Hopp til innhold

«Guds influenser» blir historias første millenial-helgen

Carlo Acutis døydde i 2006, i ein alder av 15 år, noko som betyr at han blir den første kanoniserte «millenialen».

Carlo Acutis

Carlo Acutis likte spel som Pokémon, Halo og Super Mario. No blir han verdas første millenial-helgen.

Foto: AP/NTB Scanpix

Carlo Acutis døydde av leukemi då han var femten år. Han spreidde Den katolske kyrkja sitt bodskap på nettet og fekk difor tilnamnet «Guds influenser».

No vil pave Frans kanonisere Acutis, altså gjere han til ein helgen, skriv BBC.

– Det er flott at ein ung person som levde for ikkje lenge sidan blir heilagkåra, seier pater Oddvar Moi i Den norske katolske kyrkja.

Pater Moi meiner det er «svært treffande» å kalla Acutis for «Guds influenser», og meiner han er ein inspirasjon for unge menneske.

Utførte «mirakel»

Før han døydde i 2006 i byen Monza i Italia, var Acutis aktiv på ei nettside kor han delte «mirakel» utført av katolikkar. Som følge av dette har han blitt kalla «Guds influenser».

Acutis skal ha utført to «mirakel» før han døydde, skriv BBC. Han skal både ha kurert ein student i Firenze, som hadde hjernebløding etter ein hovudskade, og ha gjort ein brasiliansk gut frisk frå ein medfødd sjukdom.

Markeing av saliggjeringa av Carlo Acutis i Assis i 2020

Markeringa av saliggjeringa av Carlo Acutis i Assisi i 2020.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Etter eit møte i Vatikanet, har pave Frans no offisielt godkjend det andre «mirakelet» etter forbøn av Acutis.

Dermed kvalifiserer han til å bli ein helgen, ifølge pater Moi. Vegen til heilagdom består nemleg først av saligkåring, deretter heilagkåring.

– Helgenar er menneske som levde før oss og som levde spesielt gode liv. Dei er difor førebilete for oss, og dei er hos Gud i himmelen og kan be for oss. Dette siste er viktig for katolikkar og ortodokse, og det skil oss ein del frå protestantane.

«Millenial»-helgenen

Avdekking av eit portrett av Carlo Acutis som blei kåra til salig av Den katolske kyrkja i 2020.

Portrettet av Carlo Acutis blir avdekt.

Foto: Gregorio Borgia / AP

Å bli kåra til helgen er ikkje veldig vanleg.

– Det er ikkje vanleg i det heile tatt, men sidan fleire milliardar kristne har levd gjennom århundrane, har det jo blitt ein del tusen helgenar, forklarer pater Moi.

Den katolske kyrkja har rundt 10.000 helgenar, men Acutis skil seg likevel ut.

Han blir den første helgenen som er ein «millenial», altså fødd mellom 1980-talet og 1990-talet.

Mottoet hans var «Alle menneske er fødde unike, men mange døyr som kopiar», ifølge ei ei minneside som ukritisk hyllar påverkaren.

Carlo Acutis i glasskiste

Carlo Acutis ligg i ei glasskiste i Assisi i Italia.

Foto: AP/NTB Scanpix

Glasskista

Det er faktisk mogleg å sjå helgenen med eigne auge, sjølv om han døydde i 2006.

Carlo Acutis ligg nemleg i ei glasskiste, iført Nike-joggesko og jeans. Der har han lege sidan 2020, då glasskista vart opna for pilegrimar og publikum.

Då avkrefta også kyrkja at kroppen var «uforfallen», altså at han ikkje synte teikn på vanleg forfall. I den katolske kyrkja har det vore tradisjon å tru at nokre helgenar ikkje viser teikn på forfall, noko som òg dukkar opp i historiene om Olav den heilage.

Biskopen av Assisi, Domenico Sorrentino, sa at kroppen til Acutis hadde forfalle i «normal tilstand». I etterkant har andletet blitt rekonstruert med silikon.

Det er enno ikkje kjend når den offisielle kanoniseringa av Acutis skal skje.

AKTUELT NÅ