til mykje ekstraarbeid.

Leif Halvor Kårstad, som er einingsleiar for teknisk drift i Sunnfjord kommune, fortel om høgt forbruk.

– Det skuldast fenomenet underkjølt regn. Det legg seg på bakken og når det er kaldt der så frys det opp. Sjølv om vi legg på salt og sand så frys dette inn i isen slik at det blir like glatt like etter.

Med ansvar for 32 mil med vegar, blir det mykje å gjere for dei kring 60 entreprenørar som brøyter, saltar og grusar.

– Når vêret først slår om så er telefonen ganske heit. Dei aller fleste har forståing, men nokre må vi lytte litt lengre til enn andre for å seie det sånn, seier han.

Les også Sprengt kapasitet i helsetenesta etter hundrevis av beinbrot på glattisen

Monica Glans braut foten på glatta