Hopp til innhold

Regjeringa har rekna på pensjonsforslag – åtvarar om milliardrekning

Samtidig som samtalane om å auke pensjonane startar på Stortinget, kjem regjeringa med ei kraftig åtvaring. Om 30 år vil Frp og SVs gåvmilde minstepensjon ifølgje departementet koste samfunnet nesten 50 milliardar. Kvart år.

Fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) meiner det blir ei enorm pensjonsrekning om Stortinget vedtek SV og Frps minstepensjon.

ÅTVARAR: Henrik Asheim (H) trur auka minstepensjon blir enormt dyrt.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Vi veit at kostnadane ved å gjere dei grepa som blir foreslått her vil vere 5 milliardar kroner neste år. Men i 2050 vil det vere 46 milliardar kroner, seier Henrik Asheim (H), fungerande arbeids- og sosialminister.

Eit lite varsel før du les vidare. Her kjem det mange store tal. Men du skal få ei forklaring undervegs.

Fattigdomsgrensa

For dei store tala er viktige. Dei handlar om kva du eller dine barn og barnebarn vil ha å leve av som alderspensjonistar. Dei store tala var oppe til diskusjon når politikarane på Stortinget i dag samla seg til samtalar om å auke pensjonane.

Forhandlingar om auke av pensjonane på Stortinget 19. november 2020.

FØRSTE MØTE: Forhandlingar frå møterom til heimekontor.

Foto: SV

Eitt av spørsmåla er: Kan vi ta oss råd til å betre inntekta til dei fattigaste minstepensjonistane viss rekninga veks frå 5 til nesten 50 milliardar i året?

Utgangspunktet for samtalane i dag er at SV og Frp vil det. Dei to partia har funne saman i ein uvanleg allianse for å betre pensjonane. Og det er to vesentlege punkt som kostar store pengar i forslaget.

  • Alderspensjonane skal betrast ved å gje pensjonistane gjennomsnitt av pris- og lønsvekst kvart år. Mykje tyder på at dette kan bli vedtatt av Stortinget.
  • Norske minstepensjonistar skal få minst det som er EUs fattigdomsdefinisjon: 60 prosent av medianinntekten i landet. Her er det venta meir diskusjon.

Det er rundt 140.000 minstepensjonistar her i landet. Talet har gått ned dei siste åra, men dei som lever på minstepensjon har det trangt, viste ein analyse frå SSB som vart publisert i fjor.

Forslaget om auka minstepensjonar åleine er altså kostnadsrekna til om lag 5 miliardar neste år. Men regjeringa er langt meir redd for dei langsiktige konsekvensane. For det er då dei store utgiftene kjem.

Henrik Asheim (H) fungerer som arbeids- og sosialminister mens Torbjørn Røe Isaksen har pappaperm. Og Asheim kjem med ei kraftig åtvaring om at rekninga for minstepensjonsforslaget vil vere på heile 46 milliardar årleg i 2050. Det viser utrekningane frå departementet.

Fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) meiner SV og Frps pensjonsforslag vil bli enormt dyrt om nokre år.

2050: Fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) meiner SV og Frps pensjonsforslag vil bli enormt dyrt om nokre år.

– Dei som er unge i dag skal også vite at dei får ein god pensjon. Då kan ikkje kostnadane bli så store, seier Asheim.

40.000 meir å rutte med

Med gjeldande system får ein einsleg minstepensjonist 204.690 kroner i pensjon i året. Det vil definitivt sjå litt betre ut på bankkontoen om SV og Frp får gjennomslag.

Regjeringa har nemleg rekna seg fram til at ein einsleg pensjonist må ha om lag 41.000 kroner meir i pensjon for å nå opp til EUs fattigdomsgrense på 245.000 kroner i året. Dette kjem fram i utrekningar regjeringa har levert til SV og Frp.

For gifte og sambuande minstepensjonistar vil den årlege pensjonen auke med i overkant av 25.000 kroner til kvar.

Grunnen til at kostnaden ved dette ifølgje regjeringa kan vekse til heile 46 milliardar kroner, er at det blir langt fleire pensjonistar i åra som kjem og fleire får minstepensjon som då vil ligge på eit høgare nivå.

Regjeringa har lagt til grunn at alle alderspensjonistar også i framtida skal vere sikra inntekt over EUs fattigdomsgrense.

– Eg reknar med SV og Frp meiner dette skal gjelde minstepensjonistar også i framtida, då må vi rekne ut frå det, seier Asheim. – Kostnadane vil balle på seg fordi det blir fleire pensjonistar og færre arbeidstakarar.

– No grev dei djupt i skuffene

Men SVs Audun Lysbakken lyttar ikkje på det øyret.

Audun Lysbakken under forhandlingane om pensjon 19. november 2020.

RIKTIG: Audun Lysbakken (SV) er ikkje i tvil om at minstepensjonen må opp.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Det vil koste å bli kvitt fattigdom blant eldre, men langt mindre enn det Høgre har brukt på skattelette som særleg har kome dei rikaste til gode. Dette er omvendt fordelingspolitikk, det er riktig og viktig.

Han vil ikkje umiddelbart akseptere at reknestykket med usikre milliardutgifter 30 år fram i tid stemmer.

– No grev regjeringa djupt i skuffene sine etter argument for å ikkje gjere noko med fattigdom blant eldre i dag. Eg vil ikkje gå god for alle tal som Høgre kastar ut i dag, men eg undrar meg over at Høgre først og fremst er oppteken av å kaste fram alle moglege tal på kva vi ikkje kan gjere.

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre seier Ap kjem til å støtte den delen av forslaget som handlar om årleg regulering av alderspensjonane. Minstepensjonane er eit større spørsmål.

– Dei andre forslaga får vi diskutere, både kva dei betyr og korleis vi skal handtere dei, seier Støre.

Frp-leiar Siv Jensen framhevar at det er vel så viktige spørsmål å diskutere som totalkostnaden ved minstepensjonsforslaget.

– Det er klart det kostar pengar. Spørsmålet er korleis vi skal utforme dette slik at det blir opplevd som rettferdig og leveleg for landets pensjonistar.

– Meiner regjeringa verkeleg at dersom vi gir denne minstepensjonen no, så har vi ikkje råd til pensjonar i framtida?

– Jau, vi har råd, men vi vil ha råd til dårlegare pensjonar i framtida, seier Henrik Asheim.

AKTUELT NÅ