Hopp til innhold

Fisk eller olje i munnen?

- Vi blir kasta vekk frå vår arbeidsplass. Vil regjeringa heller prioritere olje, spør fiskarane?

Seismikk

Seismikkaktiviteten har auka kraftig i år. No trugar leitinga etter olje på ny for fiskarar i Nordsjøen.

- Eg synst det er ganske dramatisk det som skjer. Det er rein overkøyring frå oljebransjen. Det er ei elendig sak for regjeringa, seier formannen i fiskarlaget Reidar Nilsen

Fiskarane er svært provoserte etter nye diskusjonar om kven som har fortrinnet på havet.

Reidar Nilsen, formann i Noregs Fiskarlag.

Noregs fiskarlag og formann Reidar Nilsen syner fram Nordsjøen der det kan gå mot konflikt i haust.

Foto: Øyvind A. Haram / NRK

Nordsjøen

Etter intense diskusjonar både i fjor og tidligare i år, vart det sett ned både utval og lagt nye retningslinjer. Alt vart gjort for å unngå konflikt. Men det ser ut til å vere nyttelaust, i følgje fiskarane.

- Fiskerinæringa vert på alle måtar overkøyrd. Den som kan hjelpe oss er fiskeridepartementet. Tek ho oss på alvor eigentleg, spør fiskarlagsformannen.

Striden som no byggjer seg opp handlar om Nordsjøen. For kvar gong eit oljeselskap ønskjer å leite etter olje i norsk sone må ein sende ei såkalla melding til Oljedirektoratet. Oljebransjen ønskjer no å leite på ny i store deler av Nordsjøen, der det samtidig er eit stort og viktig fiske etter makrellen. Fiskeridirektoratet har høve til å kome med sine synspunkt på vegne av fiskeri-Noreg. Sidan i vår har fiskeridirektoratet vorte nedstemt 11 gonger av Oljedirektoratet, seier fiskeridirektør Peter Gullestad

- Dei har i si totalvurdering sagt ja til seismikk, til tross for at vi har sagt at vårt råd var å seie nei i deler av Nordsjøen.

- Kva seier du til det?

- Det er klart at det er uheldig for dei som fisker etter makrellen, at dei råda ikkje er tatt til omsyn.

På ny i rettsapparatet?

I vår enda ein langvarig strid med regjeringa i retten for fiskarane. Den gongen handla det om fiske utanfor Vesterålen og Lofoten. Fiskarane tapte, oljebransjen fekk skyte med sine seismikkskip. Likevel det stoggar ikkje fiskarane til å ta ei ny runde

- Det er eit faktum at visst ikkje det vert snudd på, så er vi villige til å gå rettens veg, seier Reidar Nilsen

Fiskeridirektør Peter Gullestad trur at dialog er rette vegen å gå

- Det må rettmessig vere to partar for å få det til.

Miljørørsla har vore svært aktive for å rette søkjelyset på kva som skjer når det skytast med seismikk. Generalsekretær i WWF Rasmus Hansson seier det ikkje er tvil om kven regjeringa legg vekt på

- Det snakkast om sameksistens her. Det vert berre vrøvl. Vi støtter fiskarane fult ut og vil gjere det vi kan for å hjelpe til.

Utelukkar ikkje konflikt

Statssekretær i fiskeridepartementet Vidar Ulriksen seier at ein må sjå nærmare på vedtaka som er gjort i Oljedirektoratet

- Vi har hatt møte med kvarandre. Vi skal ha fleire møter.

- Når skjer det?

- I løpet av hausten

- Makrellfisket byrjar allereie no. Kva skjer då?

- Vi kan ikkje utelukke konfliktar, svarar den tidlegare skipperen og nestleiaren i Noregs Fiskarlag.

AKTUELT NÅ