Rekordmange unge tek kontakt om sjølvmord

Aldri før har så mange unge tatt kontakt om sjølvmord og sjølvmordstankar: – Eit teikn på meir openheit, meiner Nelli Kongshaug i Kors på halsen.

Ingebjørg Blindheim og Karoline Thorbjørnsen

PSYKT ÆRLIG: Ingebjørg Blindheim og Karoline Thorbjørnsen driv Snapchat-kontoen Psykt Ærlig.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Det er leit at det er så mange som har sjølvmordstankar og ikkje veit kva dei skal gjere. Samtidig er det bra at dei faktisk tek kontakt, seier Nelli Kongshaug.

Ho er leiar i Kors på halsen, Raudekrossen si anonyme hjelpelinje for barn og unge, på telefon og chat.

Aldri før har dei hatt så stor pågang på hjelpelinjene. Pågangen er så stor at dei ikkje greier å ta i mot alle. Talet på unge som tek kontakt med sjølvmordstankar er dobla sidan 2015, frå 373 til 784 samtalar.

– Vi trur årsaka til dette er eit stort fokus frå media rundt tema, i tillegg til at det er meir openheit rundt det, og lågare terskel for å ta opp tankar om sjølvmord, seier Kongshaug.

Rapporten fra Kors på halsen viser at samtalene om sjølvmord kjem heile året. Samtalane varer stadig lenger, fordi tematikken ofte er alvorleg. 70 prosent av dei som tek kontakt er jenter.

Andre hjelpelinjer melder om den same tendensen. Mental Helse hadde ei auke på 14 prosent i 2019, frå unge som søkte hjelp.

– I jula i fjor var det spesielt mange unge som hadde behov for å prate, seier dagleg leiar i Mental Helse sin hjelpetelefon, Aslaug Timland Dale. Også ho melder at dei ikkje får til å svare alle.

  • Trenger du hjelp? Mental helse har åpent hele døgnet på telefon 116123. Kirkens SOS kan nås på telefon 22 40 00 40. Her kan du lese om Kors på halsen

Nelli Kongshaug

STOR PÅGANG: Nelli Kongshaug i Kors på halsen har aldri før fått så mange meldingar frå unge med tankar om sjølvmord.

Foto: Raudekrossen

Opplever å ikkje bli tatt på alvor

Mange av ungdommane som tek kontakt, er ungdom som snakkar om sjølvmordstankane for første gong. Samtidig er mange av dei som tek kontakt allereie i behandlingssystemet, men sit med ei oppleving at ein ikkje blir tatt på alvor.

– Både frå mi eiga erfaring, og dei eg snakkar med, ser vi at det er for lange ventetider og for få psykologtimar, i tillegg til at mange ikkje blir trudd, seier Ingebjørg Blindheim, som driv Snapchat-kontoen Psykt Ærlig.

Psykt Ærlig er det dei kallar ei brukarerfart rådgivingsteneste på Snapchat, der hovudmålet er å dele håp og erfaringar om korleis ein kan få hjelp.

– For både meg, og dei eg har snakka med, er det mykje hjelp i å snakke med nokon, og å få høyre at ein bryr seg. Det gjer det lettare å halde ut til ein får profesjonell hjelp, seier Blindheim.

Eit hjelpetilbod beståande av frivillige

Nær 80 prosent av dei som tek kontakt, går via chatte-tenesta, der svarprosenten er lågast, på 44 prosent. Svarprosenten på telefonsamtalane er på 62 prosent.

Kongshaug synest det er tungt at dei ikkje har stor nok kapasitet, spesielt når ungdommane som er i hjelpeapparatet opplever å ikkje bli tatt på alvor eller høyrt.

– Det er dit vi ønsker at dei skal. Vi tilrår dei å gå vidare og snakke med helsesjukepleiarar eller ein lege, seier Kongshaug.

Når fleire ikkje opplever å få den hjelpa dei treng frå helsetenestene er det ekstra viktig å styrke dei frivillige helsetenestene, meiner Kongshaug.

– Det er større openheit rundt denne typen problem, og då må ein rekne med at fleire tek kontakt, seier Fredrik Walby, forskar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og -førebygging.

– Tek dette på alvor

Helseminister Bent Høie svarer at regjeringa har gitt meir pengar til hjelpetelefonane for å styrke desse.

I tillegg innfører regjeringa livsmestring som tverrfagleg fag på skulen, og stiller krav om at alle kommunar skal ha psykologkompetanse.

– Vi håper dette kan gi betre hjelp, men også raskare og tidlegare hjelp, slik at ein får hjelp før ein vurderer å ta sitt eige liv, avsluttar Høie.

Helseminister Bent Høie har invitert en rekke interesseorganisasjoner, forskere og eksperter til et møte om åpenhet rundt selvmord.

ETTERLYSER FØREBYGGING: Helseminister Bent Høie har inviterte nyleg interesseorganisasjonar, forskarar og ekspertar til eit møte om openheit rundt sjølvmord.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger