Hopp til innhold

Snart 200.000 elbilar – no vil Frp fjerne momsfritaket

I løpet av desember vil elbil nummer 200.000 rulle ut på norske vegar. Norsk elbilforening er provosert over forslaget frå Framstegspartiet om å fjerne momsfritaket på nullutsleppsbilar.

Christina Bu

Christina Bu i Norsk elbilforening er provosert over utspelet frå Frp om å fjerne momsfritaket på elbilar. Samstundes gler ho seg over at det snart rullar 200.000 elbilar på norske vegar.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Noreg er heilt i verdstoppen når det gjeld elbilar. Pr. 1. desember i år var det registrert 195.699 elektriske bilar her i landet. I fjor vart det registrert 5289 nullutsleppsbilar i julemånaden, så med tilsvarande tal i desember i år vil talet i løpet av månaden passere 200.000.

Christina Bu, generalsekretær Norsk Elbilforening, kallar forslaget frå Framstegspartiet om å fjerne momsfritaket på elbilar for provoserande. Ho meiner det vil øydeleggje målet om at alle nye bilar som blir selde i 2025 skal vere fossilfrie.

– Ikkje konkurransedyktige

Gisle Meininger Saudland

Klimapolitisk talsmann i Frp, Gisle Meininger Saudland, meiner det er på tide å fjerne momsfritaket på elbilar.

Foto: PETER MYDSKE

– Elbilar er ikkje konkurransedyktige i dag i forhold til diesel- og bensinbilar utan momsfritak. Ein vanleg kompaktbil som til dømes Huunday Kona kan bli nesten 100.000 kroner dyrare med moms, medan ein elektrisk familiebil kan bli fleire hundre tusen kroner dyrare. Vi er provosert over forslaget frå Framstegspartiet, spesielt med tanke på at det akkurat no går føre seg eit klimatoppmøte i Polen, seier Christina Bu til NRK.

Ho viser til ei undersøking som mediekonsernet Bloomberg har gjort, der det går fram at elbilar ikkje blir konkurransedyktige på pris før vi nærmar oss 2025.

– Om forslaget frå Frp blir regjeringa sin politikk, så vil det sette den norske elbilsatsinga kraftig tilbake. Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt viser at salet av elbilar vil gå ned med 74 prosent, dersom momsfritaket blir fjerna. Eg kan ikkje forstå at regjeringa vil gå inn for dette, når dei tidlegare har støtta 2025-målet, seier generalsekretæren.

Laster Twitter-innhold

Rapporten frå Transportøkonomisk institutt er utført av forskarane Lasse Fridstrøm og Vegard Østli. I tweeten over gir Fridstrøm uttrykk for kva han meiner vil skje dersom momsfritaket blir fjerna.

– Bør fjernast snarast mogleg

Det var i eit intervju med Dagbladet, på veg til klimatoppmøtet i Katowice i Polen, at miljø- og klimapolitisk talsmann i Framstegspartiet, Gisle Meininger Saudland, sa at momsfritaket for elbilar før fjernast snarast mogleg, og seinast i 2021.

Sondre Hansmark, leder av Unge Venstre

Sondre Hansmark i Unge Venstre reagerer sterkt på forslaget frå Frp om å fjerne momsfritaket for elbilar.

Foto: Venstre

Han vil bruke pengane til å redusere bompengetakstane og byggje meir vegar. Han meiner momsfritaket står fram som urimeleg, og viser til at talet på elbilar har auka kraftig dei siste åra. Saudland seier at elbilar blir subsidierte med 5,6 milliardar kroner gjennom momsfritaket.

I regjeringsplattforma frå Jeløya står det at elbilfordelane skal vidareførast ut stortingsperioden. Likevel kan det blir endringar når Høgre, Frp og Venstre skal forhandle med KrF om ei ny plattform på nyåret.

– Midt i ein elbilrevolusjon

Forslaget frå Frp har vekt reaksjonar blant andre frå leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark. Han seier dette til NTB:

– Heilt idiotisk. Vil står midt oppe i ein elbilrevolusjon. I september var halvparten av nybilsalet elbilar. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Elbilfordelane må halde fram.

Også Miljøpartiet dei grøne reagerer sterkt på forslaget. Arild Hermstad, meiner det er hårreisande at Frp gir elbilane skulda for bompengekostnadene dei sjølve påfører norske bilistar gjennom stadig større motorvegprosjekt.

Fredsprisvinneren vil ikke at elbil-industrien skal boikotte Kongo

Fredsprisvinnar kritisk – elbil-bransjen gjer endringar

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger