Hopp til innhold

Ropar varsku om smertestillande medisin

Rusforskarar ropar varsku om bruken av den smertestillande medisinen Oksykodon. Bruken av Oksykodon er åttedobla i Noreg dei siste 15 åra, viser tal frå Reseptregisteret.

Oksykodon i apotekhylle

Tal frå Reseptregisteret viser at bruken av medikamentet Oksykodon er åttedobla i Noreg dei siste 15 åra.

Foto: NRK

Dette er det same preparatet som er knytt til ein epidemi av overdosedødsfall i USA. Medikamentet har fått skulda for å skapt ei heilt ny gruppe narkomane i landet, som har ført til svært mange dødsfall.

Også i Noreg er det no fleire som døyr av overdosar av lovleg medisin – enn av til dømes av heroin.

Døydde av overdose

Ole Johnny Broholt Bakke, som NRK fortalde om laurdag, døydde av ein overdose av lovlege medikament, utskrivne av legar. Oksykodon var eitt av medikamenta han gjekk på, men ikkje ein del av dødsårsaka.

33 år gamle Ole Johnny ble funnet død i senga på et sykehjem. Kroppen hans var full av medikamenter betalt av staten.

33 år gamle Ole Johnny vart funnen død i senga på ein sjukeheim. Kroppen hans var full av medikament betalt av staten.

Thomas Clausen er leiar for senter for rus- og avhengighetsforsking ved Universitetet i Oslo.

– Vi har ropt varsku om den auka bruken av Oksykodon, seier rusforskar Thomas Clausen.

Foto: NRK

Thomas Clausen, leiar for senter for rus- og avhengigheitsforsking ved Universitetet i Oslo, er uroa over utviklinga.

– No trur eg ikkje vi kjem til å ende opp der USA er, med tusenvis av dødsfall knytte til dette medikamentet. Men vi har ropt varsku fordi vi gjerne vil snu denne utviklinga tidleg, og før det blir ein folkehelsekatastrofe i Noreg, seier han.

Marte Kvittum Tangen er leiar i Norsk foreining for allmennmedisin. Ho seier at Oksykodon er meir avhengigheitsskapande enn dei først trudde.

Skal redusere bruken

Marte Kvittum Tangen, leiar Norsk foreining for allmennmedisin.

Marte Kvittum Tangen er leiar for Norsk foreining for allmennmedisin. Ho seier dei no har starta ein kampanje for å få ned bruken av opiat i smertebehandlinga.

Foto: NRK

– Oksykodon skapar meir avhengigheit enn vi har vore klare over, og det er langt meir avhengigheitsskapande enn det var presentert som då medikamentet var introdusert for den norske marknaden, seier Kvittum Tangen.

Ho seier at dei no har sett i verk tiltak for å redusere bruken av preparatet.

– Det er legane sitt ansvar at pasientane ikkje blir avhengige av slik stoff, og derfor legeforeininga sett i verk tiltak for å redusere bruken av sterke medikament. I denne kampanjen gir vi råd om å vere forsiktig med utskriving av Oksykodon og sjå om vi kan velje andre typar smertestillande enn opiat, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