Zaniar Matapour er sikta for drap, drapsforsøk og terror etter masseskytinga i Oslo.
Han ynskjer ikkje å bli avhøyrt av politiet. Han vil ikkje snakke med dei sakkyndige som skal vurdere den psykiske helsa hans, og han har ikkje oppheva helsevesenet si teieplikt.
Det inneber at politiet ikkje får tilgang på sjukehistorikken hans.
Politiadvokat i Oslo politidistrikt, Christian Hatlo, skulle ynskje dei hadde breiare tilgang i saker som dette.
Foto: Geir Olsen / NTBDet er for strengt, meiner Christian Hatlo, politiadvokat i Oslo politidistrikt.
– Det er ingen tvil om at dette gjer vårt arbeid vanskelegare. Me får jo ikkje informasjonen. Eg skulle gjerne sett at me hadde større tilgang i denne type saker, seier Hatlo til NRK.
Han meiner ein burde vurdere om politiet skal få tilgang til sjukehistoria i så alvorlege saker.
Viktig historikk
Ein av hypotesane politiet jobbar ut frå, er at Matapour er psykisk sjuk og ikkje strafferettsleg tilrekneleg.
Å gå vidare på det sporet kan bli vanskeleg, dersom sikta ikkje opphevar tausheitsplikta.
– Eg forstår at dette er sensitiv informasjon. Dei aller, aller fleste skal vite at dei trygt kan prate med helsevesenet. Men når det gjeld drap og terror – kanskje ein burde hatt tilgang? spør Hatlo.
Ein av forsvararane for Matapour, Bernt Heiberg.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBForsvarar for Matapour, advokat Bernt Heiberg, seier det ligg føre offentlege dokument kor det kjem fram at det har blitt uttrykt bekymring for Matapour si psykiske helse.
Advokat Christian Elden er også forsvarar for sikta. Ifylgje han har det før vore snakk om ein schizofrenidiagnose.
Psykiater Randi Rosenqvist forklarar til NRK kvifor det er viktig for politiet å få innsyn i tidlegare helsehistorikk.
– Det er viktig å sjå korleis andre fagfolk har beskrive psyken til sikta før, samt kva for symptom han har hatt. Ein treng historia for å forstå i kva grad han har ei alvorleg psykisk liding, seier Rosenqvist.
Psykiater Randi Rosenqvist under rettssaka då Anders Behring Breivik krevde seg prøvelauslaten i 2022.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBSamstundes påpeiker ho at reglane er til for å beskytte pasientane.
Sakkyndige kan få innsikt
Samstundes, sjølv om politiet ikkje kan få tilgang, er det høve for dei sakkyndige å hente ut informasjon frå helsevesenet.
Rosenqvist seier at dei sakkyndige kan søke om å få innsyn i sjukehistoria.
– Om ein person er sikta for noko som har ei strafferamme på meir enn seks år, kan rettspsykiatriske sakkyndige få innhenta helseopplysingar, forklarar ho.
Ein mann legg ned ei kvit rose utanfor London Pub i Oslo.
Foto: Javad Parsa / NTBMen berre om dei sjølv tar kontakt med institusjonen eller sjukehuset kor personen har vore innlagt. Ei oversikt over kor personar tidlegare har fått behandling finst ikkje.
Dei sakkyndige må difor sjølv finne ut av kor ein person har fått behandling.
– Ein må leite etter informasjon, ja, men om sikta har budd heile livet i Oslo, så leiter ein jo ikkje i Tromsø. Det er lite sannsynleg at han har fått behandling på andre adresser enn dei som samsvarar med der han har budd, seier Rosenqvist.
Dette er dei sakkyndige
Dei sakkyndige som skal vurdere den psykiske helsetilstanden for Zaniar Matapour, er også oppnemnd.
Overlege og spesialist i psykiatri Synne Sørheim, Knut-Petter Sætre Langlo og Pål Grøndahl skal finne ut av om Matapour er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje.
Rettspsykiater Pål Grøndahl.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixSakkyndig Pål Grøndahl er ein av dei mest kjende rettspsykologane i Noreg. Han er også sjølv opent homofil.
Synne Sørheim var ei av dei to opphavleg oppnemnde sakkyndige under rettssaka mot Anders Behring Breivik.