Prinsesse Astrid på scooter på Svalbard
Foto: Margrét Gudmundsdottir Ferner / privat

Prinsesse Astrids metode

Det er for kjedeleg å vere pensjonist, synest prinsesse Astrid, som fyller 85 år søndag. Då ho vart enke for to år sidan reiste ho fyrst til Svalbard og køyrde scooter. Så fylte ho kalenderen med oppdrag for kongehuset.

– Pepita! Legg deg! Ligg! Og ikkje lat som du ikkje veit kva det er.

Det går ein klar kommando gjennom ministersalongen på slottet. Vesle Pepita kaver litt i den glatte sofaen før ho lystrer matmor. Etter sju år med prinsesse Astrid har selskapshunden av rasen japansk chin lært at det ikkje er nokon veg utanom.

Prinsesse Astrid med hunden Pepita på slottet.

85 år gammal står prinsesse Astrid framleis på for kongehuset. Fredag kveld heldt kongeparet fest for henne på slottet.

Foto: Sven Gjeruldsen / det kongelige hoff

Prinsesse Astrid, fru Ferner fyller 85 år denne helga. Fredag kveld vart ho feira på Slottet. Kong Harald og dronning Sonja var vertskap. Familie, venner og nære medarbeidarar var gjester.

– Vi har eit veldig nært og godt forhold. Ho er grenselaust lojal. Det har alltid vore eit kjennemerke ved henne, seier kong Harald.

Majesteten seier ja med ein gang når NRK spør om han vil fortelje om storesyster og hennar betydning for det norske kongehuset. Det same gjer kronprins Haakon.

– Fyrst og fremst er ho ei tante vi er veldig glade i og som stiller opp alltid. Ho bidreg heilt utrøytteleg slik vår familie har hatt som tradisjon. Slik sett har ho mykje av kong Olav i seg, seier kronprinsen.

Gå til forsiden

Eit liv i teneste for tre kongar

prinsesse Astrid omgitt av kongeparet og kronprinsparet i anledning hennes 85 årsdag

Eit liv i teneste for tre kongar

16 bilder

    Livet snudde

    To gongar har livet snudd dramatisk for prinsesse Astrid. Begge gongane har ho kome vidare med sin eigen metode.

    22 år gammal miste ho mor, kronprinsesse Märtha. Kongehuset stod att med ein aldrande kong Haakon og ein sørgande kronprins Olav. Den unge prinsessa, som ikkje var trent til noko stor offentleg rolle, var plutseleg Norges førstedame. No var det hennar oppgåve å vere vertinne for statsleiarar og å representere Norge i inn- og utland.

    – Eg kom nesten rett frå skulebenken. Eg visste ikkje kva dette var. Så det var nok litt famlande i starten. Men så blir ein jo vant til det og får litt hjelp her og der. Og så må det gå. Det må gå, seier ho og ser ned.

    Det sit framleis i, 63 år etter.

    22 år gammal mista prinsesse Astrid mor si og blei plutseleg Norges førstedame.

    Prinsesse Astrid blei kasta inn i rolla som førstedame då ho var 22. 63 år etter representerer ho framleis for det norske kongehuset.

    – Ver deg sjølv!

    Prinsesse Astrid møtte Elvis

    Rockekongen Elvis Presley gjekk ned på kne for prinsesse Astrid då ho besøkte Hollywood i 1960. Til venstre danske prinsesse Margrethe som nokre år seinare blei dronning.

    Foto: Scanpix / NTB scanpix

    Det var rådet frå mor si gamle hoffdame som gav prinsesse Astrid mot til å ta fatt på oppgåvene.

    – Ver deg sjølv! Elles blir det falskt. Og det var eit godt råd. Då kunne eg slappe meir av.

    – Eg trur det å plutseleg bli førstedame på den måten vekte henne. Ho skjønte at det var bruk for henne, seier kong Harald.

    Framleis er prinsesse Astrid den som aldri seier nei når monarkiet treng henne.

    I 14 år var ho Norges førstedame. Så gav ho rådet vidare til den neste.

    – Ver deg sjølv. Det var det fyrste eg sa til Sonja då ho vart kronprinsesse. Seinare sa eg det same til Mette-Marit.

    Enke på snøscooter

    For to år sidan vende livet igjen då ektemannen Johan Martin Ferner gjekk bort. Også denne gongen kom prinsesse Astrid seg vidare på sin eigen måte.

    Fyrst reiste ho til Svalbard og køyrde scooter saman med sønene sine. Ei oppleving ho seinare omtalte som frykteleg moro i intervju med vekebladet Allers.

