Det unike skjelettet blei funne på Svalbard i fjor, og har vekt stor merksemd internasjonalt. No skal bitane setjast saman.
Dei er skjulte i kapper av gips. Men no skal dei fram i dagen.
Bevart under leire
Pilosaurusen er eitt av dei største rovdyra på jorda. Det enorme monsteret levde i havet som dekka Svalbard for rundt 150 millionar år sidan. Skjeletta blei bevarte under leire på havbotnen. 330 meter over havet ved Diabasodden i Isfjorden på Svalbard låg det komplette avtrykket av den 12 meter lange øgla.
Det er det største skjelettet av ein pliosaurus som er funnen i verda nokon gong. Internasjonale media har allereie vist stor interesse for funnet. Alt frå Al Jazeera til Fox News dekka hendinga då øgla vart funne på Svalbard i fjor.
Unike funn
I fjor haust reiste ein norsk ekspedisjon med Jørn Hurum i spissen til Svalbard for å leite. Knoklane funne i skiferlag inn mot permafrosten. I haust var han tilbake og knoklane blei gravne ut, støypte inn i gips og sende til i store konteinerar Oslo. Og i dag starta arbeidet på Naturhistorisk museum med å opne gipskappene å plukke ut bitane.
Ein ryggvirvel kjem fram i dagen i dag. Og i løpet det neste året skal millionar av bitar bli til skjelettet av monsterøgla frå Svalbard.
Publikum får sjå om eitt år
Studentar og tilsette ved Naturhistorisk museum skal no gå gjennom materialet, koste og lime millionar av bitar saman, slik at resultatet kan visast for publikum om rundt eitt år. Då skal det også haldast ein internasjonal konferanse i Oslo med 7000 geologar frå heile verda. Då får dei sjå noko dei aldri har sett før.
Les også:
Sjå innslaget i Schrödingers katt om monsterøgla: