Hopp til innhold

Veljarane forlet regjeringskameratane

Titusenvis av veljarar vender regjeringspartia Ap og Sp ryggen, viser NRKs partimåling for januar. Straumkrise og korona-restriksjonar får skulda.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

EINSAME? Mange veljarar har forlate Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum etter at dei la fram regjeringsplattforma i Hurdal.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Smittetala går opp. Grafane som illustrerer straumpris har peika bratt oppover.

Men for regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet peikar alle piler nedover. Og ikkje berre litt.

Partibarometer januar

Periode 27/1–3/1. 943 intervjuer. Feilmarginer fra 1,2–3,3 pp.
R
6,2 %
+1,2
SV
9,2 %
−1,1
AP
21,1 %
−3,9
SP
9,8 %
−2,6
MDG
3,3 %
−0,4
KRF
3,2 %
+0,6
V
4,9 %
+1,4
H
24,7 %
+2,6
FRP
13,9 %
+1,9
Andre
3,6 %
+0,3
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten
  • Dei to går kraftig tilbake frå valresultatet (Ap ned 5,2 og Sp 3,7)
  • Dei går tilbake frå desember (Ap ned 3,9 og Sp 2,6)

Endringa frå desember er større enn feilmarginen for begge partia. Det betyr at ein kan slå fast at det er sikkert at dei to partia mistar veljarar.

Norstats januarmåling gjort for NRK og Aftenposten viser at rundt 250.000 veljarar har vendt dei to regjeringspartia ryggen etter at dei la ein Ap- eller Sp-stemmesetel i urna i stortingsvalet.

Overraskande tal

Desse tala er ikkje kvardagskost. Det veit Johannes Bergh, som er forskingsleiar ved Instritutt for samfunnsforsking.

– Dette er ein overraskande stor tilbakegang for Ap og Sp, seier han og utdjupar vidare.

Johannes Bergh

OVERRASKANDE: Johannes Bergh meiner regjerings-slitasjen har kome raskt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Dei fleste regjeringsparti opplever ein form for slitasje på eitt eller anna tidspunkt, men for Ap og Sp har den kome veldig raskt.

Han peikar på bråk rundt stortingspresidentens pendlarbustad, pandemi-oppblomstringa og straumkrisa som dei mest sannsynlege forklaringane.

Han meiner målinga seier noko om forhold som er utanfor regjeringa sin kontroll, men også noko om kva folk meiner om handteringa til den nye regjeringa.

– Tala seier jo noko om at veljarane ikkje gir ein umiddelbar positiv respons på korleis regjeringa taklar desse utfordringane.

I Dagens Næringsliv mandag kommenterte Bergh det faktum at inga regjering hadde mista så mykje støtte som 5,9 prosentpoeng første hausten. Norstats tal i dag er endå større. Ap og Sp har til saman 8,9 prosentpoeng lågare oppslutning enn på valdagen.

– Kan det vere ein fordel for ei regjering å få ein smell tidleg i stortingsperioden?

– Det er iallfall ein fordel at det er lenge til neste stortingsval. Dei har kome litt skeivt ut og har ein motbakke framfor seg.

Straum og smitte

Partileder Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng synger under Arbeiderpartiets landsstyremøte.

FINNE TONEN: Partisekretær Kjersti Stenseng i allsang med partileiar Støre. Men veljarane likar ikkje refrenget frå regjeringa.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg trur folk er utolmodige og opplever stor usikkerheit og frustrasjon rundt straumkrisa og korona-restriksjonane. Vi har fullt fokus på det og tek det på største alvor. Hovudoppgåva vår no er å handtere dei krisene folk står i, seier Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet.

Skal ikkje ei regjering vise at den klarer å styre folket gjennom slikt då?

– Jau, absolutt. Det er det vi jobbar med kvar einaste dag. Det er difor vi har lagt fram konkrete tiltak som skal hjelpe folk med å betale straumrekninga, og det er difor vi har kome med tiltak som skal halde folk i jobb og ha ein jobb å gå til når restriksjonane er over.

Einsifra Senterparti

I denne målinga er Senterpartiet under 10 prosent for første gong sidan september 2017 i Norstats målingar for NRK.

Stortingsvalg 2021. Valgvake for Senterpartiet

VALVAKE: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har mista mange veljarar sidan han talte til valvaka i partiet 13. september i fjor.

Foto: Lise Åserud / NTB

Senterpartiets formkurve er oppsiktsvekkande.

