Hopp til innhold

Overgrepsdømde kan få barnehagejobb

Personar som er dømde for seksuelle overgrep i utlandet kan snike seg unna systemet og få jobb i norske barnehagar, meiner Private Barnehagers Landsforbund (PBL).

Espen Rokkan er jurist i PBL.

Espen Rokkan er jurist i Private Barnehagers Landsforbund

Foto: PBL

Espen Rokkan er advokat i PBL. Han kan fortelje om ein mann som var dømd for seksuelle overgrep i uitlandet, som fekk seg jobb i ein norske barnehage. Det vart oppdaga heile tilfeldig, og Rokkan trur det kan ha skjedd fleire gonger utan at nokon har oppdaga det.

Problemet er at dommar frå utlandet ikkje blir registrerte på norske politiattestar.

LES OGSÅ: Fengslet for overgrep i barnehage

Manglar regelverk

Og det er ingen internasjonale reglar som sørgjer for kontroll med om utlendingar som jobbar i norske barnehagar er dømde for overgrep i utlandet.

Ein kan be om attestar frå andre land, men ikkje krevje det.

Når det gjeld nordmenn som har budd i utlandet, kan styresmaktene få vite om dommar dersom dei søkjer bistand og soningsoverføring.

Statssekretær i Kunnskaps- og utdanningsdepartementet Lisbeth Rugtvedt (SV)

Lisbeth Rugtvedt er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Lisbeth Rugtvedt er statssekretær i Kunnskapsdeparementet.

Ho meiner reglane er strenge nok som dei er i dag, og at barnehagane må ta mykje av ansvaret for å sjekke grundig dei aktuelle kandidatane før dei blir tilbodne jobb.

LES OGSÅ: Ny overgrepssak i barnehage

LES OGSÅ: - Skjerp attestkrava for lærarane

Vil ha nye reglar

Espen Rokkan meiner det er vanskeleg for barnehagane å ta denne kontrollen, og at det bør lagast eigne reglar.

Om eitt år trer den nye politiregisterlova i kraft. Då kan politiet krevje at utlendingar, eller nordmenn som har budd i utlandet, skal ha budd her i fem år før dei får politiattest.

Men det gir ikkje heimel for å kontrollere kven som er dømde i utlandet.

LES OGSÅ: Nekter for overgrep i barnehage

LES OGSÅ: Dømt for overgrep i barnehagen

AKTUELT NÅ