Hopp til innhold

Prishopp på First Price-varer hos Kiwi

Kiwi heldt lenge prisen på maten i ro, men deira eigne billigmerke har fått ein heftig prisoppgang den siste tida.

Dagligvarer

NO BLIR MATEN DYRARE: First Price kjøttdeig og karbonadedeig er blant varene som har gått opp i pris den siste tida.

Foto: William Jobling / NRK

– Dette er eit ganske smart trekk frå Kiwi si side, seier NHH-professor Tor W. Andreassen.

Kiwi har den siste tida køyrt kampanjar om at kjeda er billigast, og pressar prisane nedover. I vinter har prisane vore «låste» på ei rekkje merkevarer.

Samtidig har Kiwi starta å skru opp prisane dei siste vekene, og særleg på Norgesgruppen sine eigne merkevarer som First Price og Eldorado.

– Prisstrategien er å tene pengar, sjølvsagt. Under dekke av at dei skal vere leiande på pris. Det er heile reklamen til Kiwi. «Vi gir oss ikkje på pris», seier Andreassen.

Her kan du sjå kor mykje prisane har auka utover våren:

Sjekk prisoppgangen på Kiwis egne merkevarer

Vare

Før

Etter

Endring

First Price tørkerull

31,40

34,40

+ 10 %

First Price toalettpapir

16,90

18,9

+ 12 %

First price kjøttdeig

54,90

63,90

+ 16 %

First Price karbonadedeig

69,90

74,90

+ 7 %

Folkets roastbeef

26,1

29,9

+ 15 %

First Price egg 18 pack

37,40

39,90

+ 7 %

Eldorado Gårdsegg m/l 12 pack

29,90

31,90

+ 7 %

First Price fiskekaker

22,20

23,90

+ 8 %

Jacobs pesto genovese

33,90

38,90

+ 15 %

Eldorado frosne bringebær

44,90

49,90

+ 11 %

Eldorado spinat

10,90

13,40

+ 23 %

First Price erter

9,90

10,90

+ 10 %

First Price hvitløksbaguetter

14,90

17,90

+ 20 %

First Price puffet ris

15,90

17,90

+ 13 %

Frukt Musli First Price

25,90

32,90

+ 27 %

Cornflakes First Price

26,90

29,90

+ 11 %

First Price salte chips

21,30

24,90

+ 17 %

Eldorado peanøtter

15,90

17,90

+ 13 %

Ekspander/minimer faktaboks

Kiwi meiner NRK bør leggje til grunn ein høgare førpris for roastbiff og kjøttdeig fordi prisane var nedsette frå ein endå høgare pris då NRK sjekka førprisane.

Les også Kiwi heldt igjen prisauken 1. februar

Hyller i en dagligvarebutikk

Verre for kunden å oppdage

Norgesgruppen har betre marginar og meir kontroll over kostnadene i verdikjeda på eigne merkevarer, ifølgje Andreassen.

– Heile logikken er å tene pengar på varer som er innkjøpte på andre vilkår og kontraktar enn dei vanlegvis har, og ha større margin. Dei tener meir pengar på å flytte etterspurnaden over på denne kategorien, spesielt i ein periode der dei totalt sett har knappe marginar, seier han.

NHH-professor

Økonomiprofessor Tor W. Andreassen ved NHH.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Leiar i Alo Analyse, Ivar Pettersen, meiner eigne merkevarer kan setjast opp i pris utan at kundane reagerer sterkt fordi den same vara ikkje nødvendigvis finst hos konkurrentane.

– Det er mykje lettare å sjå kva ein Gilde-pakke med pålegg kostar og samanlikne han på tvers av butikkar. Men desse ulike merkevarene verkar jo ulikt. Derfor kan prissamanlikningane bli litt vanskelegare, seier han til NRK.

Les også Skrur opp prisene mer på billigfavorittene

Tørkerull

Kiwi peikar på leverandørane

Kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi seier til NRK at prisane har auka mindre enn prisauken Kiwi har fått frå leverandørane.

– Dei fleste av varene på lista er importvarer, og desse har fått store prisaukar på grunn av svak kronekurs, i tillegg til auka råvare-, energi- og transportkostnader, skriv ho i ein e-post til NRK.

Kristine Aakvaag Arvin

Kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi.

Foto: Kiwi

Pettersen meiner daglegvarekjedene er pressa til å skru opp prisane fordi produsentane har auka prisane til kjedene.

– Det kan vere leverandøren av eigne merkevarer som står for prisauken, fordi det har skjedd ein kraftig prisauke i leverandørleddet som ikkje er teken ut på detaljistleddet. Det kan vere at leverandøren først tek det ut på eigne merkevarer, seier han.

Ivar Pettersen. Forsker ved Nibio.

Alo Analyse-leiar Ivar Pettersen trur matkjedene blir tvinga til å setje opp prisane framover for å halde lønnsemda ved like.

Foto: NRK

Dobla i pris på eitt år

Som NRK har omtalt tidlegare, valde butikkane å skru opp prisen meir på eigne merkevarer enn andre varer i fjor.

Det siste året har mellom anna frosne bringebær, puffa ris og tørkerullar nærast vorte dobla i pris.

Prisforskjellen mellom eigne merkevarer og kjende merkevarer har derfor krympa.

First Price cornflakes 750 gram har til dømes vorte dobla i pris på eitt år, medan Kelloggs cornflakes 500 gram har stått stille i pris.

– Dei kan setje prisane i marknaden heilt sjølv, fordi det blir oppfatta som eit lågprismerke. Så dette er ein ganske smart strategi i ei pressa tid for Kiwi og daglegvarebransjen. Dei må ha lønnsemd, og dette er éin måte å gjere det på, seier Andreassen.

AKTUELT NÅ