Hopp til innhold

Nye hastelover skal gje smittefri ferjebetaling og beskytte barn

Regjeringa brukar koronalova til å hasteendre nye lover. I dag er lover om ferjebillettering, yrkessjåførar og barnevern banka gjennom i statsråd.

Billetør på ferga mellom Sykkylven og Magerholm

FERJEBILLETT: Ei av mange nye smittekjelder. Regjeringa vil at ferjebillettørar skal kunne fakturere gjennom å registrere kjennemerket til bilen. Bilde frå tida før korona, på ferja mellom Magerholm og Sykkylven i Møre og Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Regjeringa har fått utvida makt til å gjere om på lover. Det vart klart då Stortinget vedtok koronalova helga for to veker sidan.

I dag er tre nye forskrifter vedtatt. Målet er å sørge for at ferjene kan ta betalt utan å spreie smitte og at persontransporten ikkje stoppar opp. Og endå viktigare: beskytte utsette barn i barnevernsomsorg.

Regjeringa vil:

  • Gjere forenklingar i barnevernet for å ivareta barn i krisesituasjon
  • Tilrettelegge for billettinnkrevjing på ferjer utan manuell kontakt
  • Forlenge køyresetlar for yrkessjåførar utan framlegging av helseattest

Uro for sårbare barn

Så langt har regjeringa brukt makta til å vedta 14 forskriftsendringar. Men Stortinget er ikkje satt heilt på sidelinja. Nokre av forskriftene på utdanningsområdet vart stoppa av Stortinget likevel.

I dag brukar regjeringa fullmaktene sine til å prøve å betre situasjonen for sårbare barn. Konsekvensane for utsette barn og unge har vore mykje diskutert etter koronautbrotet.

Pressemøte for barn

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) kjem med endringar i barnevernlova.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Med regelendringane i dag vil regjeringa tilrettelegge for at barnevernet skal klare å behandle saker også under koronakrisa. Det blir foreslått tilgang til å bruke fjernmøter og fjernavhøyr, og det blir teke til orde for kombinasjon av skriftleg og muntleg saksbehandling. Forslaga reduserer behovet for fysisk oppmøte.

Regjeringa vil dessutan at barnevernstenesta får meir tid på seg til å kome med tiltak etter akuttvedtak. Dette handlar om situasjonar der det er fatta akuttvedtak om å ta barn bort frå heimen. Då har barneveret ein ganske kort frist før dei må kome med forslag til vidare tiltak. Bryt dei fristen, vil akuttvedtaket bli oppheva og barnet flyttar heim igjen.

No vil barneverntenester kunne oppleve fråver på grunn av karantene og sjukdom, viser regjeringa til. Frykta er difor at gjeldande lovverk ville gjere at barn måtte flytte heim til omsorgssvikt og overgrep. Regjeringa gir difor barnevernet to veker meir tid i slike situasjonar.

Dette skal gje nødvendig omsorg og vern til dei mest utsette barna, skriv departementet.

Det blir også foreslått utvida makt til Bufetat slik at etaten får høve til å flytte barn mellom institusjonar når koronasitiuasjonen gir smittefare eller bemanningssvikt.

– Meir makt til barnevernet

Advokat Thea Totland er speisalist i barnerett. Ho meiner det er bra at barnevernet blir sett i stand til å fungere gjennom koronakrisa, og meiner vi difor må akseptere endra tidsfristar og eit visst innslag av skriftleg saksbehandling og video-avhøyr. Iallfall i ein periode.

– For barn som er utsett for alvorleg omsorgssvikt er det viktig at apparatet fungerer, seier Totland.

Thea Totland

SPENT: Advokat Thea Totland er spent på kor lenge unntakstilstanden i barnevernet vil vare.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

Men advokaten meiner også at norsk barnevern generelt står bak for mange akuttvedtak og omsorgsovertakingar. Noreg har tapt fleire saker i den europeiske menneskerettsdomstolen og Totland er advokat for foreldra i ei av sakene der Noreg er klaga inn.

