Hopp til innhold

Siv Jensen kjem aldri tilbake i politikken: – Eg saknar ikkje meg sjølv

Sjølvbiografien til Siv Jensen har skapt overskrifter. No er ho klar på at ho ikkje kjem tilbake til norsk politikk.

Siv - Med egne ord

Siv Jensen fortel om sjølvbiografien «Siv. Med egne ord».

Foto: Heiko Junge / NTB

Tysdag kom sjølvbiografien Siv. Med egne ord. Siv Jensen har vore taus om boka, men onsdag møtte ho pressen i samband med utgivinga.

På pressekonferansen fortel ho at ho hadde byrja å kjenna på ei gamal kjensle då pressen byrja å skriva om biografien.

Siste nytt med Siv Jensen om biografien.

Ho beskriv det som ei vondt i magen-kjensle. Ei kjensle som forsvann den augneblinken ho gav beskjed om at ho gav seg, og som ho har vore glad for å vera kvitt.

– Då eg kjende på den kjensla, så er det nok til at eg med visse kan seia at eg kjem aldri meir tilbake til norsk politikk, sa Siv Jensen då ho møtte pressen.

– Eg har sagt det mange gonger. Eg saknar ikkje meg sjølv, la ho til.

Politiske dragkampar

Om boka fortel Siv Jensen at ho har prøvd å vera ærleg og sjølvransakande.

– Eg har ikkje hatt behov for å skjønnmåla noko, eller overdriva. Så er det mykje eg har vore taus om i alle desse åra, sa Jensen under boklanseringa.

Siv Jensen fortel også om det å fronta Frps politikk som ho personleg har vore usamd i.

– Det eg skriv når det gjeld klimapolitikken, er at vi på eit tidspunkt var heilt bakpå, sa ho under pressekonferansen.

Ho viste også til at ho alltid har vore tilhengar av ulv, medan partiet har vore mot det.

– Aller har visst det i partiet. Det har ikkje vore ein hemmelegheit, hevda ho.

– Og så skriv eg også om partiets veg i homopolitiske spørsmål som eg synest ei lang stund var veldig bakpå. Det har vore veldig vanskeleg for meg som har veldig mange homofile vener, sa ho.

Jensen la også til at ho blei veldig glad den dagen dei «faktisk blei det liberale partiet også i homopolitiske spørsmål».

«Nedrige angrep»

I boka skildrar Jensen både partifellar og politiske motstandarar. Det har blitt retta særleg stor merksemd om det ho har skrive om Carl I. Hagen.

– Eg har ikkje skrive denne boka for å ta eit oppgjer med nokon, svarar Jensen på spørsmål om tidlegare partileiar Carl I. Hagen.

– Carl. I Hagen var mitt store politiske førebilete, la ho til.

Samstundes kjem Jensen med krass kritikk mot partinestoren. Han tok ho over partileiarvervet for i 2006.

I boka hevdar Siv Jensen at han ikkje ville sleppa taket og at han hadde eit behov for å kritisera ho internt i partiet.

Jensen skriv også at Carl I. Hagen og kona Eli Hagen etter kvart blei meir og meir «nedrige i sine angrep».

FOLKETEATERET

Eli og Carl I. Hagen på Folketeateret i 2009 under den offisielle opninga av det nye Folketeateret og Folketeaterpassasjen i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

NRK har vore i kontakt med Carl I. Hagen, som ikkje har ønskt å kommentera boka. Han har likevel skrive eit innlegg på Facebook. Der skriv han blant anna:

«Slik jeg ser det er ikke Frp tjent med en offentlig diskusjon mellom min etterfølger og meg så jeg velger å unnlate videre kommentarer».

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger