Hopp til innhold

Pensjonistar med særaldersgrense kan få kraftige kutt i pensjonen

Mange offentleg tilsette som har lågare pensjonsalder enn andre arbeidstakarar, står i fare for å miste ein firedel av pensjonen når dei blir 67 år. Onsdag møter dei regjeringa til forhandlingar.

Politiøvelse

Politiet er blant yrkesgruppene som går av med pensjon før normal pensjonsalder. Onsdag møter tillitsvalde for over 200.000 offentleg tilsette regjeringa for å forhandle om ein ny pensjonsavtale.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Over 200.000 offentleg tilsette har særaldersgrenser som gjer at dei går av med pensjon tidlegare enn andre arbeidstakarar. For mange tilsette i blant anna politiet og forsvaret er pensjonsalderen 60 år.

Har du arbeidd i minst 28 år, kan du gå allereie når du er 57 år gammal. Det har vore lukrativt.

Men nye pensjonsreglar gjer at desse vil kunne få kraftige kutt i pensjonen når dei fyller 67 år, seier leiar i Norges offisersforbund, Torbjørn Bongo.

– Framtidige pensjonistar, spesielt dei yngste av medlemmane våre, vil kanskje gå ned 20–30 prosent i forhold til der dei har vore. I verste fall kan dei miste ein fjerdedel av pensjonen, seier han.

Leder i Offisersforbundet Torbjørn Bongo

Leiar i Norges offiserforbund, Torbjørn Bongo, fryktar mange av medlemmane hans skal få kraftige kutt i pensjonen når dei fyller 67 år med dagens ordning.

Foto: Margret Helland / NRK

Til forhandlingsbordet

Grunnen til særalderspensjonistane kjem så dårleg ut er at særordningane berre gjeld til dei fyller 67 år. Deretter blir pensjonen rekna ut frå kor mange år dei har jobba, og det er færre enn andre yrkesgrupper.

No ønsker dei å få kompensasjon for tapet, og onsdag møter dei regjeringa til forhandlingar. På andre sida av bordet møter dei statssekretær Vegard Einan (H) og Arbeidsdepartementet.

– Levealdersjusteringane som kom med pensjonsreforma, treff også dei som har særaldersgrense. Men dei må forlate arbeidslivet mykje tidlegare enn dei som har 70-årsgrense. Vi må finne måtar å løyse dette på, slik at det livsvarige pensjonsnivået ikkje blir veldig lågt, seier Einan.

Statssekretær Vegard Einan i Arbeidsdepartementet

Statssekretær Vegard Einan (H) håper dei skal finne ei løysing på pensjonsknuten, slik at statstilsette ikkje skal få så store kutt i pensjonsutbetalingane.

Foto: Margret Helland / NRK

Aldersgrensene kan bli endra

Men etter det NRK erfarer har ikkje regjeringa lagt mykje pengar på bordet for å gjere pensjonane meir gunstige. Og når partane har blitt samde om pensjonane, skal dei sjå om særaldersgrensene skal bli endra eller fjerna.

– Vi opplever at det er avgrensa med pengar, og meiner staten må vere villige til å legge meir på bordet for å oppnå semje, seier Bongo.

Han meiner det er vanskeleg for dei å stå i jobben like lenge som andre yrkesgrupper.

– Mange av kollegaene mine er i ferd med å bli pensjonistar medan dei framleis er på fartøy. For 20 år sidan var det utenkeleg. Du har krav om at du må vere fysisk skikka for å vere ein del av styrken. Vi ser at stadig fleire av dei som nærmar seg 60 år ikkje klarer desse krava.

Onsdag møtest partane i Arbeidsdepartementet, og målet er at dei skal bli samde i løpet av nokre få timar. Men sjølv om det skal vere stor avstand mellom tilbod og krav, har Einan god tru på ei løysing.

– Vi har ambisjon om å bli ferdige onsdag. Det har vore god og konstruktiv dialog, og vi har kome veldig langt i den diskusjonen vi har hatt. Så eg er optimist.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger