Hopp til innhold

Smeltar raskare

Isbreane på Svalbard smeltar langt raskare enn forskarane til no har vore klar over.

Isbre
Foto: KIRSTY WIGGLESWORTH / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein ny rapport frå Norsk Polarinstitutt viser tydeleg at den globale oppvarminga no får store utslag i Arktis.

- Dramatisk

Det er ikkje nytt at isbreane på Svalbard blir mindre. Det har

Forsker Kim Holmén
Foto: Jane Helén Carlsen

forskarane sett gjennom fleire tiår. Men for første gong blir det no dokumentert at smeltinga går langt raskare enn før.

- Dette er dramatisk, isen smeltar mykje raskare enn vi har sett dei siste tretti åra, seier forskingsdirektør Kim Holmén ved Norsk Polarinstitutt.

Instituttet har målt endringane i breane på Svalbard sidan 1967. Det finst tre typar brear her - og det nye no er at alle tre bretypane minkar samtidig, og det går altså raskt. Konsekvensane er store.

- Dette har sjølvsagt alvorlege konsekvensar for naturmiljøet på Svalbard, men det fører også til at det kjem meir vatn ut i havet, slik at havnivået på jorda stig, seier Holmén.

Landet stig

Høge sommartemperaturar dei siste åra fører til meir smelting, samtidig som det er blitt mindre "påfyll" av snø om vinteren.

Breforskar Jack Kohler har leia arbeidet med rapporten. Funna blir stadfest av studium som Statens Kartverk har gjort. Dei måler kor høgt Svalbard ligg over havet. Av målingane går det fram at landet reiser seg fordi belastninga frå iskappene er blitt mindre.

- Menneskeleg handling

- Den siste FN-rapporten om klimaendringane viser tydeleg at ein stor del av det som har hendt dei siste tiåra, har si årsak i menneskeleg handling.

Den nye rapporten frå polarinstituttet viser altså svært tydelege utslag. No skal det setjast endå sterkare trykk på forskinga i Arktis.

- Polaråret startar i morgon. Polaråret strekkjer seg over to år, og i denne perioden kjem vi til å setje inn store ressursar på å finne meir ut om kva som skjer, og kvifor, seier Kim Holmén.

- Sommartemperaturen

- Forskingsresultata frå Norsk Polarinstitutt er svært interessante, seier professor ved Universitetet i Oslo, Jon Ove Hagen.

Professor Jon Ove Hagen
Foto: NRK

- Vi har sett gjennom mange år at breane minkar, faktisk heilt tilbake til 1920- og 30-talet. Men det har vore ei jamn minking. For ti år sidan såg vi auka smelting i andre delar av Arktis, i Alaska og Canada, men ikkje på Svalbard. No ser vi at tempoet i smeltinga aukar også her. Dette er eit klart bevis på at vi har fått eit varmare klima i heile Arktis.

Årsaka til dette, seier han, er sommartemperaturen.

- Det er blitt varmare. Og breane reagerer veldig fort, spesielt på sommartemperaturen, men også på temperaturen om vinteren.

- Det er ikkje lett å seie kva som kan gjerast for å bremse utviklinga. Ein kan ikkje påstå at utviklinga er menneskeskapt, men det er sannsynleg. Det vi veit er at vi har fått eit varmare klima i Arktis, og no ser vi altså at utviklinga går veldig raskt, seier Jon Ove Hagen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger