Oppsagde pilotar fly forbanna på SAS

SAS-pilotar som vart oppsagd under pandemien meiner dei blei lova jobbane tilbake, men no må dei betale 400.000 kroner frå eiga lomme for å vere kvalifisert til å søkje på sine tidlegare jobbar.

TEMPERATUR: Pilot Anders Eckermann Eikeland møtte Eivind Bjurstrøm frå SAS til debatt hjå NRK i Dagsnytt 18 fredag.

Flyselskapet SAS vart hardt ramma av koronapandemien, som gjorde at rundt 560 SAS-pilotar mista jobben.

– Då vi vart oppsagd fekk vi beskjed av SAS om å behalde uniforma heime og ha den klar. Dei sa dei gledde seg til samfunnet opnar og få oss tilbake, seier Anders Eckermann Eikeland (32).

Han har jobba i SAS sidan 2016, og vart oppsagd desember 2020.

No har samfunnet opna opp att, og flytrafikken er nesten tilbake til normalen. Men Eikeland står framleis utan jobb.

– Det har vore veldig vanskeleg og ei utrygg tid. Eg veit ikkje korleis framtida kjem til å vere. Eg sitte å ser at den eine bransjen etter den andre opnar, og eg er ikkje med på det, seier Eikeland og legg til:

– Det einaste eg har lyst til er å fly.

Anders Eckermann Eikeland, tidlegare SAS pilot.

– Det einaste eg vil er å fly passasjerar, og ha ein trygg og føreseieleg jobb å gå til, seier tidlegare pilot Anders Eckermann Eikeland.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Nye dotterselskap og nytt sertifikat

– Vi har ikkje lova nokon jobben tilbake, men ein re-tilsettingsrett i SAS Skandinavia, og der er det ikkje behov for folk, seier Eivind Bjurstrøm, direktør, planleggingstenester i SAS og legg til:

– Det vi har behov for no, er tilsette i dei nye selskapa.

Dei selskapa som Bjurstrøm snakkar om er SAS sine nye dotterselskap SAS Link og SAS Connect. Der skal dei bruke den nye flytypen Airbus.

Det står i stillingsannonsen at det er eit krav at pilotane må ha sertifikat for å fly desse.

SAS Airbus A320neo

Det er Airbus A320neo som SAS skal bruke i dotterselskapa.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Den oppsagde piloten Anders Eckermann Eikeland er ikkje kvalifisert til å søke då han ikkje har eit slikt flysertifikat.

– Det er ingen av oss oppsagde norske pilotar som er kvalifisert. Om vi skal få den jobben må vi kjøpe eit kurs for 400.000 til 500.000, seier han.

Norsk flygarforbund kallar de løftebrot

Fagforeiningane meiner dette er løftebrot, og vurderer å ta SAS for retten.

– Vi meiner at SAS bryt retten til re-tilsetting, seier Aleksander Wasland, nestleiar i LO-forbundet, Norsk Flygerforbund.

Aleksander Wasland

Aleksander Wasland, nestleiar i LO-forbundet, Norsk Flygerforbund.

Foto: Norsk Flygerforbund

– Re-tilsettinga gjaldt det gamle moderselskapet, og dei nye stillingane er i dei nye dotterselskapa. SAS har jo innfridd med å la permitterte få komme tilbake i jobb, har dei brote nokre løfter då?

– Dei er brotne fordi det finnast ein re-tilsettingsretten i SAS Skandinavia, i staden for å ta desse tilbake i SAS Skandinavia, så lager dei ein selskapsstruktur som består av dotterselskapa. Det i sum bryt med eit seriøst og anstendig arbeidsliv, svar Wasland.

Eivind Bjurstrøm i SAS meiner dei ikkje har gjort noko feil og meiner det er rimeleg at dei endrar verksemda i selskapet.

– Vi endrar heile verksemda for å sikre lønnsemd i SAS gruppa. Det betyr at vi må bygge opp desse verksemdene med dei nye dotterselskapa på ein mest mogleg effektiv måte.

Han forklarar vidare at om dette lykkast, kan dei gi pilotar som Eikeland moglegheit til å kome tilbake. Han seier SAS må gjere dette for å møte marknaden etter korona.

– Vi kjem til, i det augeblikket det er berekraftig å tilsette i SAS Skandinavia, til å bruke re-tilsettingsretten.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger