Hopp til innhold

Sjefen i Arbeidstilsynet trekker seg etter varsel

Trude Vollheim trekker seg som direktør i Arbeidstilsynet. Det skjer eit par veker etter at tilsette varsla om dårlege arbeidsforhold.

Trude Vollheim. Direktør for Arbeidstilsynet oktober 2020.

I dag sluttar Trude Vollheim i stillinga som direktør. Det skjer eit par veker etter at tilsette i Arbeidstilsynet varsla om dårlege forhold på arbeidsplassen.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Aftenposten meldte nyleg at tilsette i Arbeidstilsynet har vore misnøgde med leiinga i lang tid.

Difor leverte fleire tilsette eit varsel om dårlege arbeidsforhold til Arbeids- og likestillingsdepartementet.

I dag vart det klart at Trude Vollheim trekker seg frå stillinga som direktør.

Vollheim seier ho ikkje kjenner seg igjen i kritikken frå dei tilsette.

.

Trude Vollheim. Direktør for Arbeidstilsynet oktober 2020.

Trude Vollheim har vore direktør i Arbeidstilsynet sidan februar 2017.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Sjølv om eg i stort ikkje kjenner meg igjen i skildringa av Arbeidstilsynet som blir gitt i varselet og media, vil eg av omsyn til alle leiarar og tilsette nå fråtre slik at etaten forhåpentleg kan få ro til å konsentrera seg om det viktige samfunnsoppdraget som etaten har, skriv Vollheim i ei pressemelding frå tilsynet.

– «Fryktkultur»

Rett før jul leverte tilsette ved Arbeidstilsynet eit varsel til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Ifølgje Aftenposten skildra dei tilsette arbeidsmiljøsituasjonen som «kritikkverdig», «helseskadeleg» og prega av «fryktkultur».

Aftenposten skriv at Trude Vollheim og resten av leiinga vert kritisert.

Ifølgje avisa skal det i varselet vera vist til «fleire faktiske lovbrot» på arbeidsmiljølova.

Arbeidstilsynet på tilsyn.

Arbeidstilsynet fører tilsyn med at verksemder følgjer krava etter mellom anna arbeidsmiljølova. Ifølge Aftenposten hevdar tilsette i tilsynet at det også har vore faktiske lovbrot på arbeidsmiljølova i Arbeidstilsynet.

Foto: Arbeidstilsynet

Då NRK prøver å kontakta Vollheim for fleire spørsmål, viser ho til pressemeldinga.

Ronny Jørgenvåg er nå fungerande direktør i Arbeidstilsynet. Han understrekar at dei tek varselet på alvor.

– Det er viktig for oss å bidra til å klargjera saka så godt me kan og bidra til ein ryddig prosess vidare. Fram til departementet har gitt tilbakemeldinga si, kan me ikkje seia noko meir om saka, seier Jørgenvåg.

– Er klar over varselet

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho registrerer at Vollheim har vald å trekka seg frå stillinga.

– Departementet er klar over varselet, men det er direktøren sjølv som har valt å trekka seg. Det respekterer eg, stadfestar Brenna.

Tonje Brenna

Varselet om Trude Vollheim hamna på Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) sitt bord.

Foto: William Jobling / NRK

Ho takkar for innsatsen Vollheim har lagt ned sidan 2017, og legg til at tilsynet held fram som vanleg.

– I Noreg skal me ha tryggleik i arbeidslivet, med ryddige forhold og trygge, gode arbeidsplassar. Me ynsker ein rettferdig og seriøs arbeidslivspolitikk, der alle bedrifter følger reglane. Arbeidstilsynet er ein viktig etat i dette arbeidet, med hovudoppgåve å avdekka arbeidskriminalitet og føra tilsyn. Denne innsatsen held fram med uforminska styrke, seier Brenna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger