Hopp til innhold

Går saman om å løfte pensjonistane

Norske pensjonistar kan gå tjukkare lommebøker i møte. SV-leiar Audun Lysbakken og Frp-leiar Siv Jensen har funne saman og lovar meir i pensjon. Både Ap og Sp er positive, og forslaget ser ut til å få fleirtal.

Pensjonistforbundets Jan Davidsen, Frp-leiar Siv Jensen og SV-leiar Audun Lysbakken held pressekonferanse om regulering av pensjonane.

GÅR SAMAN: Jan Davidsen i pensjonistforbundet, Siv Jensen (Frp) og Audun Lysbakken (SV) held pressekonferanse om pensjonar i ettermiddag.

Foto: Ingrid Kjelland-Mørdre / NRK

Norske pensjonistar har i fleire år opplevd ei negativ kjøpekraftutvikling fordi pensjonane er underregulerte. Trygdeoppgjeret er nemleg slik at alderspensjonistane får 0,75 prosent mindre enn lønsveksten som lønstakarane får.

I år med dårlege lønsoppgjer gjer dette at prisane aukar meir enn pensjonen.

Nytt forlik

No har Frp og SV gått saman i ein uvanleg allianse for å løyse problemet, og dei har trua på at dei kan få med seg eit fleirtal. Frp-leiar Siv Jensen drog nemleg linjene tilbake til tidleg 2000-tal på ein pressekonferanse i dag. Den gongen gjekk SV og Frp saman om barnehageforliket. Med Ap og Senterpartiet på laget fekk dei etter kvart med seg stortingsfleirtalet. Den gongen var Høgre, KrF og Venstre i regjering, akkurat som i dag. Avtalen gav ei storstilt utbygging av barnehagar og reduserte barnehageprisar for norske småbarnsforeldre.

– I dag tek vi initiativ til eit nytt forlik, eit pensjonistforlik, sa Jensen.

Denne gongen handlar det altså om dei eldre.

Frp har saman med SV og pensjonistforbundet utarbeidd eit forslag som handlar om å legge til rette for meir føreseieleg vekst i pensjonane.

Dei viktigaste forslaga Frp og SV legg fram for Stortinget er:

  • Pensjonistane skal få gjennomsnittet av løns- og prisveksten
  • Minstepensjonen skal trappast opp mot EUs fattigdomsgrense
  • Pensjonistane skal få forhandlingsrett

Meir igjen for pengane

– Vi har sett tap av kjøpekraft gjennom mange år, at pensjonistane får stadig mindre igjen for pensjonen sin, utdjupa Siv Jensen på den felles pressekonferansen mellom SV, Frp og Pensjonistforbundet.

– I SV har vi vore frustrerte over at det ikkje har vore mogleg å få utløyst det som har vore antydningar til eit politisk fleirtal for dette, sa SV-leiar Lysbakken på pressekonferansen.

– Men no har vi funne ein veg som vi håpar skal skape rørsle, sa Lysbakken og peika på at han vil at ein opptrappingsplan for minstepensjonistane skal starte i år.

– Det er jo ein uvanleg allianse mellom SV og Frp, men vi inngår eit forlik kvart 17. år, det neste kjem i 2037, fleipa han.

Pensjonistforbundet og forbundsleiar Jan Davidsen, som er tidlegare sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, har vore kritiske til underreguleringa i mange år og har ønska forhandlingsrett på vegner av pensjonistane. I dag sto han saman med nye politiske allierte i Frp og SV.

– Men er det ikkje umusikalsk å kome med desse krava no som det er store utgifter til koronaepidemien?

– Overhovud ikkje. Dette dreier seg om å rette opp litt av uretten som har vore i fem av dei siste åra. Det gjer at pensjonistane går inn i koronatida med dårleg råd.

Forbundsleiar Jan Davidsen i Pensjonistforbundet har gått saman med Frp og SV om å skissere forslag om auka pensjonar.

MEIR: Forbundsleiar Jan Davidsen i Pensjonistforbundet meiner ikkje det er umusikalsk å krevje meir i pensjon i koronakrise-tid.

Pensjonsreforma

Modellen med at pensjonistane får 0,75 prosent mindre enn lønstakarane stammar frå pensjonsreforma som vart vedteken då Arbeidarpartiets Jens Stoltenberg var statsminister. Både SV og Frp sto utanfor då avtalen om reforma vart gjort.

Erna Solbergs regjeringar, der Frp har vore med, har styrt på prinsippa frå Stoltenbergs pensjonsreform som Høgre støtta.

No er Frp ute av regjering, og då Frp la fram sitt forslag til statsbudsjett i går, var 2,5 milliardar kroner til auka pensjonar ei av dei prioriterte sakene dei sa dei ville forhandle med regjeringa om.

Fleirtal

– Dette er jo strålande det, seier Senterpartiets Per Olaf Lundteigen, som meiner hovudtrekka i forslaget er henta frå det Senterpartiet har stått for over lang tid. Han viser til at Sp har gått inn for prinsippet om gjennomsnittet av løns- og prisvekst og at pensjonistane skal ha forhandlingsrett.

– No står dette på Arbeidarpartiet, meiner Lundteigen.

Også Arbeidarpartiet er positiv til forslaga frå Frp og SV.

– Dette kjenner vi igjen. Vi har bede om ei betre regulering av pensjonane slik at ikkje pensjonistane går i minus når andre går i pluss, og vi er for eit løft for minstepensjonistane, seier Jonas Gahr Støre til NRK.

Arbeidarpartiet har vore meir skeptisk til forhandlingsrett for pensjonistane, men er heller ikkje avvisande til dette.

– Vi kan diskutere om delar av ein pott skal inngå i samtalar med pensjonistane, seier Støre.

– Konsekvensane kan bli store

Forslaget blir truleg eit tema når Frp møter regjeringa i budsjettforhandlingar.

– Det som skjer i forhandlingsrommet, det skjer der, seier Mudassar Kapur (H) som møtte Frp i forhandlingar om statsbudsjettet i ettermiddag.

Regjeringspartia har vist til fungerande arbeids- og sosialminister Henrik Asheim for ein kommentar til forslaget. Statssekretæren frå departementet seier forslaget kan bli dyrt.

– Det kan høyrest forlokkande ut å endre reguleringa av pensjonane, men om vi endrar reguleringa av pensjonar for dei som i dag er pensjonistar, endrar vi samtidig også verdiutviklinga av pensjonar som er under opptening, og som skal betalast om 20, 30 og 40 år. Dei økonomiske konsekvensane kan altså bli store, og det vil auke uvissa om vi i framtida vil ha eit pensjonssystem som er økonomisk berekraftig, skriv statssekretær Vegard Einan i Arbeids- og sosialdepartementet.

AKTUELT NÅ