– Det som er skummelt med koronalovendringane i barnevernet er gråsonesakene. Her gir vi barnevernet endå meir makt. Kva bestemmer fylkesnemndene dersom dei verken får høyrt eller sett foreldra? spør Totland som difor er spent på kor lenge unntakssituasjonen kjem til å vare for barnevernet.

Stortinget aksepterer

Stortinget kan fortsatt stoppe lovendringane frå statsråd dersom ein tredel av Stortinget protesterer. Det må skje allereie innan laurdag klokka 12 om Stortinget har innvendingar. Viss ikkje gjeld dei nye forskriftene.

Etter det NRK forstår har det vore god kontakt mellom barneminister Kjell Ingolf Ropstad og Stortinget om endringane i barnevernslova i forkant, og forskrifta blir dermed ikkje stoppa av nasjonalforsamlinga. Senterpartiet og Frp opplyser til NRK at partigruppene har akseptert forslaget. Dei andre partia på Stortinget gjer sine endelege vurderingar fredag ettermiddag og kveld.

Senterpartiet si haldning er at partiet aksepterer endringane så lenge koronalova gjeld, altså til slutten av april. Dersom endringane i barnevernet skal gjelde lengre, ønskjer dei ei ordinær lovbehandling i Stortinget.

Ferjebillett utan kontakt

På ferjene rundt omkring i landet har billettørane stoppa å krevje inn betaling manuelt for å minske faren for smitte.

Dette har gitt stort inntektsfall på ferjene.

No vedtar regjeringa at ferjemannskapa skal kunne notere registreringsnummeret på bilane for å krevje inn betaling gjennom rekning. Dersom ikkje køyretyet har ein autopassbrikke som kan avlesast, vil det som hovudregel bli sendt ein månadsfaktura i etterkant, skriv departementet.

Knut Arild Hareide på ferja ut til Aukra

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) vil trygge smittesituasjonen og sikre billettinntekter på ferjene.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Ordninga betyr at det blir registrert opplysningar som den enkelte bilførar i utgangspunktet ikkje nødvendigvis har gitt samtykke til. NRK kjenner til at det frå opposisjonen på Stortinget blir stilt nokre kritiske spørsmål til personvernsidene ved forslaget, men etter alt å døme set ikkje Stortinget ned foten likevel.

Forlenging for sjåførar

Regjeringa vil også forenkle ordninga med køyresetlar for yrkessjåførar slik at ikkje persontransporten blir råka.

Transport er definert som ein samfunnskritisk funksjon, argumenterer regjeringa. Ved fornying av køyresetel er det krav om framlegging av helseattest. Ein reknar med at dette er ei oppgåve som helsevesenet ikkje kan prioritere framover. Politiet har også uttalt at det no vil bli krevjande å prioritere å behandle søknader om fornying av køyresetlar.

Ein yrkessjåfør har eigentleg ikkje lov å utøve yrket utan gyldig køyresetel, men regjeringa foreslår no at setlar som går ut etter 15. mars skal bli automatisk forlenga så lenge forskrifta gjeld.

Det heilt nødvendige

– Vi vil fremme det vi meiner er heilt nødvendig, som er tidskritisk og som vi ikkje har heimel til på annan måte, sa Mæland til NTB før statsråd fredag.

Koronalova gjer at desse vedtaka gjeld frå klokka 12 laurdag så lenge ikkje ein tredel av Stortinget protesterer. Truleg går alle dei tre sakene gjennom.

Regjeringa ønskte opphavaleg vidare fullmakter til å gjere slike lovendringar enn Stortinget til slutt gjekk med på. Regjeringa ville at kriselova skulle vare i seks måneder. Stortinget gjekk i første omgang med på å gje regjeringa utvida makt i ein månad.

AKTUELT NÅ