Dei tre opposisjonspartia har saman kome med eit forslag, der dei tek til orde for at Noreg må gå føre i kampen mot atomvåpen, nett slik Austerrike gjorde i fjor då dei vedtok å arbeide for å «stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen».
- LES YTRING:
– Mest grufulle våpenet
Også KrF og Arbeidarpartiet har stilt seg positive til forslaget som vert lagt fram i Stortinget klokka ti i dag.
– Atomvåpen er det mest grufulle våpenet som verda har funne opp, med katastrofale humanitære konsekvensar om det vert brukt, sa Bård Vegar Solhjell i dagens Politisk Kvarter.
Han viser til at det allereie finst forbod mot andre masseøydeleggingsvåpen, som biologiske og kjemiske våpen, men ikkje atomvåpen.
Han meiner Noreg er ein naturleg leiar i arbeidet for eit atomvåpenforbod.
– For nokre år sidan sette Noreg i gang eit internasjonalt initiativ for å klargjere kor farleg bruken er. No er det mange statar som har slutta seg til eit arbeid for eit forbod, seier SV-nestleiaren.
- LES OGSÅ:
– I strid med Natos strategi
Statssekretær i utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen, er einig med Solhjell om at det er behov for eit forbod mot atomvåpen, men regjeringa meiner forslaget frå dei tre opposisjonspartia bryt med Nato sin strategi.
– Natos strategiske konsept seier at så lenge det finst atomvåpen i verda, så må også Nato ha atomvåpen. Det trur eg er fornuftig, nettopp fordi konsekvensane av atomvåpen er så stor at ein kan ikkje tillate at andre har det, om ikkje også Nato har det, seier Pedersen.
- LES OGSÅ:
Han seier at eit forbod ikkje vil nokon effekt på dei landa som i dag undergraver ei nedrusting, og at det i verste fall kan skje at atomvåpen spreier seg til terrorgrupper.
– Kan fint bryte med Nato
Bård Vegar Solhjell er ikkje einig i at forslaget er i strid med Noregs medlemskap i Nato, eit medlemskap som SV er mot.
– Det er ingen juridiske eller politiske bindingar knytt til Nato-medlemsskapet. Og om det er slik at Noreg ikkje kan arbeide for noko internasjonalt fordi me er medlem av Nato, så trur eg det er mange som kjem til å lure litt, seier Solhjell.
- LES OGSÅ:
Pedersen held fast ved at forslaget som i dag vert lagt fram bryt med Nato-strategien.
– Eg meiner det vil vere heilt gale, i dagens situasjon, å sende eit signal om at me ikkje vil stå saman med Nato i dei utfordringane som me står framfor, seier statssekretæren.