Hopp til innhold

Politistudent skulle hjelpe politibetjent: Skaut i bakken på lensmannskontor

Den ivrige politistudenten har forklart at han berre ønska «å hjelpe til og bidra». Det enda med at det blei skote i bakken i garasjen – mellom to politibilar.

Bevæpnet politi på eid-feiring i Haukelandshallen

Vådeskotet blei fyrt av med politiets standardvåpen, Heckler & Koch P30, i ein garasje på eit lensmannskontor i Sør-Øst politidistrikt.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Hendinga skjedde om ettermiddagen, rundt klokka 15, fredag 13. desember i fjor. Studenten, som var i praksis i Sør-Øst politidistrikt, hadde spurt rettleiaren sin om han skulle hjelpe han med å ta pistolen ut av bilen.

Praksisrettleiaren, som er politibetjent, trudde studenten berre skulle ta pistolen ut frå våpenskrinet i politibilen og anten gi den til han eller legge den i våpenskapet på lensmannskontoret.

I staden tok politistudenten pistolen ut av hylsteret for å sjekke at det var tomt for skot.

Forklaring: Slurv

Politistudenten drog sleiden på pistolen tilbake og har forklart at han ikkje såg nokon patron i kammeret. Deretter sikta han ned i golvet, mellom to politibilar, i det som blir skildra som «sikker retning», og trykte på avtrekkaren.

Då sa det pang.

Praksisrettleiaren og ein politibetjent til var i garasjen, men begge har forklart at skotet ikkje var til fare for nokon. Prosjektilet gjekk i betongen og delte seg opp i fleire mindre bitar.

Praksisrettleiaren har forklart til Spesialeininga for politisaker at våpenet var halvladd. Det betyr at det ikkje var skot i kammeret på pistolen, men at det var skarpe patroner i magasinet som stod i.

Studenten sjekka ikkje magasinet og har forklart at dette var slurv frå hans side.

Blir ikkje straffa

Spesialeininga for politisaker har etterforska politistudenten. Dei meiner han ikkje sjekka våpenet godt nok og at det truleg var han som lada pistolen. Dei påpeikar også at han ikkje følgde rutinen då han tok avtrekk mot golvet – og ikkje ned i tønna som stod i nærleiken.

Spesialeininga meiner han har hatt såkalla uforsiktig omgang med skytevåpen, men sidan vådeskotet ikkje var til fare for nokon, konkluderer dei med at han ikkje har gjort noko straffbart.

Eirik Rosø, stabssjef ved Politihøgskolen (PHS), seier at hendinga ikkje får følgjer for studenten.

– Det får ingen konsekvensar, men dette er sjølvsagt noko som blir med i erfaringsbanken til vedkommande. Trygg og sikker våpenhandtering er sentralt for oss på Politihøgskolen. Heldigvis blei ingen skadd, seier Rosø.

Politistudentar er ikkje godkjente for å bruke våpen i teneste før etter fullført utdanning, og dei får difor ikkje bli med på væpna oppdrag. Rosø opplyser at politistudenten hadde gått gjennom tre veker med våpen- og taktikkopplæring hausten 2019, kort tid før denne hendinga.

Visepolitimester Steinar Kaasa i Sør-Øst politidistrikt opplyser til NRK at dei vil gjennomgå rutinane for å sjå om politidistriktet har noko å lære av hendinga.

AKTUELT NÅ