Hopp til innhold

Slik betalar Vedum gildet – får hard kritikk for kutt

Skatteauke betalar for det meste av finansminister Vedums satsingar. Men reduksjon i bistanden må også til. KrF er djupt skuffa.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

EG FANN, EG FANN: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har funne fleire skattekroner for å finansiere satsingane sine.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I det justerte forslaget til statsbudsjett for 2022 har den nye regjeringa ifølgje statsminister Jonas Gahr Støre flytta på om lag 18 milliardar kroner for å endre Erna Solbergs politikk.

Styrka kommuneøkonomi, redusert el-avgift og ferjeprisar er nokre av satsingane som det må betalast for.

Sidan regjeringa ikkje brukar meir oljepengar enn Erna Solberg, må dei finne pengane andre stader.

Skatt finansierer det meste

  • Auka formuesskatt gjer at staten får inn 3,2 millardar meir enn Erna Solberg planla.

  • Utbytteskatten skal aukast med 2,6 mrd.

  • Miljø- og bilavgifter aukar samla sett med 2,7 mrd.

Til saman gir denne delen av skatte- og avgiftspolitikken altså 8,5 millardar inn til dei formåla regjeringa vil prioritere - samanlikna med Erna Solbergs budsjettforslag.

Dei med formuer må neste år betale 0,95 prosent skatt av formuen. I år er prosenten 0,85 prosent. Det blir også meir pengar i kassa av at meir av verdiane i aksjar og bustad skal reknast med når ein reknar ut kor mykje formue ein har.

Mens utbytteskatt er den skatten ein aksjeeigar for når han hentar ut gevinsten.

Høgres finanspolitiske talsperson Tina Bru fryktar ei dobbeltbelastning.

– Vi veit at mange tek ut utbytte for å få råd til å betale formuesskatt, seier ho og understrekar at ho må studere detaljane.

– Men det er uansett synd å auke formuesskatten no. Vi er i ei tid der vi treng at bedriftene skapar nye arbeidsplassar, og mange bedrifter treng å investere i nye maskiner for å redusere utslepp. Den omstillinga blir vanskelegare jo meir ein skattar.

Valgkampturne med Statsminister Erna Solberg (H)

OMSTILLING: Tina Bru meiner skatteauke ikkje er svaret i tider med behov for omstilling.

Foto: Hanna Johre / NTB

– Vi gjer dette for å få omfordeling, kombinasjonen av formuesskatt og utbytteskatt gir veldig god fordeling, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp) som skal fosvare budsjettforslaget når han forhandlar i finanskomiteen i Stortinget.

Den nye regjeringa skrotar også eitt av Solberg-regjeringa sine ferske forslag.

KrF provosert

Men endringar i skattar og avgifter finansierer berre ein del av gildet. Dei må fortsatt finne rundt 9 milliardar. Og over ein milliard av dette kuttar dei på område som står KrFs hjarte nært.

I forslaget til 2022-budsjett er det særleg to prioriteringar som provoserer KrFs Kjell Ingolf Ropstad. Den tidlegare KrF-leiaren sit i finanskomiteen på Stortinget.

  • 750 millionar kroner mindre i bistand enn Erna Solbergs regjering ga.
  • Prøveprosjektet med fritidskort for ungdom blir avvikla og sparar inn 300 millionar kroner.
  • I tillegg: 100 millionar mindre til kontantstøtte fordi ein ikkje lenger skal få støtte den månaden barnet startar i barnehage.
Kjell Ingolf Ropstad på KrFs landsmøte 2021

SKUFFA: Kjell Ingolf Ropstad likar ikkje at det kjem mindre til bistand.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er oppsiktsvekkande og provoserande at det første Støre gjer som statsminister er å kutte 750 millionar til dei fattige i verda. Det hadde eg faktisk ikkje trudd. Eg hadde trudd bistandsbudsjettet ville halde fram på same nivå, seier Ropstad til NRK like etter framlegginga av budsjettet i Stortinget.

– Vi har lagt oss på 1-prosenten på bistandsbudsjettet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Det betyr at Noreg gir 1 prosent av bruttonasjonalinntekt i bistand til fattige land.

– Det er ei opptrapping med nesten tre milliardar kroner til 2022, i staden for 3,8 milliardar som Solberg foreslo. Når vi skal fase inn så mykje ekstra pengar i bistandsbudsjettet må det gjerast effektivt og godt slik at vi får ein god bistand. Fasar vi inn for mykje for fort vil vi ikkje nødvendigvis få berre gode prosjekt.

Ropstad er mindre overraska over at fritidskortet blir skrota. Fritidskortet skulle dekke utgifter til fritidsaktivitetar for barn og unge.

– Det har jo lege i korta. Dei som ikkje har foreldre med økonomi til å hjelpe dei inn, blir ikkje med på fotball, handball eller speidar. Fritidskortet var 2000 kroner rett i henda på barn og unge som dei berre fekk viss dei gjekk på fritidsaktivitet. At denne regjeringa fjernar det, er ufatteleg.

«Grøn bløff»

På klimaområdet har den nye regjeringa også funne innsparingar.

  • 400 millionar kroner mindre til «Nysnø», som er eit investeringsfond som skal satse pengar på klimagass-reduserande tiltak.

– Det er heilt håplaust, seier tidlegare klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Han meiner det ikkje nyttar å gje 200 millionar til Enova når ein kuttar til Nysnø og ser på lekkasjen om ein «klimamilliard» som ein «grøn bløff».

– I sum kuttar dei klimastøtteordnigane til næringslivet, seier Rotevatn til NRK.

Forseinkingar og fond

Ei rekke mindre kutt bidreg til saman også betydeleg til at Vedum og Støre kan hente pengar til sine gode formål.

Forseinkingar kan av og til vere ei gåvepakke.

  • 250 millionar mindre til Nasjonalmuseet grunna forseinkingar i byggeprosessen.
  • Utsett byggestart av Stad skipstunnel gir 365 millionar mindre i utgifter i 2022.
  • Og dei gir 270 millionar mindre til investeringstiltak på riksvegane.

Det er også mogleg å gjere meir budsjett-tekniske grep som gjer noko med utgiftene.

  • 500 millionar mindre til Statsbyggs reguleringsfond.

Fondet er brukt som utgangspunkt for finansiering av mindre byggeprosjekt og sørgar for at Statsbygg har investeringsmidlar til å bygge for, forklarer kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim til NRK.

– Den budsjettendringa tek vi til etterretning og innrettar oss deretter, seier Aschim.

Langt mindre positive er dei private barnehagane.

  • Ca 170 millionar spart på mindre tilskot til pensjon i private barnehagar.

Staten og dei private barnehagane har vore djupt usamde om kor store dei reelle utgiftene til pensjonar faktisk er. Også Solberg-regjeringa reduserte tilskotet.

– Barnehagane våre har i realiteten 376 millionar mindre å drive med enn i år, seier Anne Lindboe som er leiar i Private barnehagers landsforbund, og viser til at ein av tre private barnehagar driv med underskot.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger