Noreg står i fare for å mangla 22.700 grunnskulelærarar i 2035, ifølgje dei nyaste prognosane frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Trass i fleire forsøk på å gje lærarutdanninga eit lyft, er det framleis få som let seg lokka av å bli grunnskulelærarar når dei vel høgare utdanning.
I år hadde 4777 søkjarar grunnskulelærarutdanning som sitt førsteval, 60 færre enn i fjor, syner tal frå Samordna opptak. På lista over dei mest populære studia må ein heilt ned på ein 54. plass for å finna det første lærarstudiet (sjå heile lista i botn av artikkelen).
Der ligg grunnskulelærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som i tillegg har rasa ned 15 plassar frå i fjor. Poenggrensa her, det du minst må ha i karaktersnitt, gjekk ned med 0,7 poeng frå 37,0 til 36,3.
Her finn du den fullstendige lista over poenggrenser ved ulike studium og lærestader rundt om i landet.
(Sjå lista over dei 15 mest populære studia nedst i artikkelen)
– Appellerer ikkje til ungdomen
– Dette føyer seg inn i eit bilete der lærarutdanninga og læraryrket ikkje greier å trekkja til seg nokunge menneske for å dekkja behovet i framtida. Det er alvorleg, seier 2. nestleiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal til NRK.
Han påpeikar at trenden er svakt positiv dersom ein ser på dei totale søkjartala – også dei som har søkt lærarutdanning som eit lågare prioritert ønske.
– Men utviklinga er ikkje på langt nær nok. Det bør uroa arbeidsgjevarar og norske styresmakter, men først og fremst norske foreldre. Med mindre ein greier å snu trenden betyr dette at ungane våre i framtida ikkje vil møta kvalifiserte lærarar – den viktigaste faktoren for at elevane skal læra mest mogleg, meiner Handal.
Håkon Kavli i Kunnskapsdepartementet ser med uro på dei siste søkjartala.
– Me er uroa over at det ikkje er nok søkjarar til å fylla dei planlagde studieplassane til grunnskulelærarutdanninga. Samstundes gler me oss over at lektorutdanninga stadig er populær, seier Kavli
– Kan ikkje veksa inn i himmelen
Kavli er prosjektleiar for samarbeidsprosjektet Gnist, som blei starta opp av styresmaktene i 2009 som følgje av SSB sine spådommar om massiv framtidig lærarmangel.
Prosjektet har sidan den gongen gjennomført ein rekrutteringskampanje retta mot unge med TV-reklame, stands på utdanningsmesser, filmsnuttar på nettet og drifta kampanjenettsida hardudetideg.no
Kavli avviser at prosjektet har vore forgjeves.
– Nei, ingenting kan veksa inn i himmelen. Går ein tilbake i tid ser ein at søkjartala til lærarutdanninga generelt har auka med rundt 60 prosent sidan botnåret i 2008. Dette har flata ut dei siste åra, men det treng ikkje nødvendigvis bety at det er færre kvalifiserte søkjarar, legg Kavli til.
Ifølgje Utdanningsforbundet er høgare løn heilt essensielt for å klara å trekkja til seg fleire unge.
– Undersøkingar viser at løn er ganske høgt oppe og høgare enn tidlegare dersom ein spør 16-åringar om kva som er viktig for deira yrkesval. Lærarane har hatt nesten ti prosent dårlegare lønsutvikling enn andre kommunalt tilsette dei siste ti åra – det appellerer ikkje til ungdomen, seier han.
11 prosent fleire vil bli sjukepleiarar
Heller ikkje sjukepleiarar har me nok av for å møta det framtidige behovet som følgje av eldrebølgja.
Ifølgje SSB sine prognosar kan Noreg mangla heile 45.000 sjukepleiarar i 2035.
Men i motsetning til dei dårlege søkjartala til lærarutdanninga, har sjukepleiarutdanninga medvind.
Over 1100 fleire søkjarar har dette som førsteval i år, samanlikna med fjoråret.
Det er ein auke på 11 prosent, og to sjukepleiarutdanningar er med i topp 15 lista over mest populære utdanningar.
– Dette er ei svært gledeleg og positiv utvikling, seier 2. nestleiar i Norsk Sjukepleiarforbund Karen K. Bjøro.
Trur studentane vel strategisk
At sjukepleiarutdanninga har blitt meir populær, medfører også at poengrensa har gått opp. Aller høgast er den ved Universitetet i Tromsø: 53,3 for førstegangsvitnemålskvota.
– Det er eineståande. Desse tala seier noko om at sjukepleiaryrket er i siget og at studentane vel strategisk – ei utdanning som vil kunne gje dei jobb når dei er ferdigutdanna, seier Bjøro til NRK.
Fleire søkjarar er ikkje nok for å møta det store og veksande behovet for pleiande hender. Kliniske studium utgjer halvparten av utdanningsløpet for sjukepleiarstudentane. Større kapasitet i form av fleire studieplassar og praksisplassar er dermed avgjerande, ifølgje Sjukepleiarforbundet.
– Den store mangelen på praksisplassar er ei utfordring. Skal ein ha fleire sjukepleiarar, må ein ha fleire studieplassar og per i dag har ein ikkje mange og gode nok praksisplassar til å kunne auka kapasiteten, påpeikar Bjøro.
Jus og økonomi i stødig tet
I år som i fjor er det rettsvitskap og økonomi som toppar søkjarlista for høgare utdanning i 2014. Tre økonomistudium er inne på topp ti lista over mest populære studium.
Oppimot 3700 førstevals-søkjarar kjempar om rundt 950 plassar på økonomistudium ved Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Sør-Trøndelag og ved Høgskolen i Oslo og Akershus.
Økonomi er og blir eit populært studieval, sjølv om det ser mørkt ut på arbeidsmarknaden i åra fram mot 2030. Overflod av økonomar og juristar vil føra til hard kamp om beinet for desse yrkesgruppene, ifølgje SSB.
– I løpet av dei siste 10–20 åra har talet på økonomistudentar auka kraftig. Det er no langt fleire som kjem ut frå utdanningssystemet på jakt etter relevant jobb enn dei som går av med pensjon, fortel SSB-forskar Nils Martin Stølen til NRK.
Jus er populært, særleg i dei to største byane i landet.
Til saman søkte 3567 personar på dryge 600 studieplassar innan rettsvitskap ved Universitetet i Oslo eller Universitetet i Bergen med dette som sitt førsteval.
Poenggrensa med førstegongsvitnemål er i år på høvevis 52,6 og 51,0 – omtrent likt som i fjor.
.