Hopp til innhold

Skjermutval med ny rapport: – Elevar bør lesa meir på papir

Leseforståinga blir betre når vi les på papir. Det er ein av konklusjonane i Skjermbrukutvalet sin heilt ferske rapport.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

FLITTIG BRUKT: Skjermbruken har auka, men Skjermbruksutvalet meiner skjermen ikkje må erstatta bok og papir.

Foto: Amanda Iversen Orlich

– Eg synest data, skjerm og internett er framtida. Det er noko vi har brukt veldig mykje tid på å jobba med. Sjølvsagt er det nokre nedsider ved det, men det er også viktig å få læra og få bruka det ordentleg.

Det seier Caroline Victoria Awa Knutsen.

Ho går i 8C på Marienlyst skule. Der har alle elevane sin eigen PC. Når NRK møter klassen, sit elevane nettopp med kvar sin skjerm.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

Ole Spildo Håstein, Caroline Victoria Awa Knutsen og Philip Husebye Skramstad seier at dei bruker skjerm på skulen kvar dag.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Skjermbruken har auka raskt

Slik er det også i mange andre klasserom i Noreg, ifølgje Skjermbrukutvalet sin heilt ferske rapport.

Her skriv dei nemleg at skjermbruken i norske skular har auka raskt på kort tid. Digitale einingar er ein integrert del av undervisninga. Og mange elevar har tilgang på til dømes eigne PC-ar.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

På Marienlyst skole brukar dei framleis papir og penn i tillegg til skjermen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

I rapporten ser utvalet på «konsekvensar av skjerm i skulen».

Dette er blant konklusjonane i rapporten:

  • Både trykte og digitale teknologiar bør ha sin plass i skulen
  • Mykje tyder på at elevane bør lesa meir på papir
  • Både handskrift og tastatur har sin naturlege plass i undervisninga
  • Styresmakter bør evaluera nasjonale retningslinjer

– Skjermen bør ikkje erstatta bok, handskrift eller fysisk trening, seier Robert Steen som har leia utvalet.

Skjermen byr på forstyrringar

«Leseforståinga er betre når vi les samanhengande informasjonstekstar på papir enn på skjerm», skriv utvalet.

– Og det rådet vi gir allereie i dag, er at vi må halda på papirlesing i norsk skule, seier utvalsleiaren.

Når vi les på skjerm, har vi ein tendens til å lesa meir overflatisk. I tillegg kan oppstå fleire forstyrringar, meiner utvalet.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

Skjermbruken i norske skular har auka raskt på kort tid.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Caroline er einig i at skjermen kan føra til at ho mistar fokus.

– Om eg les på skjerm kan det vera vanskelegare å følgja med, seier ho.

Klassekameratane Ole Spildo Håstein og Philip Husebye Skramstad meiner derimot at det ikkje er så stor forskjell om dei les på skjerm eller papir.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

Ole Spildo Håstein synest det går fint å lesa på skjerm.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Eg synest det er bra å lesa på skjerm. Då kan ein til dømes zooma inn, seier Ole.

Ifølgje rapporten spelar val av skjerm eller papir ei mindre rolle for elevar som er gode å lesa. Elevar med lågare ferdigheiter kan ha større utbytte av å lesa på papir.

Utvalet meiner også at både handskrift og tastatur bør ha sin plass i skulen.

– Skriving er nok litt meir delt. Der ser vi at delar av elevmassen lærer meir og fortare av å skriva for hand, medan andre delar av elevmassen lærer betre og fortare ved å bruka tastatur, seier Steen.

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

Sjølv om Idunn og Mathilde har kvar sin PC, likar dei å skriva for hand.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Utvalet peikar på at handskrift kan trena konsentrasjonen til elevane og kognitive utvikling.

Idunn Myhre Jacobsen og Mathilde Bakken Svåna seier at dei synest det er betre å lesa i ei bok, enn på skjerm. Dei seier også at dei får ting betre med seg om dei skriv for hand.

Mobilen skal truleg ut

Nyleg kom resultata av Pisa-undersøkinga. Der kom det fram at norske elevar gjer det dårlegare. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) peikte på skjermbruk i skulen som ein del av problemet.

Den relativt nye kunnskapsministeren har allereie markert seg ved å seia at ho vil ha nasjonale retningslinjer for mobilbruk i skulen.

Les også Hyllar kunnskapsministeren som vil ha mobilfri skule

Skjerm eller skjerme

Utvalet meiner at mobilbruk i skulen kan vera eit verktøy for læring, men at han også kan verka forstyrrande.

Dei meiner styresmaktene bør evaluera nasjonale retningslinjer om mobilbruk. Og ifølgje kunnskapsministeren kan altså desse retningslinjene koma allereie på nyåret.

Matlaging på kjøkkenet. Skjermbruk i skolen. Marienlyst skole

Mimi Dedichen (i midten) er lærar i 10. trinn. Mat- og helse-timen er fri frå skjerm.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Mimi Dedichen som er lærar på Marienlyst skule og som har ei mastergrad i utdanningsteknologi meiner det er riktig at mobilane ikkje skal vera ein del av skulekvardagen.

– Eg ser ikkje nokon grunn til kvifor dei skal få lov til å ha telefonane sine i timane, seier ho.

Skjermbruk i skolen - mobilskap på Marienlyst skole

I dette skapet må elevane leggja frå seg mobilen når dei kjem på skulen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

På skulen har dei såkalla «mobilhotell», men ho innrømmer likevel at mobilbruk tidvis er eit problem.

– Eg trur at eit mobilforbod på nasjonalt nivå hadde gjort situasjonen lettare for både skulen og lærarar, seier ho.

AKTUELT NÅ