Etter 10,3 % ved stortingsvalet i 2017 voks partiet jamt og trutt. Lokalvalet i 2019 gav partiet 14,5 % før det tok heilt av. I fjor vinter braut partiet 20-prosentgrensa og var over 20 i fire målingar på rad.

Valkampen 2021 vart ført i motvind. Men trass tilbakegang, jubla Sp over det nest beste stortingsvalresultatet etter krigen.

No er partiet tilbake på vanleg nivå, nemleg med eit einsifra oppslutningstal.

Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad trur straum og smitte er stikkorda.

Eg trur nok regjeringa må akseptere at desse to store krisene vi har fått i fanget også handlar om veljarar. Dei er frustrerte og krev at fleire ting skal skje.

Ho meiner ikkje regjeringa har gjort noko vesentleg feil i handteringa av krisene.

Eg meiner vi har kome med gode og kraftfulle responsar på kort sikt. Men det ligg ein langsiktig debatt på fleire av desse områda som vi må ta tak i. Det trur eg både Ap og Sp skal klare å ta tak i i månadane og åra som ligg framom oss.

Trøysta

Den vesle oppmuntringa for Ap og Sp er dette: Sjølv om partia på Støres side taper 6,3 prosentpoeng av veljarane til det blå laget, så ville statsministeren og hans regjering fortsatt hatt makta om det skulle vere val igjen no.

Samla sett vil veljarane fortsatt ikkje ha tilbake den gamle Høgre-regjeringa.

Partia som peika på Støre som statsminister i stortingsvalet har no 49,6 % oppslutnad. Erna Solbergs støttespelarar får 46,7.

Forklaringa er at nokre av dei veljarane som har forlete regjeringspartia Sp og Ap, blir på raudgrøn side i politikken.

  • SV har styrka seg etter valresultatet på 7,6 %. No får dei 9,2 - rett bak Sp.
  • Også Raudt gjer det bra. Har gått frå 4,7 i valet til 6,2.
  • KrF klarar ikkje sperregrensa på fire prosent i denne målinga heller.
  • Dei gamle samarbeidspartia til Erna Solberg, H, Frp, V og KrF, ville fått 81 mandat i Stortinget, det er fire for lite til å få fleirtal.

Fornøgd opposisjonsleiar

Høgreleiar Erna Solberg er fornøgd med utviklinga likevel.

– Eg trur kanskje veljarane saknar ei anna regjering sin politikk, seier ho til NRK, og meiner at krisene regjeringa står i slett ikkje forklarar alt.

Erna Solberg har på et munnbind med bilde av Bent Høie

SAKNAR DU MEG? Høgreleiar Erna Solberg trur nokre veljarar gjer det.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Korleis ei regjering handterer situasjonar av denne typen spelar alltid inn. Men når vi ser at veljarane går til andre parti, så er det nok også fleire saker som er viktige, meiner Solberg.

Ho nemner auka skattetrykk og endringar i skulepolitikken.

– Du får ein del veljarar tilbake. Korleis har du tenkt som opposisjonspolitikar?

– Vi har tenkt at vi skal vere konstruktive. Vi kritiserer der vi meiner det går feil veg og vi prøvar å kome opp med alternative måtar å jobbe på.

– Men du ville tapt makta også om dette var valresultatet. Korleis ser du på det då?

– Det er ikkje uventa så kort tid etter eit val. Det spesielle er at regjeringssida går så mykje tilbake likevel.

Mandatfordeling januarmålinga

Mandatfordeling samanlikna med valet september 2021

Raudt

11 mandater
3 opp fra 2013

Sosialistisk venstreparti

17 mandater
4 opp fra 2013

Arbeidarpartiet

40 mandater
8 ned fra 2013

Senterpartiet

18 mandater
10 ned fra 2013

Miljøpartiet dei grøne

2 mandater
1 ned fra 2013

Kristeleg folkeparti

2 mandater
1 ned fra 2013

Venstre

9 mandater
1 opp fra 2013

Høgre

45 mandater
9 opp fra 2013

Framstegspartiet

25 mandater
4 opp fra 2013

Andre

0 mandater
1 ned fra 2013

PS! For første gong sidan stortingsvalet må Jonas Gahr Støre også sjå seg slått av Erna Solberg på NRKs statsministermåling. På spørsmålet Kven meiner du er best skikka til å vere statsminister i Noreg? svarar 38,5 % Solberg og 37,4 % Støre. Heile 24,2 % av veljarane seier «veit ikkje».

AKTUELT NÅ