Hopp til innhold

LO-Valla refsar regjeringa for straum-passivitet

Straum-presset mot regjeringa frå eigne rekker aukar på. Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla meiner regjeringa er passiv og bakpå, og at den har eit forklaringsproblem.

Gerd-Liv Valla

REFS: Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla har engasjert seg i kraftpolitikken. Ho er ikkje imponert over regjeringa.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

– Det går for seint, seier Gerd-Liv Valla, straumaksjonist som forventar umiddelbare politiske grep.

– Det er ein del ting vi veit vi må gjere. Då er det mykje betre å berre gjere det i staden for å la seg drive frå skanse til skanse.

Ho er ei av fleire som står regjeringa nær som legg press på den Arbeidarparti-leia regjeringa. Statsminister Støres mannskap jobbar akkurat no med tiltak for å løyse ei stadig meir krevjande straumkrise.

Eksportstopp og støtte

Valla sat sjølv som statsråd og i andre roller i regjeringsapparatet for Arbeidarpartiet på 90-talet, men er mest kjend som mektig LO-leiar i åra 2001 til 2007.

I eit intervju med NRK dreg ho fram tre grep som ho meiner bør kome lenge før den regjeringsoppnemnde energikommisjonen legg fram si utgreiing i desember.

  • Straumstøtte til dei delane av næringslivet som ikkje får støtte i dag
  • Innføre ein makspris på straum
  • Instruere kraftbransjen til å avgrense eksporten

– Eg forstår ikkje at ein kan planlegge for ein straumpris som ligg himmelhøgt over produksjonskostnaden. Straum er eit basisgode.

– Men dette er komplekse system som regjeringa jobbar iherdig med.

– Eg skjønnar at det er komplekst. Men i krisesituasjonar har ein klart å gjere ting raskt før. No må ein lytte til alle signala som kjem, for eksempel frå småbedrifter.

Kamp for industrien

Gerd-Liv Valla

INDUSTRIKAMP: Valla avbilda på 1. mai 2019.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Gje oss ein makspris på basisforbruket. Maks 50 øre! oppfordrar Valla med Støre-regjeringa som adressat.

Den no 74 år gamle Valla har engasjert seg i energipolitikken gjennom si deltaking i «Alternativ energikommisjon». Denne gruppa er nedsett av «Industriaksjonen», som er ein aksjon danna med utgangspunkt i LO og fagrørsla. Dei jobbar for å sette fokus på vilkåra til norsk industri.

Og tilgang til rimeleg kraft står heilt sentralt.

I ei tid på året der vi normalt har billeg straum, har prisane i Sør-Noreg denne veka nesten slått dei svimlande rekordane frå i vinter. Samtidig viser dagens statistikk at fyllingsgraden i vassmagasina i Aust- og Sørvest-Noreg er på det lågaste nivået målt i veke 30 dei siste 20 åra.

Ikkje rart det kjem krav om politisk handling.

Mange av dei kraftigaste ropa kjem no frå regjeringa sine eigne.

Valla meiner ein kan innføre ei maksprisordning, men at ein samtidig kan ha eit toprissystem som gjer at ein avgrensar luksusforbruk.

Ser til Frankrike

Kraftkablane mellom Noreg og utlandet har innteke ein viktig del av debatten. Men det er stor usemje om kor mykje dei påverkar dei norske prisane.

Etter Vallas syn er det openbert at kablane driv prisane. Ho meiner vi bør la oss inspirere av Frankrike. Landet er ein krafteksportør, primært av kjernekraft, men kraftprodusentane blir pålagt å prioritere innanlands kundar. Professor Øystein Noreng har skildra systemet i Klassekampen. President Macrons regjering har også innført ei maksprisordning.

Electricite de France (EDF) sitt kjernekraftverk i Dampierre-en-Burly.

FRANSK ATOMKRAFT: Gerd-Liv Valla meiner det er noko å lære av Frankrike.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Når Frankrike både innfører makspris og instruerer produsentane til å prioritere innanlands kundar, skjønnar ikkje eg kvifor ikkje vi kan gjere det same, seier Valla. Dersom vi ikkje har dei verkemidla og lovene vi treng, så får vi skaffe oss det.

I eit intervju med NTB førre veke føre budde Jonas Gahr Støre folket på at vi kan ha høge straumprisar i fleire år framover fordi Europa er i energikrise.

Men sjølv om Noreg kjenner på «prissmitten» frå eit kriseråka Europa, er Støre krystallklar til NRK. Han meiner svaret på kraftkrisa ikkje er å snevre inn kraftvegane mellom oss og kontinentet.

– Det er veldig lite som blir sendt ut av landet. Førre veke kom det meir inn enn det kom ut, seier Støre.

Og han viser til at kraftbransjen har fått beskjed:

– Vi har klare forventningar til kraftselskapa om at dei fyller opp vassmagasina no. Mens dei gjer det, blir det verken produsert eller eksportert mykje kraft.

– Regjeringa har jo bede kraftselskapa om å avgrense nedtappinga, og Støre seier eksporten ikkje er problemet, Valla?

– Magasina er jo nesten tømte ned, og det blir framleis eksportert i bøtter og spann mens kraftselskapa håvar inn milliardar. Då skjønnar ikkje eg kvifor vi ikkje kan få makspris og umiddelbar straumstøtte til næringslivet, seier Valla.

– Regjeringa har full aktivitet no for å handtere situasjonen, vi ser på støtte til hushaldningane og tiltak for bedriftene, kontrar Støre til NRK.

Olje- og energiminister Terje Aasland stadfestar til NRK at regjeringa jobbar med tiltak for å avgrense eksport og unngå for lite vatn i kraftmagasina. I tillegg skal mindre verksemder få hjelp med straumrekninga.

– Konkret korleis detaljane i opplegget blir, må eg kome tilbake til, seier Aasland til NRK.

Men Valla trur ikkje folk har tillit til ei regjering som tek seg for god tid og som slit med å forklare samanhengane.

– Støre er ein klok mann, men han har eit stort forklaringsproblem. Viss ein skal føre ein politikk for vanlege folk, så må ein klare å forklare dette til oss vanlege folk. Eg har jo sagt at ein kanskje er litt for redd for å tråkke EU på tærne, seier ho og viser til eit intervju ho gjorde med avisa Nationen i juli.

Støre: – Avhengig av samarbeid

Statsministeren meiner landet vårt er avhengig av å både importere og eksportere kraft og å halde oppe eit godt samarbeid på energiområdet.

Jonas Gahr Støre

SAMARBEID: Jonas Gahr Støre vil ikkje avgrense krafteksporten for mykje.

– Det er rekordlåg eksport frå Noreg no samanlikna med tidlegare år. Noreg kan ha tørrår, og vi er avhengige av at vi kan ha handel med landa rundt oss, det kan vi ikkje kutte ut.

Den siste kraftsituasjonsrapporten frå NVE viser, som Støre seier, at vi har eksportert mindre kraft til no i år enn i fjor. Frå sørlege Noreg, der problema har vore størst, er nettoeksporten 6 TWh mindre enn i fjor. (Det norske behovet for kraft ligg på rundt 140 TWh i året.)

Men den same rapporten viser også det store problemet med for lite vatn i dammane som gir oss vasskraft. Produksjonen i sør er nemleg heile 11,5 TWh mindre enn på same tid i fjor.

Altså: krafteksporten til andre land er ikkje redusert like mykje som fallet i produksjonen.

Og i ein situasjon med aukande prisar, eksporterte Noreg meir til utlandet i den nest siste veka i juli (veke 29) enn i veka før, viser rapporten.

– Kvifor ikkje berre stenge eksporten?

– I førre veke kom det meir kraft inn til landet enn det gjekk ut. Vi er avhengig av den utvekslinga når det er tørrår slik som vi har no. Men difor må vi få opp magasinfyllinga, det jobbar vi med. Det lange bildet er at vi må produsere meir fornybar kraft i Noreg.

– Valla meiner du er for god venn med EU til å stenge eksporten av straum.

– Det får vere hennar synspunkt, seier Støre om ho som var av dei mest markerte EU-motstandarane i partiet.

– Eg tek vare på norske interesser. Vi gjer dei tiltaka som trengst for å ha forsyningssikkerheit, men det er også i norsk interesse å ha ordna forhold med landa rundt oss. Vi treng kraft frå landa rundt oss når vi har tørrår og manglar. Då kan ikkje vi seie at vi stenger dei ute, vi må vere i eit godt samarbeid med dei, utdjupar statsministeren.

Men Valla er ikkje imponert over handlekrafta.

– Det er ingen tvil om at dette er saka som gjer at Sp og Ap slit på målingane. Eg trur det vi ser no er øydeleggande for valet om eitt år.

AKTUELT NÅ