Hopp til innhold

Nye reglar skal dempe konfliktar ved huskjøp

Frå nyttår kan du ikkje lenger selje bustad med klisjeen seld «som den er». Seljar tar risiko for ukjente feil og manglar. Kjøpar kan ikkje klage på feil som står i tilstandsrapporten.

TILSTANDSRAPPORT: Lasse Jensen er sertifisert takstingeniør og undesøker her om det er fukt i taket på en enebolig.

TAKSERING: Takstmannen, eller bygningssakkunnig som det også heiter, Lasse Jensen gjennomfører fuktmåling i et eldre hus før han skriv ein grundig tilstandsrapport.

Foto: Catharina Kruse / Norsk Takst

Ved sal av bustad har mange gardert seg mot eventuelle feil eller manglar ved å skriva at den blir seld «som den er». Men dette og andre generelle atterhald har ikkje lenger nokon verdi. Det vedtok Stortinget i mai, og gjeld frå 1. januar 2022.

Dette betyr at du som seljar i større grad enn før bør sikre deg mot ukjende feil som kjøpar kan oppdaga etter salet.

Men lovendringa pålegg deg også som kjøpar å lese tilstandsrapporten grundig, for du kan ikkje krevja kompensasjon for manglar som du burde kjenne til om du hadde lest.

Tryggare bustadhandel

Dette er i store trekk den nye endringa i avhendingslova, også omtalt som tryggare bustadhandel.

Og det er ein grunn til at det kjem ei ny forskrift som i stor grad legg ansvaret for feil og manglar ved sal av bustad på seljar, seier Daniel Ø. Helgesen, administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norsk takst.

Daniel Ø. Helgesen, adm.dir. Norsk takst

NORSK TAKST: Daniel Ø. Helgen er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norsk takst.

Foto: Nicolas Tourrenc

– Dette er kort og godt fordi det tidlegare har vore for høgt konfliktnivå i bustadomsettinga. Vi har hatt den regelen som seier at ein kan selje bustaden «som den er» og har difor ikkje hatt sterke grunnar til å opplysa alt om bustaden og innhenta grundige tilstandsrapportar, seier Helgesen.

Må lese rapporten nøye

– Kva meiner du kjøparen skal vera merksam på etter 1. januar?

– Kjøparen må for det første lese rapporten grundig, for han blir jo rekna som ein som kjenner til alt som er lagt fram.

Dette er også ei av lovendringane som har kome; at det blir lagt til grunn at kjøpar veit om alt som er lagt fram av dokumentasjon.

– Så les nøye! seier Helgesen.

Når vi møter takstmann Lasse Jensen på jobb i Oslo, går han gjennom ein over 50 år gamal einebustad. Han ser særleg nøye på våtrom og andre stader der det kan vera fukt.

– Dette er ein original bustad frå 1977, seier Jensen og viser oss rundt.

– Ikkje falleferdig, men ...

Omfattande tilstandsrapport

Han ser seg rundt og registrerer at mykje er som det var på 70-talet.

– Eg startar alltid med ein samtale med seljar for å få mest mogeleg informasjon.

Og den informasjonen, og takstmann Lasse Jensens grundige gjennomgang, endar opp som ein langt meir omfattande tilstandsrapport enn det som har vore vanleg til no.

– Badet er frå byggjeåret, heilt originalt. Det som er typisk, som eg ser her, og det er vi merksame på når alt er originalt, er at det er aktive lekkasjar. Vi er litt bekymra for 50 år gamle røyr.

Fukt og ròte må avslørast, gjerne med boring inn mot bad og andre våtrom.

– Det er ikkje alle som ønskjer seg eit hol akkurat her, så det må avklarast med seljaren først. Og han kan motsetja seg det, men det vil kome tydeleg fram i rapporten at seljar har motsett seg det, så det er ikkje sikkert det er ein fordel.

Noterer feil og manglar

Lasse Jensen noterer feil og manglar på nettbrettet undervegs. Han måtte bore hol i taket, for her går nedløpsrøret med regnvatn inn frå flatt tak og gjennom huset.

– Eg skriv at eg har laga hol ved utsette område opp mot taksluk, og at det visuelt ikkje er symptom på skade. Og så skal eg legge opp ein sonde som måler fukt.

Han ser at nye lover og forskrifter påfører han meir arbeid, men det er han berre glad for.

– Ja, eg set pris på å få lov til å undersøke bustaden ordentleg. Tidlegare var det stor skilnad på takstmenn; den eine kunne vera grundig, og den andre kunne vera meir overflatisk, medan det no blir heilt likt. Vi samanliknar eple med eple og pærer med pærer. Så det blir lettare å samanlikne.

Lasse Jensen, takstingeniør

UTE OG INNE: Takseringa går føre seg over heile huset, og undersøking av eventuell fukt er ein viktig del av arbeidet.

Foto: Catharina Kruse, Norsk Takst

– Er den nye lova ein vinst for bustadkjøparar?

– Definitivt, slår takstmann Lasse Jensen fast.

AKTUELT NÅ