Hopp til innhold

No skal Stortinget granske Stoltenberg-tilsettinga

Fleire parti varslar at dei vil undersøke tilsettinga av Jens Stoltenberg i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Peter Christian Frølich (H)

Leiar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, Peter Frølich (H), varslar ein grundig gjennomgang av prosessen som førte fram til at Jens Stoltenberg fekk jobben som sentralbanksjef.

Foto: Casper Lehland / Høyre

Fleire av partia på Stortinget varsla allereie i går at tilsettinga av ny sentralbanksjef vil få etterspel.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene for kontrollkomiteen er å passe på at regjeringa opptrer ryddig og slik dei skal. Vi kjem difor til å følge opp utnemninga med grundige og gjennomtenkte spørsmål. Ikkje fordi vi legg til grunn at det har skjedd noko feil, men fordi det er viktig å kontrollere dette, særleg når utnemninga er omdiskutert, seier leiaren av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, Peter Frølich (H).

Frp-leder Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug (Frp)

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier dei støttar granskinga, sjølv om Stoltenberg er godt kvalifisert til jobben. Men bindingane til statsministeren, Arbeidarpartiet og regjeringa er problematiske.

– Frp er kritisk til tilsettinga av tidlegare Arbeidarpartileiar Jens Stoltenberg som ny sentralbanksjef, seier ho..

– Uklok avgjerd

Nestleiar og finanspolitisk talsperson i Venstre, Sveinung Rotevatn er sterkt kritisk til utnemninga av Stoltenberg.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn (V)

Foto: Torstein Bøe

– Dette er ei uklok avgjerd av regjeringa. Det er viktig at Noregs Bank er uavhengig og blir oppfatta som uavhengig. No vel ein ein partipolitikar.

Rotevatn seier han håper og trur Stoltenberg klarer å vere profesjonelt uavhengig.

– Spørsmålet er om folk har brei tillit til det som no skjer. Stortinget har det openbert ikkje, og eg trur ikkje folk flest har det heller, seier han til NRK.

Tina Bru

Tina Bru (H).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Nestleiar i Høgre og finanspolitisk talsperson, Tina Bru, gratulerer Stoltenberg med jobben som sjef i Noregs Bank. Men ho peikar samtidig på uroa som har vore rundt prosessen.

– Dei siste månadane har både økonomar, kommentatorar og politikarar frå alle parti, unnateke Ap og Sp, vist uro for kva ei utnemning av Stoltenberg ville kunne ha å seie for tilliten til Sentralbanken, seier ho.

Finansdebatt på Stortinget

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Foto: Heiko Junge / NTB

Heller ikkje SV meiner utnemninga av Stoltenberg er ei klok avgjerd. Finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski gjorde det tidleg ute og åtvara mot at han skulle få jobben. Ho trur spørsmålet om sjølvstende vil dukke opp.

– Der er eg redd for at bråket rundt tilsettinga no, og spørsmål knytt til sjølvstende vil kome i vegen, seier ho til NRK.

Meiner prosessen står til stryk

Raudts finanspolitiske talsperson, Marie Sneve Martinussen, meiner tilsettingsprosessen står til stryk.

Marie Sneve Martinussen

Marie Sneve Martinussen (R)

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

– Det er 1–0 til maktspelaren Stoltenberg. Raudt krev svar på kva vurderingar som blei gjort då Stoltenberg blei oppmoda til å søke jobben.

Ho fryktar folk flest vil tape på utnemninga.

– Eg fryktar vi får ei meir omsynslaus sentralbankstyring, og at renta kjem til å bli heva for mykje, for raskt, fordi Stoltenberg no skal vise at han er uavhengig av regjeringa. Då er det ikkje Støre det går ut over, men bustadeigarar og arbeidsplassar, seier ho.

Une Bastholm, MDG-leder

Une Bastholm (MDG)

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

MDG-leiar Une Bastholm kallar utnemninga dristig, og seier dei støttar initativet til å granske tilsettingsprosessen.

– Det dristige er at han har så tette band til statsministeren og statsministerens parti.

