Hopp til innhold

PST om terrorsikta (16): Kan bli rettssak i mai

Mistanken mot 16-åringen som er sikta for å ha planlagt terror er styrka, meiner Oslo tingrett, som har bestemt å varetektsfengsle guten i to nye veker.

16-åring siktet for forberedelser til terrorhandling

Vakthald utanfor rettssalen under det første fengslingsmøtet i februar.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Det kjem fram i ei avgjerd fredag ettermiddag. 16-åringen vart arrestert av PST i februar i år.

I avgjerda frå tingretten kjem det også fram at det kan bli rettssak mot 16-åringen allereie om to månader, den 18. mai, og at det er estimert at ei hovudforhandling vil gå over ni dagar.

Det er gjort ei rekkje beslag og PST meiner dei har funne ein manual for «å lage en bombe med enkle midler» på telefonen hans.

Ifølgje tingretten er dette med på å styrke mistanken mot guten.

BOLIG: Politiets sikkerhetstjeneste pågrep 16-åringen torsdag ved 11.30-tiden. Dagen etter er det ingen synlige undersøkelser i boligen.

16-åringen blei arrestert av PST i heimen sin i starten av februar.

Foto: Martin Zondag / NRK

Funnet av bombemanualen er først omtalt av TV 2 og Nettavisen.

Hemmelege dokument

Storparten av dokumenta i saka er klausulerte, som betyr at dei er hemmelegstempla, men i avgjerda frå retten kjem det fram at PST har gjort fleire beslag på kommunikasjonsappen Telegram.

Tingretten skriv:

«Det har ikke under ettforskningen fremkommet opplysninger som svekker mistanken, snarere tvert imot.»

– Skulle ta livet av «vantru»

16-åringen har blitt framstilt for varetektsfengsling ei rekkje gonger. Guten skal har vore i «ferd med å tilvirke giftblandinger, med terrorhensikt» og planen var å ta livet av «vantro», ifølgje ei avgjerd frå Borgarting lagmannsrett i februar.

Lagmannsretten skriv også:

«Blant annet fremgår (det) at noe gift allerede var tilvirket, og at mistanken om terrorhensikt – og fullbyrdelsesforsett – særlig underbygges av siktedes uttalelser i chattelogger».

16-åringen har ikkje ønska å forklare seg for PST.

Forsvararen til guten, Andreas Berg Fevang, seier til NRK at klienten hans ikkje vedgår straffskuld. Han vil no saman med klienten sin vurdere om fengslingsavgjerda skal ankast.

AKTUELT NÅ