Hopp til innhold

Leitar etter nærkontaktar til apekopp-smitta som var i Oslo

Oslo kommune og FHI har sett i gong smittesporing etter at ein person som besøkte Noreg i mai har fått påvist apekopar.

Apekopper sett i mikroskop

VIRUS: Det har vorte oppdaga ei rekkje tilfelle av apekoppar i Europa den siste tida.

Foto: RUSSELL RE CYNTHIA S. GOLDSMITH / Reuters

Den smitta er ein reisande person frå eit europeisk land der det er utbrot av apekoppar. Vedkommande besøkte Oslo 6.–10. mai og hadde symptom under opphaldet, men fekk først påvist smitten etter heimkomst.

Det melder Folkehelseinstituttet (FHI).

Oslo kommune jobbar no saman med FHI for å kartleggje kven som kan ha vore utsett for smitte, for å kunne gi informasjon til dei det gjeld.

Folkehelseinstituttet er også i kontakt med helsetenesta i heimlandet til personen for å kartleggje ytterlegare kvar personen har vore under opphaldet i Oslo.

– I samarbeid med Oslo kommune, prøver vi no å finne vedkomande sine nærkontaktar, seier overlege Preben Aavitsland ved FHI.

– Kor stor er sjansen for at vedkomande kan ha smitta vidare?

– Det er vanskeleg å seie no. For folk flest reknar vi ikkje med at det har vore nokon smittefare. Det spørs kva aktivitetar vedkomande gjorde i Oslo.

Han seier vidare at det ikkje er uventa at personar smitta med apekoppar har vore i Noreg.

– Helsetenesta skal vere førebudd på det, seier Aavitsland.

Folkehelseinstituttet har laga rutinar og tilrådingar for korleis helsetenesta skal handtere personar som kan vere smitta.

Les også Hvorfor heter det apekopper? Og andre spørsmål du kanskje lurer på

Apekopper sett i mikroskop

Les også Ekspertene sliter med å finne ut hvorfor apekoppene sprer seg

Apekopper

AKTUELT NÅ