Men ho har også forventingar av den nye sentralbanksjefen.

– Han må bruke den erfaringa han har til å vere ein uavhengig og visjonær sentralbanksjef, seier ho, og nemner sosial pengepolitikk og grøne jobbar som viktige saker.

Trur han vil gjere ein god jobb

KrF har på førehand ikkje delteke i kritikken frå Stortinget mot Stoltenberg som sentralbanksjef. Partileiar Olaug Bollestad seier til NRK i dag at ho er trygg på at Jens Stoltenberg vil gjere ein god jobb.

Olaug Vervik Bollestad

Olaug Bollestad (KrF)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det var to gode kandidatar som peikte seg ut. Eg har blitt veldig imponert over Ida Wolden Bache og hennar kompetanse. På same tid er Jens Stoltenberg ein dyktig økonom og ikkje minst ein sjeldan sterk leiar, seier ho.

Men ho understrekar at det er viktig at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget undersøker prosessen på ein grundig måte.

Åsmund Grøver Aukrust

Åsmund Aukrust (Ap)

Foto: Arbeiderpartiet

Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust frå Arbeidarpartiet gratulerer og ønsker Stoltenberg lykke til i den nye jobben, og seier at han set sin lit til dei vurderingane Finansdepartementet har gjort i tilsettingsprosessen.

– Dette er ei særleg uavhengig stilling. Difor er eg oppteken av at vi som stortingspolitikarar ikkje skal noko meining om dette. Det er eit paradoks å høyre om stortingsfleirtalet som meiner det eine og det andre. Vi på Stortinget har ikkje noko med dette å gjere, seier han.

Frykter for sjølvstendet

Økonomiprofessor Halvor Mehlum ved Universitetet i Oslo er kritisk til tilsettinga. Med tanke på at Noregs Bank skal vere sjølvstendig frå regjeringa, synest han det er pussig at ein tidlegare statsminister no blir sentralbanksjef.

Økonomiprofessor ved UiO, Halvor Mehlum

Økonomiprofessor Halvor Mehlum.

Foto: Lisbeth Skei / NRK

– Kvar gong renta går opp, kan nokre grupper som ikkje er tent med avgjerda, kunne hevde at dette er ein del av eit sosialdemokratisk Ap-prosjekt, og ikkje ein del av sentralbankens sjølvstendige posisjon.

– Kvifor er det viktig at omverda ser på Noregs Bank som uavhengig av politiske parti?

– Det er viktig at landets borgarar aksepterer dei institusjonane vi har, og respekterer den arbeidsdelinga som er mellom institusjonane. Då blir det uryddig at politikarar går til sentralbanken, noko som kan undergrave, i alle fall stille spørsmål, ved sjølvstendet, seier han.

Godt kvalifisert

Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO gratulerer Jens Stoltenberg med jobben som sentralbanksjef.

NHO-ØKONOM: Dørum tror ikke på prisvekst ut av kontroll.

Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO

Foto: Moment Studio / Moment Studio

– Stoltenberg er godt eigna som sentralbanksjef. Han har leiarerfaring frå skiftande tider. Han har leia gjennomføring av store, krevjande reformer. Han har god økonomisk forståing, og er ein svært god kommunikator.

Men Dørum peikar på at Stoltenberg manglar teoretisk og praktisk erfaring frå ansvarsområda til Noregs Bank.

Men der vil Ida Wolden Baches erfaring og kompetanse utfylle hans på ein svært god måte. Vi vil få ei svært sterk sentralbankleiing, seier han.

Kari Due-Andresen

Sjeføkonom Kari Due-Andresen i Akershus Eiendom

Foto: Inger K. Lee/Ole P. Klepp / NRK

Også sjeføkonom i Akershus Eiendom, Kari Due-Andresen, meiner Stoltenberg er godt kvalifisert til dei oppgåvene han no etter kvart skal få. Ho trur ikkje hans politiske bakgrunn blir eit problem.

– Det ville fort bli avslørt dersom ein sentralbanksjef skulle sett renta etter eigne behov. Rolla som sentralbanksjef inneber også meir enn å sette renta, blant anna å kontrollere oljefondet. og Stoltenbergs breie og solide bakgrunn trur eg kjem svært godt med her, seier ho til NRK.

– Luksusproblem

Sjeføkonom i Sparebanken 1 Markets, Harald Magnus Andreassen, er ikkje overraska over valet, og trur Stoltenberg vil gjere ein god jobb. Men Finansdepartementet har ikkje hatt ein enkel jobb i denne prosessen, seier han.

Harald Magnus Andreassen i Swedbank i Oslo.

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.

Foto: Lise Åserud

Vedum og Finansdepartementet hadde eit luksusproblem, med to svært ulike kandidatar som begge kunne fylle rolla godt, på kvar sin måte. Eg er ikkje uroa for at Stoltenberg vil ta spesielle partipolitiske omsyn, sjølv om han sjølvsagt har ein tung partipolitisk bakgrunn, seier Andreassen til NRK.

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SR-bank er også godt nøgd med utnemninga.

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SR-bank

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det var heldigvis to veldig gode kandidatar til jobben. Og gratulerer så mykkje til vinnaren Jens, seier han til NRK.

Nordea markets skriv i ei analyse at meklarhuset ikkje ventar at utnemninga av Stoltenberg som sentralbanksjef vil ha innverknad på pengepolitikken i Noregs Bank.

Heller ikkje Handelsbanken trur utnemninga vil påverke rentepolitikken i tida som kjem.

Her er ei tidslinje over kva som har skjedd før utnemninga av ny sentralbanksjef:

Dette har skjedd

  • 3. januar 2021
    Middag med venner

    Finanstopp Knut Brundtland inviterer på middag. På gjestelisten er oljefondsjef Nicolai Tangen og NATO-sjef Jens Stoltenberg, i tillegg til de tre mennenes nære familiemedlemmer. Sentralbanksjef Øystein Olsen har enda ikke offentlig annonsert planer om å gå av med pensjon. Men jobben hans diskuteres på middagen, bekrefter deltakerne til Aftenposten. Ifølge avisen har Tangen og Stoltenberg tidligere diskutert toppjobben i Norges Bank da de møttes på et fly noen måneder tidligere.

    Hans Rasmus Astrup begraves
    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
  • Mai 2021
    Enda en middag

    Nok en middag hos Knut Brundtland. Denne gangen er det Ap-leder Jonas Gahr Støre og oljefondsjef Nicolai Tangen som er invitert, ifølge TV 2. Også her diskuteres sentralbanksjefjobben – fortsatt uten at Norge trenger ny sentralbanksjef. Til TV 2 skriver Støre, som på det tidspunktet hadde en lang valgkamp foran seg, at Tangen tok opp Stoltenberg i forbindelse med diskusjonen om stillingen. - Jeg sa da ifra at hvis Arbeiderpartiet vant valget og vi kom i regjeringsposisjon ville jeg i så fall være inhabil om Stoltenberg skulle være aktuell. Deretter ble det ikke snakket mer om, skriver Støre i e-posten til kanalen.

    Sentralbanksjef Øystein Olsens årstale
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • 26. august 2021
    Olsen melder sin avgang

    Det blir offentlig kjent at mannen som har ledet Norges Bank siden 2011, Øystein Olsen, trekker seg som sentralbanksjef. Samme dag får han ifølge Aftenposten en telefon fra tidligere statsminister og NATO-sjef Jens Stoltenberg. NATO-sjefen vil diskutere hva jobben som sentralbanksjef innebærer. Tiden hans i NATO er snart forbi. Siden skal Stoltenberg ringe Olsen tre ganger til for å snakke om stillingen.

    Sentralbanksjefens årstale
    Foto: Berit Roald / NTB
  • November 2021
    Spekulasjoner i fleng

    I media begynner spekulasjonene om hvem som skal overta roret etter Øystein Olsen. Visesentralbanksjef Ida Wolden Bache trekkes fram som en soleklar kandidat. Det gjør også Jens Stoltenberg. Politiske kommentatorer i flere aviser og økonomer er positive til Stoltenberg. Opposisjonspolitikere mener han er for nær sittende regjering. I løpet av november tar Finansdepartementet kontakt med både Stoltenberg og Wolden Bache, og oppfordrer dem til å søke på stillingen.

