Barneombod Reidar Hjermann vil ha strengare attest. Foto: Scanpix
Barneombod Reidar Hjermann meiner det er alvorleg at personar som har gjort seg skuldig i drap kan få jobb som lærar.
- Eit ekstremt utslag kan vere at ein person vert tilsett som lærar sjølv om han eller ho er dømd for mord utan at skulen veit om det, seier han.
Seksuelle overgrep
Personar som blir tilsett i barnehagar, i grunnskolen og i den vidaregåande skulen må i dag vise politiattest som viser at personen ikkje er dømd for seksuelle overgrep mot barn. Men om læraren er dømd for vald eller narkotikalovbrot får arbeidsgjevaren aldri vite gjennom vandelsattesten.
- Kan ramme hardt
Barneombodet krev difor no ei lovendring som skal vise valds- og narkobrotsverk på politiattesten. Reidar Hjermann seier ein valdeleg lærar kan ramme eit barn hardt.
- Dette er veldig alvorleg for dei barna som vert ramma. Ein person kan bringe mykje ulukke over ganske mange barn, seier Hjermann.
- Men om ein person er dømd for valds- eller narkotikabruk, er personen då uskikka til å arbeide med barn seinare?
- Det kan vere slik, difor bør arbeidsgjevar vite om det og sjølv gjere ei vurdering om han eller ho skal arbeide med barn eller ikkje, seier han.
Høgast prioritet
Men regjeringa vil prioritere arbeidet for å hindre seksuelle overgrep i barnehagen og skulen, framfor å innføre krav om vald- og narkolovbrot på attesten, seier statssekretær i kunnskapsdepartementet, Lisbeth Rugtvedt.
- Dette med seksuelle overgrep er det vi prioriterer høgast, og vi må sikre at vi har gode nok tiltak for å hindre det, seier ho.
Reidar Hjermann seier han likevel ikkje gir opp kravet sitt.
- Dei høyrer ofte på oss, så vi stoler på det denne gongen også, seier han.