Hopp til innhold

Ny rapport: Noreg burde ikkje ha stengt grensene mot dei andre nordiske landa

Ein ny rapport slår fast at grensene mellom Noreg og dei andre nordiske landa aldri skulle ha blitt heilt stengt under pandemien. Svenskane er framleis irriterte på at Noreg stansa alle som ville inn til landet.

En fra Heimevernet står midt i veibanen og stanser en bil for kontroll av blant annet innreisepapirer og koronasertifikat

STRENGT: HV-soldatar passa grensa mellom Noreg og Sverige under pandemien.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Det må innførast eit felles nordisk reisebevis som gjør at nordiske borgarar kan reise fritt trass i sivile kriser. Det bør ikkje vere noko teknisk problem å løyse, heiter det i rapporten som blei lagt fram for Nordisk Råd onsdag.

Særleg svenskane har vore forbanna på den norske grensepolitikken under pandemien, noko som også kom til overflata då politikarane møtte kvarandre i København i dag.

– Det som utvikla seg under denne pandemien er pandemi-nasjonalisme med stengde grenser, sa den svenske Riksdags-politikaren Hans Wallmark frå Moderaterna.

Han fekk stor applaus frå salen.

– Det viktigaste var å stoppe smitten, ikkje stoppe menneska, slo han fast.

Korona , Covid-19, vaksine

Dei nordiske landa ha eit felles kriselager, meiner dei som står bak ein ny rapport.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Vil ha felles reisebevis

No får Wallmark og dei andre kritikarane støtte i den nye rapporten som skal handsamast av Nordisk Råd framover.

Der blir det slått fast det knapt kan vere noko teknisk problem å få til eit felles reisebevis som trumfar ei full stenging av grensene slik Noreg gjorde.

Det er den finske toppolitikaren Jan-Erik Enestam som har leia arbeidet med rapporten som blei lagt fram for Nordisk Råd i København i dag.

Han vil snarast mogleg ha på plass eit fellesnordisk reisebevis. Det kan ikkje vere slik at grensene mellom dei nordiske landa blir heilt stengt neste gong krisa råkar, meiner han.

– Det er eit faktum at landa har reagert ulikt på krisa og har også vore ulikt førebudde på det som kom, seier Enestam til NRK.

– Kva land trefte best på sine koronatiltak?

– Det spørsmålet vil eg ikkje svare på, seier Enestam og smiler.

Jan-Erik Enestam

Jan-Erik Enestam var blant anna forsvarsminister i Finland i fleire år og har vore aktiv i det nordiske samarbeidet.

Foto: Mats Rønning / NRK

Tok Solberg-regjeringa i forsvar

I Nordisk Råd blei det påstått frå fleire at dei strenge norske reglane har ført til skadar og sår som ikkje kan lov-endrast-bort, slik det kan gjerast med andre grensehinder, skriv NTB.

Statsminister Jonas Gahr Støre tok likevel kritikken med stoisk ro frå talarstolen i Kongens by.

– Eg vil ta den tidlegare regjeringa i forsvar. Fordi regjeringa hadde ansvar for å handtere ein koronasituasjon som var veksande, der importsmitte over Noreg sine grenser var ein reell trussel, sa Støre.

Tidleg i covid-19-krisa blei det fremja forslag om at dei nordiske landa skulle anerkjenne kvarandre sine testresultat for reiser mellom landa.

Men det blei med diskusjonen.

– Teknisk sett burde det ikkje vere vanskeleg å innføre eit felles nordisk reisesertifikat, står det i rapporten.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim er en norsk politiker og andre nestleder i Senterpartiet.

Bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim i København onsdag.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Ikkje så strukturert

I rapporten er det lagt fram forslag om 12 ulike tiltak som kan betre samarbeidet mellom dei nordiske landa i ein stor krisesituasjon.

Blant forslaga er å opprette ei nordisk eining for sivil kriseberedskap og undersøke om ein kan få til eit felles beredskapslager.

Bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) legg ikkje skjul på at noko kunne ha vore betre med det nordiske samarbeidet under pandemien.

– Det har vel aldri vore tettare kontakt mellom regjeringsmedlemer i dei ulike landa. Dei tok opp telefonen og snakka saman. Men det syner seg kanskje at det ikkje var så strukturert.

– Noreg hadde strengare grensekontroll enn nokon av dei nordiske landa. Er det noko du har fått høyre av dine nordiske kollegaer?

– Jada, det har vore mykje diskusjon om det også frå talarstolen i Nordisk Råd, så det er noko som engasjerer. Ein ting vi kan lære til seinare er korleis vi raskt kan hjelpe dei som blir spesielt hardt råka når ein må innføre slike tiltak.

AKTUELT NÅ