Reagerar på manglande referat frå møte om Nav-skandalen

Fleire møte mellom Nav og departementet om mogleg feil praktisering av EØS-regelverket, fann stad utan at det vart skrive referat. SV seier det svekkar tilliten.

Arbeids og sosialminister Anniken Hauglie, NAV-direktør Sigrun Vågeng og riksadvokat Tor-Aksel Busch holder pressekonferanse om retten til å ta med seg trygd til andre EØS-land har vært praktisert feil.

TRYGDESKANDALEN: Nav-direktør Sigrun Vågeng og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie på pressekonferansen den 28. oktober i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I kveld sende Arbeids– og sosialminster Anniken Hauglie (H) svar på fleire skriftlege spørsmål frå Kontroll– og konstitusjonskomitéen på Stortinget i samband med trygdeskandalen som sprakk tidlegare i haust.

I spørsmåla frå SV vart det mellom anna etterspurt innsyn i «alle relevante referat og liknande dokumentasjon» om saka i Arbeids- og sosialdepartementet. I svaret frå Hauglie kjem det fram at:

«Det har vore gjennomført fleire møte om trygdeforordninga artikkel 21 mellom departementet og direktoratet etter at direktoratet henvende seg første gong til departementet om mogleg feil praktisering. Det er ikkje utarbeidd referat frå desse møta

Feiltolking av artikkel 21 i trygdeforordninga til EØS-avtalen står heilt sentralt i skandalen.

Spørretime i Stortinget.

LITE TILLITVEKKANDE: Stortingsrepresentant og SVs medlem i Kontroll – og konstitusjonskomitéen, Freddy Øvstegård, er kritisk til at det ikkje vart skrive referat.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

SV kritisk

Stortingsrepresentant og SVs medlem i Kontroll– og konstitusjonskomitéen, Freddy Øvstegård, er kritisk til at det ikkje vart skrive referat.

– Dette meiner eg er veldig lite tillitvekkande når ein faktisk diskuterer den største rettsskandalen i nyare norsk historie, seier Øvstegård til NRK.

– Kan det forsvarast med at dei på møtetidspunkta ikkje ante rekkevidda av det dei sat og diskuterte?

– Eg meiner ein burde forstått alvoret i denne saka, i alle fall på eit visst nivå, når det dreidde seg om å endre praksis for tusenvis av menneske og mogleg feil forståing av EU-retten. Då tenker eg det er fint å ganske tidleg starte med å ta referat frå møta, seier han til NRK.

Svekker tilliten

Øvstegård set dei manglande referata i samanheng med ein epost som gjekk frå Nav til departementet i oktober.

Der kjem det fram at Nav ønskte å diskutere trygdesaken med Riksadvokaten munnleg framfor å sende brev, fordi «Riksadvokaten praktiserer full offentlighet.»

– Når det får lov til å skje, og ein samtidig ser at det er ei rekke møte i denne saka der ein ikkje fører referat, då tyder det på at vi har eit system og eit departement som ikkje ønsker at informasjon skal sleppe ut til folk, media og Stortinget. Det meiner eg svekker tilliten til Hauglies handtering av denne djupt alvorlege saka.

Lunde svarer på kritikken

Departementet har ikkje vilja svare på dette torsdag. Men seint torsdag kveld skriv stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde (H) følgjande i ein e-post til NRK :

– Her burde det sikkert vorte skrive referat, men det er lett å vere etterpåklok. Det var nok få som innsåg kva for ein gigantisk rettsskandale ein faktisk stod overfor der og då.

Lunde seier at arbeidsministeren og departementet, så langt ho kan sjå, har «vore meir enn samarbeidsvillige». Ho seier ho har tillit til at Anniken Hauglie gjer alt ho kan for å komme til bunns i saka.

– Alle har delt ansvar

Lunde meiner at kritikken tyder på at det har gått partipolitikk i saka.

– Det er tydeleg at venstresida vil snevre inn søkelyset på Hauglie, men vi har høyrt lite sjølvkritikk. Det var Ap og SV som faktisk styrte landet då forordningen vart feiltolket i 2012. Alle har eit delt ansvar for det som har skjedd, meiner Heidi Nordly Lunde.

Ho meiner ein burde vente med å trekke konklusjonane til etter høyringane. Det er framleis mange spørsmål som treng svar, seier ho.

Solberg vil ha full sjekk

Tidlegare i dag uttalte statsminister Erna Solberg at ho har bede alle statsrådane om å gå igjennom sine eigne sektorar og underetatar for å sjekke om dei har feiltolka EØS-regelverket etter trygdeskandalen.

Dette arbeidet har allereie starta.

– Denne saka viser alvorlege feil i praktiseringa av EØS-regelverket i norsk rett. For å prøve å avdekke om tilsvarande feil har skjedd på andre område og forhindre at nye feil skjer i framtida, har eg bede alle statsrådane gå gjennom sektorane sine, seier Solberg til VG.

Minst 48 feilaktige dommar

Den 28. oktober kalla riksadvokat Tor-Aksel Busch, Nav-direktør Sigrun Vågeng, arbeids- og sosialminister Hauglie inn til pressekonferanse.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch opplyste då at det har vore minst 48 feilaktige dommar på grunn av feiltolkinga. 36 av desse dommane har enda med fengselsstraff.

Den første gjennomgangen frå Nav 28. oktober viste at rundt 2400 personar kan ha vorte ramma av Navs galne praktisering av regelverket og har fått uriktig tilbakebetalingskrav. I alt er det funne 80 dommar som truleg baserer seg på feil forståing av EØS-regelverket.

SISTE NYTT

Siste meldinger