– Dette er ei utvikling me må snu, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
I dag kom resultatet for Pisa-undersøkinga 2022. Den viser at norske 15-åringar er blitt dårlegare i matematikk.
Aldri har resultatet vore så lågt, sidan første gong Noreg var med i den internasjonale undersøkinga i 2003.
På lesing og naturfag scorar norske 15-åringar også dårlegare, men nesten likt som tidlegare år.
– Tala er alvorlege
Ifølge undersøkinga er nær ein av tre elevar på lågaste kunnskapsnivå når det gjeld matematikk.
Kunnskapsminister Nordtun seier ho er bekymra for resultata.
– Eg er spesielt bekymra for den store auken i elevar som er på det lågaste nivået. Me har høge ambisjonar for elevane si læring, seier ho.
Ho viser til at også andre undersøkingar har vist tilbakegang i resultata til norske elevar.
– Tala er alvorlege, nettopp fordi dei kjem i rekka av fleire andre undersøkinga. Norske barn les mindre og har dårlegare forståing for blant anna demokrati, seier ho.
Forskarane bak rapporten har ikkje èin forklarig på nedgangen, men peikar på pandemi og restriksjonar som ein mogleg årsak.
Nordtun sjølv peikar på blant anna på skjermbruk.
– Mange elevar har blitt mindre motiverte for skule. Digitalisering har endra lesevanane våre og skjermbruken har nok gjort noko med både konsentrasjonsevne og merksemd, seier ho.
Dette er nokre av hovudfunna i Pisa-undersøkinga for Noreg:
- Dårlegare prestasjonar i lesing, matematikk og naturfag
- Betydeleg fleire elevar som presterer på lågaste meistringsnivå
- Større forskjellar mellom elevgrupper
- Dei fleste elevane føler tilhøyring skulen og har god arbeidsro
– Mange sit berre på mobilen
På Rothaugen skole i Bergen har 10. klassingane Aron Håheim og Aksel Florvaag Ringdal akkurat fått resultatet for Pisa-undersøkinga presentert.
Dei deler kunnskapsministeren si bekymring. Ringdal trur også at skjermbruk kan vera del av årsaka.
– Det er mange som berre sit og ser på mobilen eller spelar dataspel i timane, seier han.
Håheim meiner digitale hjelpemiddel er viktig å ha i undervisninga og trur pandemien kan vera ein viktigare årsak til nedgangen.
– Me er jo covid-kull. Me var heime i tre månadar. Då fekk me ikkje hjelp til noko som helst, det har nok ført til at mange heng bak på både matte og lesing, seier han.
Ligg omtrent på gjennomsnittet
Sjølv om norske 15-åringar gjer det dårlegare i matte, ligg dei rundt gjennomsnittet til OECD.
OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development) har 38 medlemsland, blant anna USA, Korea og Danmark.
Likevel scorar Noreg litt dårlegare enn gjennomsnittet i naturfag.
Kvart tredje år blir 15-åringar i ei rekke land testa i matte, lesing og naturfag.
Resultatet blir brukt til å samanlikna dei ulike landa og for å vurdera utdanninga i kvart land.
81 land har delteke i Pisa-undersøkinga for 2022.
Undersøkinga skulle i utgangspunktet gjennomførast i 2021, men på grunn av korona vart ho utsett eit år.
Større avstand mellom god og dårleg
Pisa-undersøkinga viser også at avstanden mellom dei som er gode og mindre gode i lesing og naturfag har vakse.
Det betyr at det er fleire norske 15-åringane som er svært gode til å lesa, men også fleire som les dårleg.
I matematikk har elevane meir lik kompetanse.
I tillegg viser undersøkinga at norske jenter er langt betre å lese enn gutar. Det gjeld nesten alle landa som har delteke i undersøkinga.
Når det gjeld matematikk er norske elevar meir likestilte. Det skil seg frå heile 40 andre land, der gutane var langt betre i matte enn jentene.
Omdiskutert undersøking
Pisa-undersøkinga har vore diskutert i fleire år, blant anna mellom politikarar og pedagogar.
I 2019 gjekk Senterpartiet ut og sa dei ville avvikla heile undersøkinga.
SV har også sagt at Pisa seier lite om kvaliteten i norsk skule.
Arbeidarpartiet har sagt at dei vil behalda undersøkinga.
Ein del av kritikken mot undersøkinga har gått ut på at ho ikkje skil mellom kommune eller fylke, og derfor gir lite konstruktiv informasjon som kan brukast til å betra skulegangen.
I tillegg meiner nokre pedagogar at undersøkinga er for prestasjonsfokusert og fører til at den norske skulen også blir det.