    Prinsesse Astrid på snøscooter på Svalbard

    Prinsessa synest det var frykteleg moro å køyre snøscooter på Svalbard.

    Foto: Margrét Gudmundsdottir Ferner / Privat

    –Då vi køyrde snøscooter var farten så lav at eg måtte be dei sette opp farten, sa ho til vekebladet.

    «For det er ikkje noko gamleheim her!», som eg sa. Eg fekk prøvd meg som eksosrype. Det var festleg!

    – Kjedeleg å vere pensjonist

    Så fylte ho kalenderen med oppdrag for kongehuset.

    Prinsessa varetek tolv beskyttarskap og stiller opp på arrangement så ofte ho kan. I tillegg er ho alltid med ved statsbesøk og store anledningar. Arbeidet blei ekstra viktig då ho vart åleine.

    – Eg blir sitjande ein del åleine og då er det fint å bli bedt ut. Kan eg gjere ein jobb ved sidan av er det ekstra hyggeleg. Alle likar å føle at ein endå har noko å gi, seier ho.

    – Men du fyller 85, har hatt ærespensjon frå staten i 15 år, kvifor vil du ikkje vere berre pensjonist?

    – Men det er jo så kjedeleg! Nei, det må vere litt å gjere. Det held ein oppe, seier ho på sin eigne, bestemte måte.

    Kong Harald og prinsesse Astrid, fru Ferner utenfor Nidarosdomen

    Kong Harald omtaler sitt forhold til storesystera som ope og nært. Veslebror får klar beskjed når han gjer noko ho ikkje er einig i.

    Foto: Ned Alley / NTB scanpix

    Klar beskjed til veslebror, kongen

    – Eg kan forsikre om at syster mi er svært bestemt. Om det er noko ho ikkje synest er greitt, så får vi klar beskjed, seier kong Harald.

    – Gjeld det kongen også?

    – Å jada. Eg er veslebror, eg, veit du, ser kong Harald og ler.

    Kronprins Haakon skildrar tante Astrid på same måte.

    – Ho er som eit leksikon for oss andre. Vi kan spørje henne om alt, for ho hugsar utruleg godt. Ho har klare oppfatningar om korleis ting var før og korleis det burde vere no, smiler han.

    Sjølv ler prinsesse Astrid godt når vi refererer kva som er sagt om henne.

    – Nei, eg er ikkje redd for å seie frå. Eg er ikkje det.

    Men eksempel på kva ho har sagt frå om, vil ho ikkje ut med. Ho prøver å ta kritikk på tomannshand.

    Prinsesse Astrid beskrives som meget bestemt, og som en som sier fra hvis det er noe hun ikke synes er greit.

    Filmrådgjevar

    Ein mørk og regnvåt haustkveld såg prinsesse Astrid filmen om si eiga dramatiske flukt i 1940 på utekino i slottsparken. «Kongens nei» gir eit sant bilde av det som skjedde, ifølgje prinsessa. Ho var rådgjevar for filmskaparen Erik Poppe.

    – Eg synest han som spelte bestefar var veldig god, seier ho.

    Nokre scener er som å sjå kong Haakon akkurat slik barnebarnet minnest han.

    – Bestefar var aldeles ulukkeleg over at hans nei, sjølv om han meinte var rett, skulle gå utover så mange menneske. All bombinga. Og då tyskarane seinare brente ned store delar av Nord-Norge. Det tok han frykteleg tungt. Eg trur aldri han kom heilt over det.

    Kongefamilien og ti tusen andre ser film i slottsparken.

    Trass mørke, regn og ti tusen menneske rundt seg opplevde prinsesse Astrid det som intimt å sjå filmen Kongens nei i slottsparken.

    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

    Til den dagen det er slutt

    I ministersalongen på Slottet sit prinsesse Astrid under det store måleriet av kong Olavs signing i Nidarosdomen i 1958. Nærast den nye kongen på måleriet er den unge førstedama i blå kjole.

    – Historisk. Eg hugsar det som svært historisk, seier ho.

    Vesle Pepita har lagt seg i fanget til matmor og funne roa der. Prinsessa har hatt hund sidan ho var to år. No er det Pepita som held henne med selskap og får henne ut på daglege turar.

    Snart fyller veslebror, kongen, 80 år. Verken han eller storesyster har planer om å gi seg med det kongelege arbeidet.

    – Eg er jo fødd til det. Og då må eg bere det til den dagen det er slutt. Det er klart, seier ho.

    – Det ligg ikkje i hennar natur å gi seg, så det kjem ho ikkje til å gjere. Og det er eg veldig glad for, seier kong Harald.