Hopp til innhold
Demonstrasjon ved UD
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Partiet Rødt

Oppsummert

Partiet Rødt ble stiftet i mars 2007 på grunnlag av Rød Valgallianse og AKP, med Rød ungdom som ungdomsorganisasjon. Partiet gjorde i 2021 sitt beste nasjonale valg, som endte med en oppslutnign på 4,7 prosent og åtte representanter på Stortinget.

  • Valt som leiar

    Marie Sneve Martinussen blei fredag kveld vald samrøystes til ny leiar i partiet Raudt.

    Partiet har ekstraordinært landsmøte i Oslo der politisk tale og val er dei einaste sakene. Martinussen overtok midlertidig som leiar etter Bjørnar Moxnes då han gjekk av.

    Sofie Marhaug blei vald som ny nestleiar. Charlotte Therkelsen held fram som 1. nestleiar.

    Ekstraordinært landsmøte i Rødt
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Moxnes vil ha fire nye år på Stortinget

    Tidligere Rødt-leder Bjørnar Moxnes ønsker fire nye år på Stortinget. Han sier til Klassekampen at han stiller seg til disposisjon for fire nye år på Stortinget. Han ønsker seg andreplassen på partiets Oslo-liste.

    Moxnes gikk av som leder i Rødt i fjor etter at han ble tatt for å stjele et par solbriller på Gardermoen.

    Han forteller at han har brukt lang tid på å bestemme seg.

    – Jeg savner ikke presset som partileder, men jeg trives virkelig i en ny rolle, og jeg har lyst til å fortsette med det, sier Moxnes til Klassekampen.

    (NTB)

    Bjørnar Moxnes i Debatten
    Foto: Lars Os
  • RU-leiaren om terror-utsegn: – Dritflaut

    Førre veke kalla Amrit Kaur, leiaren for Raud Ungdom (RU), statsminister Jonas Gahr Støre for ein terrorist.

    Ho har i etterkant baklaga utsegna og sletta TikTok-videoen.

    Nok ein gong legg ho seg flat.

    – Utspelet var berre dritflaut, eigentleg. Skikkeleg flaut, seier ho til E24.

    Ho fekk sterke reaksjonar frå AUF-leiar Astrid Hoem, partikollega i ungdomspartiet, og frå moderpartiet sjølv.

    Kaur blei i vår innstilt som partileiar for RU og blei skulda for kommunistisk kupp.

    Den avgådde partileiaren kritiserte Kaur og sa at RU ikkje berre var for folk som hadde lest heile biblioteket til Karl Marx.

    I E24 podkasten får ho spørsmål om korleis ho stiller seg til kommunismen i dag.

    – Stalin er bad, og eg syns ikkje kommunistpartiet i Kina er noko bra heller, seier ho.

    Amrit Kaur
    Foto: Milana Knezevic
  • RU-leiaren om terrorutsagna: – Mykje rot

    Amrit Kaur, leiaren for Raud ungdom (RU), har fått mykje kritikk den siste veka etter at ho kalla Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre, og Nikolai Tangen for terroristar i ein TikTok-video.

    Det har ho i ettertid beklaga.

    I podkasten Mimir og Marsdal fortel ho om den siste tida:

    – Det var mykje rot. Eg var så stressa. Eg ville berre flytte til ei hytte i skogen.

    Mimir Kristjansson seier han var forbanna etter utsegna frå Kaur, og at han fekk meldingar frå Utøya-overlevande som bad han om å reagere.

    – Det som trefte sterkast var å sjå mange AUF-arar bli såra og skuffa over meg, seier Kaur om kva som fekk ho til å endre meining.

    I podkasten får RU-leiaren spørsmål om ho nokon gang har meint at oljefondssjef Nikolai Tangen er ein terrorist:

    – Det er eit ord ein bør vere forsiktig med å bruke, men om eg synest Tangen er ansvarleg for Noregs deltaking i Gaza, så meiner eg ja.

    Men har han vore terrorist?

    – Ja, det kjem an på definisjonen, så igjen, det er ikkje opp til meg å definere.

    NRK har tidlegare vore i kontant med Tangen om saka. Han vil ikkje kommentere ho.

    Amrit Kaur
    Foto: Milana Knezevic

AKTUELT NÅ