  • 8. november 2021
    Støre sier seg inhabil

    Statsminister Jonas Gahr Støre sier til Dagens Næringsliv at han er inhabil dersom vennen Jens Stoltenberg søker jobben som sentralbanksjef. - Vi kjenner hverandre godt, og det er helt klart for meg at jeg ikke kan delta i noen deler av behandlingen av en slik sak, om det skulle bli aktuelt, sier Støre til avisen.

    Foto: Lise Åserud / NTB
  • 10. november 2021
    Stillingen lyses ut

    Jobben som sentralbanksjef lyses ut. «Vi søker en sterk og samlende leder. Sentralbanksjefen skal ha faglig autoritet og relevant ledererfaring fra komplekse organisasjoner. Sentralbanksjefen må være en god formidler, fremstå med stor troverdighet og kunne representere Norges Bank nasjonalt og internasjonalt», står det i utlysningen.

    Norges Bank: Rentebeslutning og Pengepolitisk rapport 3/17.
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • 14. desember 2021
    Stoltenberg på søkerlista

    Søkerlista til sentralbanksjefjobben offentliggjøres. Jens Stoltenberg er på lista, og uttaler at han er motivert til jobben. Han sier Finansdepartementet har avklart at hans tidligere karriere og nære vennskap med statsministeren ikke er en hindring for jobbsøknaden. På Stortinget er ledende politikere fra både venstre- og høyresiden kritiske til Stoltenbergs ambisjoner.

    jens stoltenberg blir statsminister i 2000
    Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
  • 15. desember 2021
    Støre unnlater å nevne Stoltenberg-kontakt

    Jonas Gahr Støre stiller til intervju med NTB, og de snakker om sentralbanksjefjobben. Han forklarer at han aldri har diskutert stillingen med sin tidligere partifelle og venn Jens Stoltenberg. Dette stemmer ikke helt. Temaet ble tatt opp, men de diskuterte det ikke på grunn av Støres stilling, vedgår han senere.

  • 23. desember 2021
    Ber om habilitetsvurdering

    Finansdepartementet har bedt lovavdelingen i Justis- og beredskapsdepartementet om å vurdere Jens Stoltenberg som søker til jobben som sentralbanksjef, skriver Dagens Næringsliv.

  • 11. januar 2022
    Justisdepartemenet: Stoltenberg ikke inhabil

    Lovavdelingen i Justisdepartementet offentliggjør vurderingen sin av Jens Stoltenbergs habilitet. De kommer fram til at Stoltenberg ikke vil være inhabil dersom han blir sentralbanksjef. I vurderingen skriver departementet at beskrivelsene de har fått om Stoltenberg og Støres vennskap er knappe, både på det personlige og det yrkesmessige planet. De vurderer ikke habiliteten til Støre eller andre regjeringsmedlemmer.

  • 12. januar 2022
    Solberg: - Økende uro

    Erna Solberg (H) uttaler bekymring for sentralbankens uavhengighet, dersom Stoltenberg blir sentralbanksjef. Og Frp krever at finansministeren kommer på banen og svarer på spørsmål om egen kontakt med Stoltenberg. På dette tidspunktet har både Rødt, SV, Venstre, Høyre og Frp i en eller annen form uttrykt skepsis og bekymring knyttet til Stoltenbergs kandidatur.

  • 3. februar 2022
    Varsler sak i kontrollkomiteen

    Flere partier vil løfte ansettelsen av ny sentralbanksjef til kontrollkomiteen på Stortinget, uavhengig av om den nye sentralbanksjefen heter Jens Stoltenberg eller Ida Wolden Bache. – Dette er en sak av stor viktighet og offentlig interesse. Det vil være naturlig og helt nødvendig at kontrollkomiteen får lufte spørsmål og bekymringer, sier komité-leder Peter Frølich fra Høyre.

AKTUELT NÅ