Hopp til innhold

Ny måling: SV dobbelt så store som Sp

SV har ikkje gjort det så godt på meiningsmålingar på tjue år. Likevel slit den raudgrøne blokka.

Partilederdebatt

RAUDGRØNE: Medan Kirsti Bergstø får støtte frå 11,4 prosent av dei spurde, slit Vedum og Støre.

Foto: Carina Johansen / NTB

Utviklingsminister og nestleiar i Senterpartiet, Anne Beathe Tvinnereim, meiner at tala ikkje er gode nok.

– Eg skjønner at mange folk i Noreg er bekymra fordi det er dårlegare økonomiske tider, seier Tvinnereim på tenestereise hos Verdas økonomiske forum i Davos.

Kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023. Valgvake for Senterpartiet

SLIT: Sp-nestleiar Anne Beathe Tvinnereim.

Foto: Lise Åserud / NTB

Medan SV får støtte frå 11,4 prosent av dei spurde, fell Sp noko tilbake, til 5,7 prosent. Endringane i målinga Norstat har gjort for NRK, er innanfor feilmarginen.

– Er regjeringa ut av takt med folk flest?

– Nei, det håper eg ikkje. Vi jobbar hardt for å vise folk at vi har løysingar for å hjelpe folk slik som billigare barnehage, betre beredskap, betre fødetilbod og ting som gjer kvardagen tryggare for folk.

– Men så trur eg det at vi sit med roret i veldig krevjande tider, det er krevjande økonomisk og mange føler nok seg utrygge. Det trur eg også smittar over på målingane, seier Sp-nestleiaren.

Nasjonalt partibarometer januar 2024

Kva parti ville du stemt på om det var stortingsval no? Samanlikna med målinga for desember.

PartiOppslutningEndring
26,8%
+0,5
19,4%
+0,8
12,1%
−1,5
11,4%
0
6,0%
+2,0
5,7%
−0,4
4,9%
+0,1
3,7%
−1,0
3,3%
−0,8
3,3%
−0,6
3,3%
+0,7
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 989 intervjuer gjort i perioden 10.1.24–13.1.24. Feilmarginer fra 1,1–3,2 pp. Kilde: Norstat

Dei raudgrøne slit

For Arbeidarpartiet held fram problema. Partiet får støtte frå 19,4 prosent, ein framgang på 0,8 prosentpoeng og godt innanfor feilmarginen.

– Vi tek med oss framgangen og held fram arbeidet med å gi folk ein betre kvardag gjennom trygg økonomisk styring, arbeid og moglegheiter til alle, og eit løft for velferdsordningane som kjem kvar og ein av oss til gode, seier Ap-nestleiar Tonje Brenna.

Samtidig gjer regjeringspartia det dårleg målt mot føre val. I ei slik måling ville Ap og Sp berre hatt 51 sete på Stortinget mot 76 sete som dei har i dag.

Enighete i budsjettforhandlinger

BUDSJETTKAMERATAR: Ap-nestleiar Tonje Brenna, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Kirsti Bergstø.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Budsjettpartnar for regjeringa SV derimot, ligg veldig høgt på målingane.

Dei ligg stabilt på 11,4 for andre månad på rad. Slike nivå på målingane har ikkje partiet hatt sidan tidleg 2000-tal.

– Eg tenker det viser to ting. Det eine er at det kjem til å bli eit tett løp om det skal bli eit fleirtal for sterkare fellesskap eller større økonomiske forskjellar mellom folk. Altså om det er eit raudgrønt fleirtal eller om det er iskaldt og blått, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

Ho trur også at folk ønsker at regjeringa tar meir styring over spørsmål om kraft, helseføretaka, økonomi og sentralisering.

Representantar på Stortinget

Representantar på Stortinget ifølgje januarmålinga. Samanlikna med dagens storting.

PartiAntall mandater Endring
Høyre49+13
Arbeiderpartiet39−9
Fremskrittspartiet22+1
Sosialistisk Venstreparti21+8
Senterpartiet12−16
Venstre11+3
Rødt9+1
Kristelig Folkeparti30
Miljøpartiet De Grønne2−1
Industri- og næringspartiet1+1
Andre0−1
989 intervjuer gjort i perioden 10.1.24–13.1.24. Feilmarginer fra 1,1–3,2 pp. Kilde: Norstat

Borgarleg fleirtal

Hadde det vore stortingsval i dag, ville Noreg truleg fått ei borgarleg regjering.

I NRK si januarmåling har Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre til saman 85 mandat i Stortinget. Det gir akkurat fleirtal i Stortinget.

Partiet får støtte frå 6 prosent av veljarane, ein framgang på 2,0 prosentpoeng sidan desember. Også det er innanfor feilmarginen.

Høgre er framleis det klart største partiet i landet og får støtte frå 26,8 prosent av veljarane.

Borgerlig samling.

FLEIRTAL: Frp-leiar Sylvi Listhaug (frå venstre), Venstre-leiar Guri Melby, Høgre-leiar Erna Solberg og KrF-nestleiar Dag Inge Ulstein får til saman 85 mandat på NRK si måling.

Foto: WILLIAM JOBLING / WILLIAM JOBLING / NRK

– Dette er ei god måling for oss så eg tek det som ei stadfesting på at vi er på riktig spor og at det er mange veljarar som ønsker seg vår tydelegheit, seier partileiar for Venstre Guri Melby.

Industri- og næringspartiet (INP) gjorde det skarpt i valet i fjor haust, men slit med interne spenningar. På landsstyremøtet fredag skal partiet drøfta tilliten til partileiar Owe Ingemann Waltherzøe.

På NRKs januarmåling får partiet støtta frå 3,3 prosent av veljarane og eitt mandat på Stortinget.

AKTUELT NÅ