NRK Meny
Normal

Søreide vil skjerpe reglane ytterlegare

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) vil ytterlegare skjerpe reglane for sal av utrangert forsvarsmateriell. Private skal ikkje lenger få høve til å kjøpe slikt materiell, meiner ho.

Forsvarssjefen ble hardt presset av Stortingspolitikerne idag. Arbeiderpartiets Martin Kolberg sa at sentrale personer i Forsvaret må ha latt som om de ikke skjønte at utrangerte marinefartøyer ville havne i Nigeria.

VIDEO: Søreide vil skjerpe reglane

Søreide opplyste dette på høyringa til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget om sal av forsvarsmateriell. Dermed vil utrangert forsvarsmateriell, skip, køyretøy, fly og liknande, berre kunne seljast til land som er godkjende for slike sal.

Det vil i praksis seie at Noreg berre vil selje utrangert militært utstyrt til land som ein også kan selje våpen til. Dette vil igjen truleg føre til at forsvaret må destruere gammal utstyr det ikkje lenger er bruk for.

– Fokus på opprydding

Forsvarsminister

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) vil skjerpe regelverket ytterlegare.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Mitt fokus har vore å rydde opp. Det nye regelverket er godt nok, men eg kan ikkje gi garantiar om det aldri vil bli misbrukt, sa Ine Eriksen Søreide blant anna i høyringa.

Dette er den andre høyringa om kva som eigentleg skjedde då utrangerte norske marinefartøy hamna hos ei paramilitær gruppe i Nigeria. Det viste seg at selskapet CAS Global opererte som eit stråselskap for det som blir kalla ein nigeriansk krigsherre.

Tolldirektør Bjørn Røse sa då han svarte på spørsmål frå komiteen i dag at Noreg rett og slett vart lurt i denne saka .

NRKs kommentator Magnus Takvam, som har fylgt høyringa i heile dag, seier at det framleis er uklart om denne saka vil få konsekvensar for folk i ansvarlege stillingar i forsvaret. Ein funksjonær er sikta for korrupsjon i samband med ei av sakene som Dagbladet har avdekt.

Fra Stortingets høring om Nigeria-båtene.

Komiteleiar Martin Kolberg (Ap) sa i si oppsummering at han enno ikkje hadde fått svar på kvifor marinefartøya hamna på ein stad der dei ikkje burde vere, og at det er eit problem både for komiteen og for Forsvaret.

– Burde ha forstått det

Kolberg prøvde tidlegare i dag å få forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen til å vedgå at sentrale personar i Forsvaret må ha forstått at dei utrangerte marinefartøya ville hamne i Nigeria .

Bruun-Hanssen aviste dette, men vedgjekk at saksbehandlinga var for dårleg. Han sa at det truleg skjedde fordi saksbehandlarane i den perioden hadde altfor sterkt arbeidspress. Han minte også om at Nigeria korkje er i krig eller borgarkrig eller er omfatta av våpenboikott.

Han sa også at salet av lastebilar, beltevogner og jagarfly, som også er tema for høyringa, gjekk etter boka.

– Hvilket internett er det dere har brukt?

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger