Hopp til innhold

Får hjelp frå Frankrike til å avhøyra far til Breivik

Franske styresmakter vil hjelpa politiet i Noreg med å avhøyra far til Anders Behring Breivik. Norsk politi ønskjer å ta opp opplysningar den terrorsikta har gittom forholdet til far

Politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby

Norsk politi er i dialog med franske styresmakter om tidspunkt for å avhøyra far til Anders Behring Breivik, som bur i Frankrike.

Foto: Kjell Herning / NRK

Far til den terrorsikta 33-åringen, Jens Breivik, er busett i Frankrike og har gitt klar beskjed om at han ikkje ønskjer å la seg avhøyra av norsk politi.

Eit eventuelt avhøyr må gjennomførast av fransk politi på fransk jord, opplyste Jens Breivik til NTB i går.

Franske styresmakter stadfestar no at dei har fått ein førespurnad frå norsk politi om å bistå i etterforskinga av terrorsaka ved å avhøyra Jens Breivik.

– Me har sendt vidare ein førespurnad frå Noreg til påtalemakta i Paris, og bede dei om å hjelpa norsk politi, seier visetalsmann Olivier Pedro-Jose ved det franske justisministeriet til NRK.

Vil ta opp opplysningar frå avhøyr med Breivik

Jens Breivik

Far til Anders Behring Breivik, Jens Breivik, bur i Frankrike og har ikkje hatt kontakt med sonen dei siste 15 åra.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Jens Breivik blei separert frå mor til den terrorsikta då guten var eitt år gammal. Han jobba som diplomat i utlandet og fekk aldri eit nært forhold til sonen sin. Bortsett frå ein telefonsamtale i 2005, har dei to ikkje hatt kontakt på 15 år.

Likevel meiner politiet at det er viktig å få til eit avhøyr av far til den terrorsikta.

– Me ønskjer å snu kvar einaste stein i denne saka. Alle personar som har vore i livet til den sikta er av betyding, og me ønskjer å avhøyra både familiemedlemmer og vener, fortel politiadvokat Pål-Fredrik Hjort Kraby.

Han erkjenner at eit avhøyr med Jens Breivik er av mindre betyding enn mange andre vitne på grunn av det perifere forholdet han har hatt til sonen dei siste 15 åra.

–Me vurderer det likevel som viktig å få til eit avhøyr med han. Me ønskjer å ta opp opplysningar som den sikta sjølv har gitt oss om sitt forhold til faren . I tillegg er det naturleg at me søkjer ekstra vidt på grunn av omfanget i denne saka, seier Kraby.

Til Frankrike som observatørar

Norsk politi er no i dialog med franske styresmakter for å finna eit tidspunkt for avhøyret.

– Me håpar å få gjennomført avhøyret før rettssaka mot Breivik startar i april, seier Kraby.

Sjølv om fransk politi må stilla spørsmåla under avhøyret, vil Jens Breivik godta at norske etterforskarar er tilstades som observatørar.

Ifølgje politiadvokat Kraby jobbar dei no med å setja saman ei gruppe med erfarne etterforskarar som skal reisa ned til Frankrike.

– Det er ikkje uvanleg at norsk politi får ei observatørrolle under avhøyr som må gjennomførast i andre land. Me må forholda oss til dei rammene og reglane som gjeld i det aktuelle landet, forklarar Kraby.

Vil ikkje følgja rettssaka frå Oslo

Ifølgje NTB har ikkje Jens Breivik tenkt seg til Oslo for å følgja rettssaka mot sonen som startar den 16.april.

I ein Brennpunkt-kommentar sendt på NRK sa Jens Breivik at han ønskte å treffa sonen sin igjen i fengselet. Men den terrorsikta ønskjer ikkje besøk, korkje av faren eller andre.

Ifølgje forsvararane sine vil han heller bruka tida si og energien sin på å førebu seg før hovudforhandlingane.

AKTUELT NÅ