Hopp til innhold

Oslo kan berre koronateste halvparten så mange som kravet frå Høie

Oslo kommune har i dag kapasitet til å koronateste i underkant av 5000 innbyggjarar i veka. Målet til Helsedirektoratet er at dei i dag skal kunne teste 10.000, og på sikt 35.000.

Robert Steen

5000: Helsebyråd i Oslo Robert Steen (Ap) seier testkapasiteten i Oslo vil auke vesentleg etter dei nye reglane for testing.

Foto: Fredrik Hagen

– Vi ligg på ein testkapasitet på i underkant av 5000. Så skal vi få det opp i tråd med det vi vil ha behov for framover, seier helsebyråd Robert Steen (Ap) i Politisk kvarter tysdag.

I dag er målet til Helsedirektoratet at alle kommunar i landet skal kunne teste 1,5 prosent av innbyggjarane sine i veka. For Oslo er dette 10.000 testar. På sikt skal dette aukast til 5 prosent, som for Oslo betyr 35.000 testar.

– No er det slik at nasjonale helsemyndigheiter endrar reglane sine for korleis vi skal teste i morgon. Frå i morgon kan ein direkte teste dei som føler dei har symptom på korona, utan at det må gå gjennom lege. Det vil auke vår kapasitet vesentleg, seier Steen.

Helsebyråden kan ikkje svare på kor lang tid det vil ta før Oslo kommune har kapasitet til å teste 35.000 i veka.

– I løpet av nokre veker har vi meir oversikt over dette, seier han.

– Kraftig eksplosjon

Førre veke opplevde samtidig mange å ikkje kome gjennom til Oslo kommune sin koronatelefon. Laurdag kom berre 360 av over 5300 gjennom, skriv Aftenposten.

– Vi fekk ein kraftig eksplosjon. Vi gjekk frå 500 telefonar om dagen til 5000 i løpet av eit par dagar. Det kom nok som ei lita overrasking på oss, seier Steen.

Ifølgje Steen er det utfordrande å skaffe nok bemanning på koronatelefonen fordi den må bemannast av helsepersonell som mellom anna skal vurdere om symptom gjev grunnlag for koronatesting.

– Vi måtte skaffe meir enn hundre menneske med helsefagleg bakgrunn i løpet av eit par dagar. Det klarte vi ikkje.

– Ein maraton

Steen forklarar den låge bemanninga gjennom sommaren med at det var vanskeleg å føresjå nye utbrot. Han peikar mellom anna på Black Lives Matter-demonstrasjonen i juni, der tusenvis var samla i Oslo, som noko som ikkje slo ut i smitte.

Festane på Oslo vest førre helg, som no har ført til auka smitte, kunne like gjerne ha vore i mai eller september, ifølgje Steen.

– Det var ingen som sa at det var denne helga det skulle kome, seier han.

– Vi kan ikkje ha full beredskap i ein organisasjon over mange år. Dette er ein maraton som går over lang tid. Kanskje det viktigaste for ein leiar i ein krisesituasjon som går over tid er å vete når folk skal kvile. For oss var dette i sommar.

AKTUELT NÅ