NRK Meny
Normal

Johan Martin Ferner er død

Johan Martin Ferner er død, 87 år gammal. Ferner var gift med prinsesse Astrid.

Johan Martin Ferner, prinsesse Astrids ektemann, er død, 87 år gammel.

Prinsesse Astrid og Johan Martin Ferner

ALLTID VED PRINSESSE ASTRID SI SIDE: Prinsesse Astrid, fru Ferner, og Johan Martin Ferner etter dåpsseremonien til prinsesse Ingrid Alexandra 17. april 2004.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Johan Martin Ferner var ein del av kongefamilien i meir enn 50 år, men stakk seg aldri fram.

På familiebildet frå kroningsjubileet i 2006 stod han på fyste rad, som alltid, ved prinsessa si side.

Kongehuset melder at Ferner sovnet stille inn på Rikshospitalet laurdag morgon klokka 05.25.

– Det er med stor sorg vi har teke imot det triste bodskapet om at Johan Martin Ferner er sovnet inn. Våre tankar går til Prinsesse Astrid og hennar nærmaste, som har mista ein god ektemann, far, svigerfar og bestefar, seier kong Harald i ei kondolansemelding på kongehuset sine nettsider.

Prinsesse Astrid og Johan Martin Ferner

Prinsesse Astrid, fru Ferner og hennar mann Johan Martin Ferner på slottsbalkongen under kongeparets 75-års dagar i 2012.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I 1952 var kronprins Olav i dommarbåten under sommar-OL då Elisabeth 10, med ein ung Johan Martin Ferner blant mannskapet, segla inn til sølv for Norge.

OL-helten blei seinare bedt om å lære kronprinsbarna å segle. I båtmiljøet møtte han den unge prinsessa, som fyst mange år og mange utfordringar seinare skulle bli hans.

Tok fem år før dei fekk kvarandre

Prinsesse Astrid og Johan Martin Ferner

Sumaren 1974. Prinsesse Astrid seglar saman med ektemannen Johan Martin Ferner.

Foto: Thorberg, Erik / NTB scanpix

Prinsesse Astrid var Norges førstedame i 1956 då ho gjekk til faren og sa at ho ønska å gifte seg med Ferner.

– Eg skal tenkje på det, skal svaret ha vore.

Det tok 5 år. Johan Martin Ferner var skilt. Forlovinga utløyste ein storm mot kongehuset. Sentrale politikarar meinte prinsessa måtte fråseie seg tittelen og biskopar nekta å vie dei.

Men 12. januar 1961 vart det bryllaup i Asker Kirke. Prinsessa blei fru Ferner, men fylte rolla som førstedame ved kongen si side heilt fram til kronprinsesse Sonja kom inn i familien.

Fekk fem barn

Johan Martin Ferner dreiv klesbutikken Ferner Jacobsen i Oslo saman med broren.

Han var berre med i kongeleg representasjon ved store familiære hendingar, og då eit steg bak fru Ferner, prinsessa.

Johan Martin Ferner vart 87 år.

Ekteparet Ferner fekk fem barn.

Prinsesse Astrids og Johan Martin Ferners bryllup

Prinsesse Astrid gifter seg med Johan Martin Ferner. Her er dei lukkelege nygifte på veg ut frå Asker kyrkje.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger