I tida etter 22. juli har det kome fram at politifolk med sentrale roller under Utøya-aksjonen ikkje visste kor Utøya låg, eller at det var eit båtutleigefirma med tilgjengelege båtar på Utvika camping, tvers over fjorden for Utøya.
Mange reagerte sterkt då ein politimann frå Hønefoss politistasjon kom med følgjande erkjenning under vitneforklaringa si i 22. juli-rettssaka i mai:
«Eg for min del hadde ikkje noko klar formeining om kvar Utøya var, sjølv om eg hadde jobba i distriktet i seks år».
Betjenten var ein av dei første politimennene som kom fram til Utvika etter at Nordre Buskerud hadde blitt varsla om massakren. Han hadde i oppgåve å skaffa båtar til Beredskapstroppen, som var på veg frå Oslo til Hole for å pågripa massedrapsmannen.
Det han ikkje visste var at eit båtutleigefirma heldt til på Utvika camping.
«Eg var aldri der nede, og var heller ikkje kjent i området. Det var også vanskeleg å sjå over til området på grunn av vegetasjonen. Området var ikkje ein del av mine vurderingar i denne fasen», forklara politimannen i retten.
Beredskapstroppen var innom Utvika camping, der det var båtar tilgjengeleg. Lokalt politi visste ikkje at det var eit båtutleigefirma der, og gav troppen ordre om å snu og møta opp fleire kilometer lenger unna.
Lensmannskontor med eigen båt i Tyrifjorden
Politiet kom fram til Utøya rundt 75 minutt etter at dei første meldingane om skytinga kom inn. Etter mykje fram og tilbake blei Beredskapstroppen henta med politiet sin gummibåt ved Storøya - 8,5 kilometer frå øya.
Gummibåten heldt på å synka fordi den var overlasta med politifolk. Omsider fekk beredskapstroppen hjelp frå privatbåtar for å koma seg til Utøya.
– Det vitnar om dårleg lokalkunnskap. Politiet burde hatt betre geografisk oversikt, sa ein av båtheltane 22. juli, Jørn Øverby, til NRK i mars.
Men berre ti år før terrorangrepa var situasjonen heilt annleis.
Fire politifolk hadde hovudkvarteret sitt på lensmannskontoret i Vik i Hole kommune, berre ein ti minuttar lang køyretur frå kaia ved Utvika. Dei hadde inngåande kjennskap til nærområdet og god kontakt med lokalbefolkninga.
Den pensjonerte lennsmannsbetjenten Ola Hoel (63) fortel at han framleis blir kontakta av folk i bygda, som eigentleg burde snakka med politiet om råd.
– Når det er snakk om lokal kunnskap så er det uvurderleg at du bur og jobbar i distriktet, seier Hoel, som var lennsmannsbejent ved kontoret frå 1974 til 2001.
Lensmannskontoret disponerte også ein eigen politibåt som låg klar på Tyrifjorden – få kilometer unna Utøya.
No er politibåten igjen på plass i Tyrifjorden.
Foto: Halldor Asvall / NRKEitt kvarter til øya
– Det er eit hypotetisk spørsmål. Men dersom politibilen hadde vore ved kontoret, kunne det ha teke oss eit kvarter å koma oss til Utøya. Me ville hatt ein båt som låg på plass, fortel Hoel.
Det tok berre tok 3-4 minuttar i båt å koma seg til Utøya frå der politibåten låg til kai, ifølgje den tidlegare lensmannsbetjenten.
Han understrekar at det ville ha teke lengre tid etter kontortid, då politibetjentane hadde heimeberedskap på kveldstid.
Båten til det lokale lensmannskontoret var i ekstra beredskap då AUF hadde besøk av viktige folk under sommarleiren.
– Båten var ofte ute ved Utøya under sommarleirane til AUF, og dei passa på når viktige personar som statsministeren skulle i land, seier Hoel.
Lagt ned, trass i motstand
Men båten vart teken opp på land i 2000, og lensmannskontoret vart lagt ned i 2001, trass i stor lokal motstand.
– Dette var eit resultat av rasjonaliseringa i politiet generelt. Me gjorde det me kunne for å behalde kontoret, men det skjedde ikkje, fortel dåverande ordførar i Hole, Per Eiliv Moi, til NRK.no.
– Korleis reagerte lokalsamfunnet på dette?
– Det var tydeleg i mot befolkninga sitt ønske at kontoret vart fjerna. Det var mykje motstand lokalt.
Heller ikkje politiet i Ringerike var positive til nedlegginga.
– Me er ikkje einige i dette, men no har dei teke avgjerda. Då får me prøva å gjera det beste ut av det. Me får håpa det fører til ei betre polititeneste, sa lensmann Ranmod Ødegaard til NTB i 1999.
Den tidlegare lensmannsbetjenten i Hole meiner det er uvurderleg å ha politifolk med lokal kjennskap. Han ser lite positivt med nedlegginga av lensmannskontor.
– Det finst sikkert fordelar med det. Eg har vondt for å sjå dei. Den lokale kunnskapen og etterretninga har blitt heilt vekke. Det hadde ein verdi som ikkje kan målast, seier pensjonisten Hoel.
Amatørvideo frå Utøya.
– Uvurderleg lokalkunnskap går tapt
Mor til Ruth Benedichte Vatndal Nilsen (15), ein av dei siste som vart drepne på Utøya, er sterkt kritisk til at dagens lokalpoliti ikkje har betre oversikt over og kunnskap om eige distrikt.
– Eg reagerte på at politiet ikkje kjende området betre den 22. juli fjor. Hønefoss er ikkje så stort, og AUF har leirar på Utøya kvart år. Det har vore ganske høgtståande menneske på denne leiren. Politiet har dekt seg bak at regjeringsmedlemmer er på visitt har med seg eigne tryggingsvaktar. Likevel meiner eg dei bør ha eit opplegg rundt ei såpass stor årleg hending, seier Vatndal
.
Nedlagte Hole lensmannskontor låg i Vik, 10 minuttars køyretur frå kaien i Utvika.
Foto: Skjermbilde: GoogleI ein intern evalueringsrapport erkjenner Nordre Buskerud at dei teoretisk sett kunne ha vore på Utøya 16 minutt tidlegare, klokka 18.09, men at sambandsproblem, rutinesvikt og mangelen på båtar førde til forseinkingar.
– For meg spelte det ei rolle, fordi dottera mi var ein av dei siste ungdomane som vart drepne der ute. Det kunne ha gjort ein forskjell dersom politiet hadde hatt betre kjennskap til området og teke dei riktige avgjerdene, seier Beate Vatndal.
Beate Vatndal mista dottera si på Utøya i fjor. Ho reagerer sterkt på at politiet som var med på Utøya-aksjonen ikkje hadde betre lokalkunnskap.
Foto: John-André Samuelsen / NRKMåndag neste veke legg 22. juli-kommisjonen fram sin rapport, som skal gjennomgå og trekkja lærdom frå terroråtaka mot Regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011.
Vatndal er leiar for Støttegruppa 22.juli i Vestfold, og sit i styret i den Nasjonale støttegruppa. Ho håpar kommisjonen har gjort ein grundig jobb med gjennomgangen av dagens politiberedskap.
– Eg får aldri tilbake dottera mi, sjølv om kommisjonen også skulle stadfesta at politiet gjorde fatale feil. Men eg føler at me må sjå på om dei beredskapssystema me har i dag fungerer godt nok, seier Beate Vatndal.
Nordre Buskerud politidistrikt vil ikkje gje ytterlegare kommentarar rundt Utøya-aksjonen før framlegginga av kommisjonsrapporten førstkommande måndag.
Her ved Pumpehuset var det mange ungdomar som vart drepne i minuttane før beredskapstroppen kom til Utøya og arresterte Anders Behring Breivik. Ein av dei var Ruth Benedichte Vatndal Nilsen (15).
Foto: Even Kjølleberg / NRK